Hopp til innhold

Glimtvis glimrande

Nils-Øivind Haagensen er først og fremst poet, med snart eit titals diktsamlingar bak seg og ein Nordisk Råd-nominasjon som kan resultere i pris i oktober. Kva skjer når han skriv roman?

Nils-Øivind Haagensen

Nils-Øivind Haagensen.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Sist dette skjedde var i 2001, då kom Det radioaktige; ein roman om drosjesjåføren Stickan Persson som stikk heimefrå. Kvar gong han kjem til ein ny plass, tek han seg eit nytt namn. Ein kan seie at Persson utforskar og utfordrar identiteten: Kven er Persson som person?

Personliga Persson og Nils Øivind

Eg nemner dette, fordi romanen Liten syslar med noko av det same. Her heiter hovudpersonen Nils Øivind, men teksten sender ut små hint om at han ikkje er identisk med forfattaren. Det er i grunnen greit å vite.

Romanpersonen er ein mann i 30-åra, singel, barnlaus og truleg utan jobb. Han har ein hang til grubling. Denne grublinga er av den assosiative sorten og vår mann hamnar gjerne svært langt vekk frå utgangspunktet, anten gjennom luftige klyv via eiga tankekraft eller via søkemotoren Google. Og det er der 2013-romanen tangerer 2001-romanen, i det tilfeldige.

Persson gir seg sjølv tilfeldige namn og prøver ut kva som då skjer. Nils Øivind (som lever med bindestrek i verda og utan i romanen) syslar også med det tilfeldige ved eksistensen, anten det no gjeld møblementet på soverommet, korleis ein skal finne ein partnar og vite at ein har funne den rette, eller kva som er årsaka til at broren er etablert med familie, hus og jobb, veslesøstera er død og han sjølv vaker rundt som han gjer.

Medlem av Peter Pan-klanen

Det tilfeldige er også til stades på ein indirekte måte, ettersom hovudpersonen ikkje berre tenkjer på kor tilfeldig alt er, han let seg også styre av tilfellet. Nils Øivind utan bindestrek har ikkje lyst til å gjere livsval og slik melde overgang til vaksenverda. I staden melder han seg mentalt inn i Peter Pan-klanen.

Han er altså ein av dei talrike romanmennene som driv rundt i kronisk uskuld og med ein naiv og spørjande innstilling til det kompliserte samfunnet.

Det spesifikke og det almenne

Desse romanmennene seier noko interessant om vårt samfunn, utan at dei nødvendigvis er så interessante kvar for seg. I tilfellet Liten er passasjane frå den tida då hovudpersonen reint faktisk var barn dei mest vellykka. Då veslesøstera døydde og både han og foreldra sørgde men på svært ulike måtar. Her finst det eit nærver og ein presisjon i skildringa som er av høg kvalitet, mens den vaksne i mindre grad har noko spesifiskt å by på.

Han grublar over veslesøstera, over døden og over det tilfeldige. Han tyr gjerne til lister når det blir vanskeleg og gjerne når det ikkje er så vanskeleg også. Og han har eit rørande forhold til niesa som er i femårsalderen. Det er greitt, men den meir eller mindre vaksne Nils Øivind står ikkje fram som noko heilt for seg sjølv. Vi har vore der før.

Glimtvis glimrande

Når også strukturen på romanen etter ei tid verkar tilfeldig og ustrukturert, er konklusjonen klar: Nils-Øivind med bindestrek er best i det vesle formatet. Han har skrive dikt og romanpassasjar som er glimrande, men eg har enno til gode å lese ein roman av han som held høgt nivå heile vegen.