Hopp til innhold
Anmeldelse

Kva må til for at det skal bli eit liv?

Jesu barndom er ein rik roman som kan tolkast i mange retningar. Men å leite etter Jesus her, fører ikkje særleg mykje med seg.

J.M. Coetzee

Forfattar J.M. Coetzee.

Foto: TIZIANA FABI / Afp

Lat meg starte på fast grunn, med sjølve handlingsskjelettet: Ein mann og ein liten gut har reist over havet og hamna i eit spansktalande land utan namn. Dei blir sett i ein slags leir der dei sjølve får nye namn, og deretter får dei bu i nokon blokker for nykommarar.

Gradvis gjer dei seg kjent i det nye. Kvifor dei har reist veit vi ikkje, men fortida er vaska bort, det nye er ukjent, barnet har ingen mor og ingen far, kanskje han hadde ei mor som mista han på båten.

Tilbake til allegorien

Kort sagt: Nobelprisvinnaren Coetzee er her tilbake i den allegoriske forteljemåten som han heldt seg til tidleg i forfattarskapen, til dømes i den fabelaktige romanen Før barbarene kommer.

Etterkvart blei han meir realistisk og av og til essayistisk. Historia om guten som no heiter David, og den vaksne mannen som har fått namnet Simon, er open for tolkingar i mange retningar.

Framand i verda – og i Sør-Afrika

Kjensla av å vere framand i verda er eit grunnleggjande trekk gjennom alle fasane av denne forfattarskapen. Den sørarfrikansk-fødde forfattaren vaks opp som halvt boer, halvt engelsk i eit land prega av apartheid. Han prøvde å emigrere til USA, men måtte etter nokon år dra tilbake til Sør-Afrika.

For drygt ti år sidan emigrerte han til Australia og er no australsk statsborgar. Det kan vere mange gode grunnar for å ønskje seg langt bort frå heimlandet, og eg skal ikkje spekulere over dette, men berre peike på at bøkene til Coetzee heile tida har overskride og underleggjort den eine store tematikken som skjebnen til alle sør-afrikanske forfattarar. Du kan ikkje leve i Sør-Afrika utan å skrive om apartheid, elefanten i tekstrommet vil kvele deg.

Coetzee, som er eit tydeleg europeisk inspirert forfattar, hentar inn Kafka, Beckett, Dostojevski, ja, til og med Daniel Defoes Robinson Crusoe for å tolke forholdet mellom individet og ei absurd verd, eller forholdet mellom «oss» og dei andre, eller korleis grenser mellom grupper blir skapt og haldne ved like. Forma har gjerne vore allegorisk; det vil seie at handlinga er eit bilde på noko anna, eller let seg tolke som det. Så sjølv om spørsmåla han har tatt opp er svært aktuelle spørsmål også i sør-afrikansk samanheng, har han møtt kritikk frå mange hald for ikkje å gå direkte inn i dei spesifikke, sør-afrikanske spørsmåla. Når han først gjorde det, i romanen Vanære vart det også kritisert, ikkje minst av Nadine Gordimer, også ho nobelprisvinnar.

Basale spørsmål

Tilbake til den aktuelle romanen, der han altså grip tilbake til former som ikkje har vore så tydelege i bøkene hans dei seinare åra. Jesu barndom nærmar seg eksistensen på filosofisk vis.

Frå eit tilnærma nullpunkt stiller forfattaren dei store spørsmåla. I det merkelege, identitetslause landet må folk starte heilt på nytt. Fortida er borte, eksistensen er nullstilt og spørsmåla dukkar opp hulter til bulter: Kva må til for å leve eit fullverdig liv? Treng mennesket ei livshistorie, ein familie, sex, eller kan ein venne seg av med alt slikt? Treng barn foreldre og foreldre barn? På bryggja der Simon jobbar med å losse tunge kornsekker, oppstår spørsmål omkring arbeidet: treng menneska å slite hardt på jobben for å oppleve eit ekte fellesskap?

Det almenne og det spesifikke

Diskusjonen om forholdet mellom den einskilde tingen og det allmenne begrepet dukkar stadig opp, ettersom nokon av byggjesjauarane går på filosofikurs der dei openbert har kome fram til Platons idelære. Guten er ein spørjar og vil vite alt, og utforskar kva som kan erstattast av noko anna. Hestar kan ikkje erstattast, og neppe mødrer. Han lurer også på og kvifor alle må kunne lese og skrive.

Det siste vil nemleg ikkje David, det vil seie: han vil gjere det på sitt eige, individuelle språk. Læraren pressar han til å skrive «Jeg må si sannheten» på tavla. I staden skriv David «Jeg er sannheten». Det er jo nesten eit Jesus-sitat, men eg les det som ei insistering på eigen individualitet. Intuitivt vil han ikkje akseptere almenne normer.

Han blir ei anarkistisk urokråke som insisterter på det individuelle og det spesifikke i eit samfunn som nesten i lammande grad er lagt opp til passiv aksept av ein anonym eksistens. Ikkje dermed sagt at David er ein helt. Å insistere på å ha sitt eige språk som ingen andre kan forstå, framstår ikkje som ein god ide. I klem mellom bryggesjauarane og seksåringen David må lesaren gruble over kva som må til for at eit liv skal vere leveleg. Og kva for deler ein kan greie seg utan, eller skifte ut.

Jesu barndom stiller basale spørsmål på til tider banale måtar. Men romanen sjølv er på ingen måte banal. Eg vil heller seie at Coetzee er inne på eit spennande spor som utfordrar lesaren.