Hopp til innhold

Røff Ragde

Med "Nattønsket" skriv Ragde seg langt vekk frå Berlinerpoplene og inn i det svært aktive seksuallivet til Ingunn.

Anne Birkefeldt Ragde

Anner B. Ragde.

Foto: NRK

Gløym Neshov, gløym røter og familiefeidar og griserøkt. Denne gongen går Ragde tilbake til ein tematikk ho var innom i fleire romanar på 90-talet, nemleg det kvinnelege begjæret og kva konsekvensar det har å la attråen styre liv og handling.

I Nattønsket er det Ingunn (38), musikkjournalist i Adresseavisa, kontrollfrik og uhyre profesjonell både når det gjeld jobben og privatlivet. Ingunn sjekkar, puler og dumpar menn i eit imponerande tempo, etter to prinsipp: Ikkje bland kjensler inn i det, og: gå før den andre går. Det blir ein del røffe brot ut av dette, men dei let seg kurere med brennevin, varme bad og one-night-stands.

Bråkjekk hovudperson

Ingunn er bråkjekk i stilen og ser med stor medkjensle på dei hjelpelause erotiske strategiane til medsøstrene på Adressa: Den naive Tonje som trur at mennene elskar henne når dei seier at dei gjer det, og dei resignerte førtiåringane som finn seg i å bli behandla som eit møbel fordi dei ikkje vågar å bryte ut av dei faste, søvnige parforholda sine.

Nokså snart i romanen blir det klart at noko må skje med Ingunn, spørsmålet blir når og korleis. Det står ikkje til truande å ha bilen og nabobikkja som det einaste sosiale nettverket utanom dei flyktige sex-partnerane og meine at det er den beste måten å leve på; ho må gå på ein smell. Smellen kjem, ikkje uventa, i form av ein mann som interesserer seg for meir enn berre sex.

Han dukkar opp frå ingenting og insisterer på å bli kjent med henne, og Ingunn blir pressa til å velje om ho vil la han gå ut av rekkja av menn som let seg skifte ut og bli den einaste eine, og ikkje minst: Om ho sjølv er i stand til å vere den eine for ein mann.

Snevert og mykje spenning

Korleis det går står skrive på siste side, men ikkje kikk, for boka treng den spenninga som ligg i dette valet. Der Berlinerpoplene var ei historie som breidde seg i tid, som skilda fleire miljø og -ikkje minst- som gav personane ei fortid, der er Nattønsket ein svært spinkel roman. Ingunn har ingen familie, ingen barndom, ingen vener, og jobben engasjerer henne moderat.

Første del av romanen har lite handling utover raske erobringar og heftig sex, og trass i at Ragde er ganske god til å variere stillingane, blir det etterkvart noko monotont over serien av erobringar. Etter at den einaste eine er introdusert, endrar historia seg. Men heile romanen spelar seg ut innanfor same tematikken. Vi har eitt tema, ein hovudperson, , eitt forløp, ei vending.

Blir det for snevert? Eg meiner nei. Trass i begjæret etter ei vending som dukka opp eindel sider før vendinga faktisk kom og trass i at endringa blir lovleg brå -Ingunn blir blyg som ei jomfru i møtet med ein mann som tenkjer på noko anna enn sex, er det verkeleg første gong ho opplever det, eller snakkar vi om drastiske fortrengingar vi ikkje får vite om?- og trass i at slutten er nesten skandaløst lettvint,- trass i slike innvendingar er dette ein roman som er vel verdt å lese.

Interessant type

Ein ting er at Ragde er god i detaljen: det tomme kjøleskåpet, Ingunns forhold til bilen og mobilen, dei mange ulike reaksjonane frå mennene som blir vist på dør.

Meir interessant er Ingunn som type: Ei kvinne som frekt forsyner seg av eigenskapar som vanlegvis er tillagt menn: den store appetitten på sex som er frikopla kjensler: ”Man sparte utrolig mye pes ved å unngå føleleser” som Ingunn så kjekt formulerer det, evna til å setje eigne grenser og stå knallhardt på dei, manglande interesse for barn, aversjon mot forpliktande forhold, og så vidare.

Denne typen kvinner er det fleire kvinnelege forfattarar som utforskar for tida. Ikkje som helt eller anti-helt, men som karakter. Det vi ser er ei utviding av spekteret av kvinneroller i litteraturen, vi ser ei utforsking av driftsliv og anna liv som går langs nokon nye spor, og dette er det er spennande å vere vitne til.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)