NRK Meny
Normal

Kjærlighet for viderekomne

Marianne Fastvold let både menn og kvinner framstå som amatørar i romanen ”Kjærlighet for viderekomne”.

Forfatter Marianne Fastvold.
Foto: Holm,Morten / SCANPIX

I romanen ”Kjærlighet for viderekomne” deler hovudpersonen Anne Englemark generøst erfaringane sine frå 30 års liv med diverse menn. Eg har motvillig latt meg rive med.

Ja, for av og til dukkar det opp ei litt klaustrofobisk kjensle av at det er ”Sex og singelliv” på alle kanalar og samlivsstoff - inkludert dei evinnelege samlivsspaltene - i alle tidsskrift, vekeblad, aviser og fanziner. No er ikkje temaet like dominerande i litteraturen for tida, men tittelen ”Kjærlighet for viderekomne” fekk meg ikkje akkurat til å sitre av forventning.

Marianne Fastvold: Kjærlighet for Viderekomne

Marianne Fastvold: ”Kjærlighet for viderekomne” Gyldendal forlag 2008

Foto: Gyldendal forlag

Burlesk humor

Marianne Fastvold vel å ta det humoristisk. Det vil seie at ho skildrar høgst gjenkjennelege situasjonar, og så bles ho dei opp til dimensjonar som er større enn livet. Av og til hamnar dei heilt ut i det surrealistiske, som når den invaderande Johannes drøymer hennar draumar, når ”Innvika Daglegvarer” ved enden av sivilisasjonen viser seg å servere gourmetmiddagar, eller når det stadig er den same drosjesjåføren som dukkar opp same kvar ho her. Det er litt film over dette, litt Almodovar og Woody Allen. Grepet er velvalt.

Velvalt er også hovudpersonen Anne. Ho har den naiviteten som skal til for å hive seg utpå i blind tru på at ho har funne den einaste rette gong på gong, og ho har den klokskapen som skal til for å kome seg unna i tide. Etter kvart som Gaute og Lars Emil og Even og alle dei andre passerer gjennom livet hennar, går det an å skimte eit mønster.

Kjende mønster

”Vi ble likere, Even og jeg. Det foregikk på den måten at jeg ble mer lik Even. Han lå fast som grunnfjellet, mens jeg utviklet stadig nye Even-ferdigheter.(…) Vi så western-filmer med Charles Bronson og John Wayne. Vi så ned på de menneskene som maste om bagateller. Liv og død, gleden ved å overleve enda et stup, var det som talte. Vi hadde kameratslig og humørfylt elskov. Jeg begynte å røyke Teddy uten filter, spise biffen rå og tok en whisky istedenfor dessert. Vi lagde mat og vasket huset sammen og betalte hver for oss på restaurant.”

Det går bra lenge. Heilt til ein dag:

”Det begynner å bli et problem at du aldri får nok av fjell, ur og stein, sa jeg til Even. Du har en nese for problemer, sa han. Du roter rundt i problemene som grisen roter i søla.” (s 58-59)

Juristen Anne med kvinnerett som spesialitet går i alle samlivsfellers mor og tilpassar seg livet til den eine mannen etter den andre. Og ho veit om det. ”Han er trukket mot en topp, jeg er trukket mot ham” oppsummerer ho pedagogisk forholdet til Even. Og livet med Johannes, han som var for å dele absolutt alt, skildrar ho slik: ”Vi deler foreløpig mest på mitt hjem og hans samlivskrise”. Den krisa er formidabel og endar til slutt i hennar eige badekar.

Anne går i fella og er like blid. Ho avslører at mennene vil ha det på sin måte. Om ho vil ha det annleis, er ho vanskeleg. Men ho avslører også si eiga manglande evne til å ta vare på seg sjølv i forholda, som dermed går i knas etter tur. Vidare avslører ho vår tids tru på at kjærleiken kan dekke alle behov, men tek det likevel for gitt at akkurat dette skal skje.

Raus, oppbyggande advarsel

Sagt på ein annan måte: Annes veg til og frå kjærleiken er brulagt med ambivalens, paradoks og inkonsekvensar, og slik sett er ho ei typisk moderne kvinne i spennet mellom fornuft og kjensler, kanskje også mellom nøkternt forbruk av menn og rosa draumar om den eine. Dessverre kjem Anne aldri lenger enn dette. Og dessverre kan historia til tider bli overtydeleg og masete. Dette er trass alt ei bok for vidarekomne. Likevel har Annes kjærleikskabal raust med episodar til morskap, til oppbyggelse og til skrekk og advarsel.