Hopp til innhold

Oppløsning

C. J. Sansom er både historikar og jurist, noko som må ha vore ein fordel når han no har skrive ikkje mindre enn fire krimromanar frå 1500-talet. Etter å ha lese den første, gler eg meg til å møte igjen helten Matthew Shardlake i neste roman.

Forfatteren C.J. Sansom.

C. J Sansom er utdannet ved universitetet i Birmingham, der han tok doktorgraden i historie. Han er også utdannet jurist, og praktisterte som advokat i Sussex i flere år før han ble forfatter på heltid.

Foto: Press forlag

Shardlake minner meg om ein annan britisk krimhelt: Shardlake - Sherlock,- ein ting er at namnet liknar, men også typen: Sherlock Holmes var detektiven som med skarpe observasjonar og logisk evne rekonstruerte det kriminelle handlingsforløpet for til slutt å avsløre skurken. Hjelparen Watson var akkurat passe tungnæm, slik at Sherlock måtte fortelje han korleis ting hang saman, og dermed fekk også lesaren del i meisterhjernenes resonnement. Advokat Shardlake har sin Mark til same formål.

C. J. Sansom: Oppløsning. Omsett til norsk av Knut Johansen. Forlaget Press 2008

Foto: Press forlag

Blodig historie

Året er 1537, Henrik 8. sit på den britiske trona og er midt i den store kyrkjereformen som kort fortalt går ut på å leggje kyrkjegodset under kongen. Dette skjer mellom anna gjennom å lausrive den engelske kyrkja frå paven og å avskaffe klostervesenet.

I arbeidet for å røske privilegia frå klosteret på Scarnsea går det blodig for seg, og kongens mann blir funnen med ”en glipe mellom hodet og skuldrene”, som det så skånsamt er formulert i teksten. Mordaren må bu i klosteret, for dette har skjedd bak lukka dører. Shardlake tek saka, som viser seg å vere temmeleg innfløkt. Det er mange kuttekledde som er villige til å gå langt for å forsvare sine privilegia.

Oppklaringa fører oss høgt og lågt i det engelske samfunnet, og ikkje minst: inn i tankelivet og verdiuniverset til dei ulike gruppene. For ein prior er det uråd å tenkje seg eit England utan kloster, sjølv om har ser at munkane kortar inn på messene og heller vil spele kort mens tenarane oppvartar med fransk smuglarlikør. For Shardlakes overordna, Thomas Cromwell, er alle verkemiddel gode dersom dei tener saka. Han kan sin Macchiavelli. Mens Shardlake sjølv er ein ærleg mann som rett og slett er ute etter å finne sanninga. Då Jerome, ein av dei få som verkeleg tek munkeløftet alvorleg, fortel at den mektige Cromwell torturerer folk til å tilstå handlingar dei er uskuldige i, ja, då trur Shardlake at han bløffar. Men kan han no vite det for sikkert?

”…mens jeg satt der, kom Jeromes ord tilbake til meg, og ansiktet hans, og sakførerinstinktet mitt fortalte meg at han ikke hadde løyet. Men hvis alt han sa var sant, da ble reformen bygd på en grunnvoll av løgner og uhyggelig brutalitet. Og jeg var en del av det hele. Jeg ble fylt med redsel der jeg lå.” (s. 234)

God og spennande

Shardlake er ingen superhelt. Han er ein melankolsk og einsam mann som misliker synet av blod og død. Han blir ofte redd, sjølv om han i eit par svært akutte situasjonar viser seg snarrådig på eit nivå som tangerer James Bond. Det siste er ganske så imponerande, ettersom Shardlake er pukkelrygga.

C.J. Sansom har skrive krim for dei som ikkje er spesielt glade i krim, men som gjerne les gode og spennande historier, og som ser det som eit reint pluss at historiene er plassert i miljø der forfattaren har gjort seg godt kjent før han gjekk i gang med skrivinga. Det skal bli ei glede å møte igjen den svært så menneskelege Shardlake i neste roman, der han kanskje må greie seg utan Mark. Eg seier ”kanskje” for her må det ikkje røpast for mykje. Det er trass alt ein krim, dette her.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP