NRK Meny
Normal

Fascinerande men ikkje fullkomen

Sjølv om Carl Frode Tiller no har sirkla inn hovudpersonen David for tredje og siste gong, sit vi likevel ikkje med endelege svar på gåta.

Carl Frode Tiller

Carl Frode Tiller har skrive siste bok i trilogien om mysteriet David.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I staden opnar «Innsirkling 3» for mange spørsmål, både om sjølve livet og om romanen. Så: Kva er det vi har med å gjere her?

For å starte med forfattaren: Frå han som debutant i 2001 snappa P2-lyttaranes romanpris framfor nasen på Lars Saabye Christensens"«Halvbroren», har det gått slag i slag med litterære prisar og lovord frå kritikarar. Etter den vanskelege andreboka har alle romanane hans bore tittelen «Innsirkling». Vi snakkar om tre tjukke band som har kome frå 2007 og utover. Det er eit stort og samansett prosjekt som no er avslutta med «Innsirkling 3».

Finne seg sjølv

Innsirkling 3
Foto: Aschehoug forlag

Utgangspunktet var David (36) som i 2006 sette inn ei annonse i avisa der han forklarer at han har tapt minnet. Derfor ber han folk som kjenner han om å skrive brev så han kan få hjelp til å finne seg sjølv. Vi har å gjere med ein radikal variant av jakta på identiteten.

Etter det høyrer vi ikkje meir frå David før mot slutten av bok tre, men vi høyrer desto meir om han: gamlekjærastar, klassekameratar, stefaren, dei svarer på annonsa med lange og utførlege brev. David kjem til syne som bildet dei ulike har av han, eller meir presist: Som den David kvar og ein har nytte av å kalle fram.

Å gje eit bilde av den andre

For Tiller, som er utdanna historikar, let ein av brevskrivarane i den andre boka formulere ei lov om informantar: dei "er like mykje ute etter å formidle ein bodskap som er viktig for dei, som dei er ute etter å gjengi fortida så korrekt som muleg". Dette vart rettnok skrive om oldefaren til David, men det gjeld for breva i til vår mann utan minne også: Folk har sine perspektiv og sine interesser. Nokon treng ein syndebukk, andre treng å dokumentere at dei hadde ein nær ven.

Romanen krinsar rundt eit tomt senter, ettersom minnet til hovudpersonen er fråveret som set det heile i gang. Frå dette tomme senteret hentar folka rundt han viktige deler av sitt eige liv og sin eigen identitet. Dei skriv sitt liv gjennom å skrive livet til ein annan og dermed er vi midt inne i spørsmåla som ligg i kjølvatnet av den sjølvbiografiske romanen: Går det an å skrive eit liv? Og: Er det etisk forsvarleg å prøve?

Etter å ha fått åtte versjonar av David kjem hovudpersonen sjølv til syne i slutten av siste romanen. Den vakne lesar vil på dette tidspunktet ha fått med seg at trilogien ikkje siktar mot å gje den endelege sanninga om David og det var det. Allereie i siste del av bind 2 blir det sådd tvil både om Davids identitet og om det påståtte tapet av minne. Og når David kjem til orde gjennom ein dialog med ein psykiater, så dukkar det sanneleg opp nye sjokkerande informasjonar og dementiar.

Kven, kva og ikkje minst kvifor

Kva er dette? For å ta det litterære først. Dette er på den eine sida ein realistisk roman der åtte personar og deira omgangskrins kjem til syne både gjennom breva og gjennom avsnitt der vi møter dei i romanens notid. Kjønn, alder, klasse og kulturbakgrunn varierer og gjev samla sett eit breitt bilde av Noreg i dag. Men så er det jo påfallande at alle brevskrivarane har svært lik stil.

Sit det ein mastermind bak, eller er det berre forfattaren som ikkje har tenkt eller brydd seg om det? Og kva med alle dei merkelege hinta om at noko ikkje stemmer her, og kva med dei - mellom oss sagt - temmeleg kunstige vriane David sjølv står for?

Frykten for å øydeleggje lesegleda for andre gjer at eg formulerer meg meir kryptisk enn godt er, men altså: Kunstgrep og vendingar frå populærlitteraturen er lagt inn og minner oss både på sentrale identitetsspørsmål i tida og ikkje minst på at dette er ein skriven tekst og ikkje eit liv, eit poeng som også blir understreka i sjølve teksten.

Livet som amatørteater

Desse grepa hindrar likevel ikkje at romantrilogien er ei inntrengande studie i det komplekse samspelet mellom folk, der eit påfallande trekk er avstanden mellom det dei tenkjer og føler på den eine sida og det dei vågar å uttrykkje på den andre.

For ikkje å røpe seg må dei skjule raseri og krenking bak eit frampressa smil, kroppen så vel som tunga må kontrollerast, spelet må gå sin gang. Likevel glepp det ut fryktelege sanningar og endå verre løgner og reparasjonsarbeidet etter slike ufrivillige utslepp er tungt.

Fascinerande men ikkje fullkomen

Det er ei pine å lese, likevel trur eg mange med meg vil ønskje å gå i gang med bind ein på nytt etter å ha kome til vegs ende. Det er denne granskinga av det som skjer i og mellom folk som gjer «Innsirkling» til eit stort verk det er verd å bruke tid på. Det breie bildet av Noreg gjennom portrett av ei heterogen gruppe som spenner frå taterguten til fiskeoppdrettaren og jappen, er godt sett og godt skildra.

Det er også noko fascinerande ved at David så og seie glepp unna, men her er Tiller for tung på labben og vrir historia minst ein gong for mykje til at det fungerer. Når vriane tek til å verke som påfunn, stoppar det opp for denne lesaren, som trass i dette ikkje nøler med å kalle «Innsirkling» av Carl Frode Tiller for stor litteratur.