Hopp til innhold

Holger Hansens historie

Trond Davidsens fjerde roman jafsar over drygt 150 år på drygt 150 sider og er likevel ein samtidsroman. Slikt imponerer meg!

Forfatteren Trond Davidsen. Foto: Monika B. Aga

Trond Davidsen har fra før utgitt Triggerhappy (1998), Erkki Murole (2000) og Vann (2001).

Foto: Monika B. Aga/Forlaget Oktober

”Holger Hansens historie” er altså den fjerde romanen til Trond Davidsen, og lista over bøker er akkurat så lang at det går an å kalle det eit forfattarskap og seie noko om kva som til no finst i dette skapet. Davidsen er den typen som skriv svært ulike bøker frå gong til gong, stilen er ulik og figurane er ganske så forskjellige.

Mest forskjellig er Thea frå debutboka ”Triggerhappy”, ei breial dame med eit skarpt blikk for andres svake sider og eit sylskarpt blikk for merkevarer. Davidsen hadde tydelegvis lese sin Bret Easton Ellis. Deretter kom den svært forsiktige Erkki etterfølgt av Rachel, konkurransesvømmaren med klare nevrotiske trekk. Og dermed teiknar eit bilde seg likevel, av ei rekkje romanar med tydeleg teikna hovudpersonar som ikkje har det heilt harmonisk med omverda.

Kvifor det blei slik

I fjerde romanen er det Holger Hansens historie som blir fortalt.

”Holger Hansens dager arter seg tilsynelatende likt.

Klokken 07.05 ringer Holger Hansens vekkerklokke. Holger Hansen, som da ligger med hodet vendt bort fra nattbordet der vekkerklokken er plassert, snur seg langsomt, slik at han ser klokken. Holger Hansen stirrer på urviserne noen korte sekunder.

Så strekker han ut høyre arm. Med et kort, bestemt rapp over klokken, slår han alarmen av. Deretter blir han liggende på rygg og glippe med øynene.” (s 7)

Slik startar romanen, og slik startar dagen til mange P2-lyttarar også vil eg tru, utan at ein nødvendigvis tenkjer at ein treng å lage romanar av det.

Kva er det da som gjer at Trond Davidsens fjerde roman, ”Holger Hansens historie”, har krav på vår interesse? Fleire ting, faktisk. Holger Hansen skil seg ganske raskt ut frå gjennomsnittsnordmannen då det viser seg at han, ein mann i sin beste alder, har vekkarklokka på 07.05 for å kome seg på puben før klokka 9, for å leske seg på dagens første av mange halvliterar. Når dette blir klart, vil lesaren straks tenke: Korleis kan dette ha seg? Og resten av romanen gjev eislags forklaring på korleis det blei slik det blei med herr Hansen.

Fortener lesarar

Forfattaren søker etter årsaker både i slektshistoria som har sterke innslag av finsk armod, og i Holgers eigen biografi, der einsam oppvekst på diverse militærforlegningar og forsøk på kunstnarliv i New York går inn som viktige element. Slik blir det kasta lys over denne figuren, utan at vi får noka eintydig forklaring på verken dei destruktive eller sjølvdestruktive sidene ved han. Tvert om, når teksten bruker raust mange sider på stell av negler, mens den seinare gjer seg ferdig med eitpar generasjonar på få avsnitt, så er ikkje poenget å sortere ut det som har prega livsløpet til denne Hansen. Forteljaren gjer også eit stort nummer av at det er svært mykje han ikkje veit om den grå mannen som tek sin første pils før klokka 9 kvar dag.

Denne kombinasjonen av mangel på sikker kunnskap og sterkt utpensla detaljar er eit vellykka litterært grep, som i tillegg til å gjere teksten plastisk, også seier noko slikt som at verda er ein ustabil stad der tilfellet rår og mange bukkar under - utan nødvendigvis å fortene det. No har altså ein av desse, Holger Hansen, fått si historie, og den fortener lesarar.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP