NRK Meny
Normal

"Sex, død og ekteskap"

Seks år og fem bøker etter debuten er Jon Øystein Flink framleis i kategorien ”lovande forfatter”. Vår anmelder er usikker på kva forfattaren eigentlig vil med denne boka.

Forfatter Jon Øystein Flink

Forfatter Jon Øystein Flink.

Foto: Nils Øyvind Flink

Sex, død og ekteskap

Boka 'Sex, død og ekteskap' er utgitt på Cappelen Damm forlag.

Foto: Cappelen Damm

På den eine sida har du den unge forfattaren som har planar om å gifte seg med sin vakre og velståande forlovede og bli ein stabil familiefar med solide inntekter og stasjonsvogn. På den andre sida har du ein suicidal og rusa type som ligg med 13-åringar, går til prostituerte og prostituerer seg sjølv på impuls.

Når desse to sidene finst i ein og same person, er det sjølvsagt berre eit tidsspørsmål før du får eit clash mellom sivilisasjonar, noko som må føre til undergang for minst ein av dei og kanskje til endeleg undergang for hovudpersonen.

Planlaus historie

Det er også der, i undergangsstemninga, romanen opnar: den namnlause forfattaren prøver å ta livet av seg ved å henge seg på do. Det er, som vi forstår, mislukka. Deretter vinglar historia tilsynelatande planlaust av garde. Det er ein metode som for så vidt står i stil med den impulsstyrte hovudpersonen, som stadig lurer på kvifor han gjer det han gjer og det lurer lesaren også på, for ikkje alt er like velmotivert, for å seie det slik.

Etterkvart dukkar ein annan tanke opp: Veit forfattaren kva han gjer? Det kan ein ikkje vite noko om, men for denne lesaren er det i skrivande stund og altså etter endt lesing, nokså gåtefullt kva eg har vore med på.
Eitt alternativ er at dette er ein parodi på romanar om suicidale unge menn som for eksempel er forfattarar.

Vanskeleg å tru på

Ein støtte for paroditesen er at hovudpersonen nemner eit nært føreståande bursdagsselskap og dagbladets litteraturdebattar som vesentlege sjølvmordsgrunnar. Med all respekt for ubehaget ved debatt- og selskapskulturen er dette vanskeleg å tru på.

Eit anna alternativ er at dette er ein kritikk av eit samfunn som er så stupid at også kritikaren og kritikken må vere stupid for at det skal fungere. Analysar av typen: ”…den store sannheten bak det hele er at det er Norge som er jævlig, og da først og fremst representert ved Det norske folk” (slike analysar) plasserer ikkje akkurat vår mann i front når det gjeld tekning. Det oppstylta språket med hang til feilbruk av framandord, støttar også denne teorien.

Leik med konvensjonar

Mitt tredje og siste gjett er at Flink rett og slett berre leikar seg med litterære konvensjonar og lesarforventningar. Det er i så fall ikkje første gong. Frå debutromanen av har forfattaren vist at han har stort gehør for ulike litterære stilarter og uvanlege evner når det gjeld å skildre det pinefulle eller tragiske på lattervekkande måtar. Og vi ler og vi ventar på at den lovande forfattaren skal skrive noko som aktiverer meir enn lattermusklane -og det vage spørsmålet om kva som var meininga med det heile.