NRK Meny
Normal

Ein tyngande arv

Den sørafrikanske forfattaren André Brink svingar den moralske pisken over brutale forfedrar i romanen «Philida».

André Brink

André Brink.

Foto: JEROME DELAY / AP

André Brink er den tredje av dei store, kvite, sørafrikanske forfattarane. Dei to andre er nobelprisvinnarane Nadine Gordimer og J.M. Coetzee. Mens dei to andre skriv på engelsk, skriv Brink, som er av boerslekt, på både afrikaans og engelsk, og han var forfattaren bak den første afrikaans-språklege boka som blei sensurert. Det skjedde tidleg på 70-talet. Brink, som er fødd i 1935, er framleis ein aktiv forfattar, og den nyaste boka hans «Philida» er no ute på norsk.

Mens kollegaen J.M. Coetzee har prøvd å unngå merkelappen sørafrikansk forfattar og- i alle fall delvis- styrt unna dei opplagte sørafrikanske problemstillingane i bøkene sine, er Brink forfattaren som går rett på sak. Han skriv om opphavet til apartheid og konsekvesane av apartheid. Han analyserer den grumsete legeringa dette systemet er skapt av og finn sex, makt, religion, eigedom til jord, og, sjølvsagt, rasisme.

Realitetar og litteratur

Det hender Brink blir skulda for å smøre for tjukt på, at det vert så mykje at det nesten vert parodisk. Til det svarer han sjølv ganske enkelt at realitetane er verre. Det kan han kanskje ha rett i, men kjensla av altfor mykje kan vere eit estetisk problem i teksten. Etter mi meining er Brink ein storslått forfattar på sitt beste, men eg ser at denne kritikken kan ramme nokon av bøkene hans.

I romanen «Philida» går han tilbake til ein fjern slektning, Cornelis Brink som dreiv ein vingard med slavar rett før slaveriet blei forbode av engelskmennene på 1830-talet. Cornelis er ein kåt, impotent, brutal og sjølvmedlidande representant for boersamfunnet. Han tuktar sine folk med stor vellyst, pisken i eine handa og bibelen i andre.

Svart kvitt

Sonen Frans er kåt, men ikkje impotent og frå han så vidt er ute av puberteten avlar han barn med slavejenta Philida, fire fødslar blir det før han blir pressa til å fornekte forholdet og gifte seg med ei kvit kvinne.

Rammeverket i historia om Cornelis, Frans og Philida finst nedteikna. Så har Brink laga historia med hjelp frå allmenne kunnskapar om liv og samfunn på tidleg 1800-tal og frå eigen fantasi. Og det er kanskje det med fantasien som er det svakaste her, for mens Cornelis og kona er rein vondskap og sonen ein feig svikar, er Philida vakker, modig og klok, ho driv samfunnsanalyse og religionskritikk på høgt nivå, ho tuktar makthavarar og kjempar for eit liv som fri kvinne.

Eit mindre idealisert portrett ville gjort historia sterkare. Det blir litt svart kvitt. Men skildringa av liv og samfunn er gjort med stor innsikt, det er sanseleg og vakkert, og hsitoria har driv. Så om det ikkje er Brink på sitt beste er det likevel ein høgst lesverdig roman.