Hopp til innhold

Fargerikt om barndommens rike

Fargerikt under ein skiten himmel.

Tore Stubberud

Råtten Sol

Tore Stubberud: 'Råtten sol', Aschehoug 2008

Foto: Aschehoug

Når Tore Stubberud vender tilbake til barndommens rike ved Sarpsborg og let Tore ca 10 år kome til orde, ja då skal ingen vere i tvil om kven som er skurken i historia. Kven er det som stinkar, ureinar, bråkar, slit ut dei vaksne før tida, tek frå dei nattesøvnen og livsgleda? Jo, det er Borregaard, det. Men under dette allmektige og invaderande vesenet lever små gutar og andre fridomselskarar eit ganske godt liv, trass alt.


Tore, 10 år får rettnok hjelp av den vaksne utgåva av seg sjølv til å forklare korleis det heile heng i hop. Dette er dermed ikkje den typen barndomsskildring som legg innsikta på nivå med barnet. Det er heller ikkje ei skildring som legg vekt på indre utvikling eller forholdet til foreldre og søsken. Vi veit knapt nok om Tore har slike.

Historia følgjer eit ”vi” som truleg er ein gjeng med barn. Dette ”vi”-et streifar rundt i eit landskap der det finst eindel prosjekt med appell til barnegruppa, slikt som å spionere på kjærastepar, eksperimentere med dyr som dukkar opp, og ikkje minst, snakke med dei folka som ikkje er på fabrikken, dei dreiar seg stort sett om pensjonistar, alkoholikarar, originalar og ei og anna tante.

Desse som ikkje er tvinga inn under Borregaards tunge åk for å tene pengar til livsopphald, dei har gjerne eitpar griser og ein høneflokk, kanskje dei fiskar gjedde, dei tenkjer store, luftige tankar, dyrkar jorda eller pønskar ut store oppfinningar. Dei realiserer kort sagt Marx sin utopi om livet i det klasselause samfunnet.


”Et svart tak over alles liv”


Men klassesamfunnet finst i høgste grad, og arbeidarklassen har å innfinne seg på fabrikken når tida krev det, sjølv om ingen så vidt vi får vite nokonsinne har hatt ein glad dag i fabrikklokala. Livet er utanfor fabrikkmurane. At fabrikklivet er eit slit, er ikkje Stubberud den første til å påpeike, men at det så gjennomført er knytt til ulyst, plage og ikkje minst avmakt, er mindre vanleg.

Fabrikken vert eit altoppslukande, ansiktslaust, vondt vesen, der skildringane nærmar seg austeuropeiske skildringar av partiets eller Stalins eller kommunismens totale kontroll, som til dømes i den sovejtiske forfattaren Jevgenij Schwartz’s drama ”Dragen”. Både ”Råtten sol” og mange av austeuropearane skildrar eit nærmast føydalt samfunn av det tungt utbyttande slaget. Forskjellen er at Schwartz og hans samtidige brukte metaforar -av forståelege grunnar- medan Stubberud kallar uvesenet ved sitt rette namn.


”Solidariteten kan du døtte inn i ræva!”


Kva så, kan ein lesar spørje seg, kva så med fagforeininga og arbeidarpartiet, insitusjonar som var vel etablerte både i Sarprsborg og i resten av riket på denne tida som er sånn rundt midten på 50-talet? Kunne ikkje arbeidarane organisere seg og få i alle fall nokon forbetringar i situasjonen, eller i alle fall gje folk ei kjensle av fellesskap, solidatitet og stolt trass over at det er dei som produserer verdiane i etterkrigsnorge? Også her er ”Råtten sol” tydeleg i analysen: Desse er på parti med overmakta og er med på å dytte vanlege folk lenger ned i avmakta. Og ”Solidariteten kan du døtte inn i ræva! som det så fyndig blir formulert.

”Lyckliga gatan”


Men meir enn å vere ein kritikk av fagforeiningspampar eller organiseringa av industriproduksjon er denne romanen rett og slett ein kritikk av sjølve industrisamfunnet. Det ligg ikkje lite nostalgi her; når den store og den vesle Tore sørgjer over fine barndomsarenaer som er borte blir det reine ”lyckliga gatan”. Heltane er desse agraranarkistane i randsona av industrisamfunnet, som søv når dei vil, drikk når dei vil og let humla suse og høna legge egga sine i fred.

Denne utopien er kopla saman med ei nesten deterministisk skildring av den forbanninga arbeidet er for arbeidaren: Ingen kan sleppe unna dragen. Det kan berre barn, gamlingar og arbeidsudyktige. Ja, og så damene. Alle andre må på fabrikken. Dei som snik seg unna og dreg til byen eller hoppar i fossen, dei blir sett på som svikarar. Her handlar det ikkje om kortare arbeidstid eller lengre matpause. Her handlar det om at industrien forringar livet, kanskje til og med om at det tvangsmessige og displinerande ved yrkeslivet i seg sjølv er eit vonde.


Avmakt og livsglede


Det store ”vi” som spring rundt i kortbukser i 1957, veit at når dei berre vert store nok vil fabrikkporten opne seg som ein dragekjeft, sluke dei og suge livsgleda ut av kroppen. Mot denne dystre bakgrunnen er det slåande kor mykje glede det finst i dette barnelivet, som er skildra med stor innleving og små detaljar med lukt og smak, eller stank, når fabrikken er på sitt ivrigaste.

Dei mange små portretta av originalar er kostelege, også for lesarar som aldri har kjent originalversjonane av originalane, om dei finst. Stubberud skriv godt, til tider elegant, og held den etterkvart forbløffa lesaren på plass heile vegen.


”Råtten sol” plasserer seg så langt borte frå den tradisjonelle arbeidarlitteraturen som det er råd å kome, og blir ståande for seg sjølv som ei interessant motvekt.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober