Hopp til innhold

Verdas beste novelle

”Kappen” (1842) av Nikolaj Gogol har blitt kalla for verdas beste novelle, og slikt kan ein sjølvsagt diskutere. Men sikkert er det i alle fall at denne novella har ei særstilling i russisk litteratur.

Nikolaj Gogol

Portrett av Nikolaj Gogol av Aleksandr Ivanov.

Foto: Av Alexander Ivanov

”Vi er alle viklet ut av Gogols kappe” er eit sitat som er blitt tilskrive Dostojevskij. Det kan like gjerne vere Turgenjev som sa det, eller litteraturkritikaren Belinskij. Meininga er uansett at dei store russiske diktarane står i gjeld til denne merkelege forfattaren, som blei fødd for 200 år sidan, i 1809, og som døydde 43 år etter, av uklare årsaker.

- Eit geni

Petersburgnoveller

Novellesamlingen 'Petersburgnoveller' av Nikolaj Gogol er oversatt av Marit Bjerkeng.

Foto: Cappelen Damm

I tillegg til å vere forfattar, prøvde han seg som skodespelar, historieprofessor og vismann, utan særleg hell. Ifølgje Audun Johannes Mørch ved universitetet i Oslo, var han eit geni som ikkje forstod sin eigen genialitet. Og ifølgje Knut Andreas Grimstad ved same universitet, var han ein multihypokonder som i tillegg leid av diverse fobiar. Kanskje det var dette som tok livet av han? Vi veit ikkje. Det er mykje ved Gogol ein ikkje veit sikkert. Så er også ordet ”gåtefull” blitt heftande ved han. Allereie på gymnaset fekk han kallenamnet ”den gåtefulle dvergen”.

”Kappen” er ei av novellene i samlinga Petersburgnoveller, ei samling der ein også kan finne perler som ”En gal manns dagbok” - om mannen som trur han er peika ut til å vere konge i Spania, og som tolkar ei tvangsinnlegging som opphøging til kongestatus, og ”Nesen”, der hovudpersonen ein dag oppdagar at nasen hans er borte. Seinare møter han att det sakna organet vandrande rundt i gatene på eiga hand.

Men altså ”Kappen”. Her er det embetsmannen Akakij Akakijevitsj som får gjennomgå. Han er avskrivar i eit departement, vi får ikkje vite kva for eitt. Novella startar nemleg slik: ”I departementet for…nei, det er best å ikke si i hvilket departement. Det finnes ikke noe mer fintfølende enn departementer…” Denne underordna byråkraten oppdagar ein haust at kappa hans er så utsliten at ho ikkje lenger kan reparerast. Etter store forsakingar greier han å skrape samen pengar til ei ny kappe, men lykka blir kort: Den fine, nye kappa vert stolen frå han like etterpå.

Kallar på latteren

Trass i iherdig innsats for å få politiet til å interessere seg for saka, blir det inga etterforsking av tjuveriet. Ganske snart døyr den stakkars kappelause mannen, men han kjem att som eit gjenferd som riv kappene av folk, og spesielt av ein mann i byråkratiet som har hundsa han skikkeleg.

Trass i at han blir rekna som ein inspirator og for dei store russiske realistane, sprenger han altså sjølv stadig rammene for realismen og let handlinga gli over i det burleske eller overnaturlege. Og trass i at historiene hans ofte er tragiske, kallar dei på latteren. Gogol har sjølv kalla sin litterære metode for ”latter gjennom tårer”. ”Kappen” er eit glimrande døme på korleis han realiserer denne metoden i ein tekst.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober