Hopp til innhold

Moralsk lærestykke

Han er mannen bak dei to internasjonale suksessane «Drageløperen» og «Tusen strålende soler». Khaled Hosseinis nye roman «Og fjellene ga gjenlyd» er prega av at forfattaren vil for mykje på ein gong. Aller helst vil han lære oss noko.

Khaled Hosseini

Forfattar Khaled Hosseini.

Foto: Charles Sykes / Ap

Opptakten er like grusom som den er fengslande: Kva skal ein fattig afghansk familiefar med for mange munnar å mette gjere når ei rik kvinne lovar han ein god pris for dottera hans? At mora til jenta er død og at den nye kona hans gjer tydeleg forskjell på sine eigne barn og stebarna, er kanskje tunga på vektskåla. Den vesle jenta Pari får eit liv i rikdom, og ho gløymer landsbyen og storebroren som ho elska over alt på jord, men blir ho lykkeleg?

Å selje ei dotter

Som alle underhaldningsforfattarar med suksess grip Hosseini til store menneskelege dilemma når han skal lage ei historie. Denne gongen har han også valt eit stort format: familien spreier seg i løpet av ein femtiårsperiode over tre kontinent, dei gifter seg, får vener og fiendar og forfattaren er raus med å la alle sleppe til med sine historier. Dermed blir den raude tråden gjennom romanen utydeleg. Stadig dukkar det opp bipersonar og episke sidesprang som ikkje alltid greier å fange interessa. Ikkje berre fordi dei tek oss vekk frå hovudhistoria, men vel så mykje fordi dei er skildra i så generelle vendingar at dei blir diffuse og i verste fall irrelevante. Var språket så flatt og personskildringa så svak i dei to tidlegare bøkene til Hosseini?

Raud tråd i romanen

Etterkvart går det opp for meg at det er sjølve moralen i alle desse historiene som er den raude tråden i romanen. Personane må velje om dei skal følgje sine eigne lyster eller ta ansvar for andre i familien, eller i samfunnet. Dei får vise fram ulike måtar å takle urett på, både i aust og vest, i Afghanistan og i USA. Romanen slår eit slag så vel mot religiøs fundamentalisme som mot vestleg verdiforflating. Den kloke forteljaren legg gjerne til eigne refleksjonar om kva som verkeleg gjeld: Du skal ikkje forakte dei fattige, du skal heller ikkje stele frå dei. Du kan ikkje kjøpte deg lykke. Du skal ikkje undertrykkje kvinner og homofile, du skal ikkje lyge. Fine ting, men romanen hadde stått seg på å gje personane liv, og så kunne vi som les heller få i oppgåve å vurdere den moralske gehalten i livsvala under lesinga.

Eit anna Kabul

Best er romanen der den skildrar livet på landsbygda og i den strålande byen Kabul på på 50-60-talet. For lesarar som assosierer denne byen med taliban, terror, korrupsjon og bomber, gjev desse glimta frå ei anna tid lyst til å få vite meir, anten forfattaren er tru mot fakta eller har brukt fridommen einkvar fiksjonsforfattar har til å fargeleggje og setje på spissen.

Men kva så med den store historia om familien som blir delt? Jo, det blir knytt nokon trådar der også etter kvart, og det er til tider spennande å følgje med på korleis familiegåtene kjem opp i dagen før siste punktum er sett.

Likevel. Og fjellene ga gjenlyd er for mykje av eit moralsk lærestykke til at han verkeleg fengar.