NRK Meny
Normal

– Særprega novelledebut

Når eg hevdar at novellene til Koritzinsky er særprega, så er det ikkje tematikken eg tenkjer på. Særpreget ligg andre stader.

Forfatter Roskva Koritzinsky

Det er ingen dårleg ide å overtale kroppen sin til å lese denne novellesamlinga, meiner anmeldar Marta Norheim om Roskva Koritzinskys «Her inne et sted».

Foto: Håkon Borg / MAGPIE

Dei 12 novellene handlar om menneske som har eit ugreitt forhold til omverda, til seg sjølv og til kroppen sin. Dette er velkjende trekk ved samtidslitteraturen. Vi er aleine og sårbare og det set seg gjerne i kroppen.

Den ulydige kroppen

Men i samlinga «Her inne et sted» er det noko med måten som fascinerer meg. Det eine er korleis kroppen ikkje spelar på lag og kan kome til å svike, ja, kven? Eigaren? Eig ein kroppen sin?

Vi må forsøke å spille på lag, vi to, hvisker jeg til kroppen min. (…) Det finnes ingen måte å unnslippe på, sa jeg. Det er dette kjøttet jeg bærer med meg. Det er oss to eller ingen ting.

Utdag fra novellesamlinga «Her inne et sted»

Ei kvinne som er på veg til elskaren sin, prøver å snakke kroppen sin til fornuft, og ho snakkar med han som om han er noko anna enn henne sjølv; dei er avhengige av kvarandre og må spele på lag, og dette må ho minne han på; det er ein tankevekkjande kombinasjon av framandgjering og fortruleg tilnærming til seg sjølv.

Alle novellene er skrivne i første person, og eg les dei som historier om tolv ulike personar. Det som knyter dei saman, er nettopp ei kjensle av å vere utsett, framand, av å ikkje meistre situasjonar og altså heller ikkje kroppen sin.

Dunkle relasjonar

Eit anna påfallande trekk er at det tek så lang tid før vi forstår kva det er som skjer i den enkelte novella. Av og til blir samanhengane liggjande i underteksten utan å kome til overflata andre stader enn i hovudet til lesaren. Det som gjerne skjer, er at eg-forteljaren hamnar inn i ein ugrei situasjon, det kan vere ein husbrann, det kan vere ein lærar som opplever at klassen ikkje kjem inn att etter friminutten. Så vrir forfattaren på scenen. Eller ho kan vri på konstellasjonane; vi veit aldri frå starten om det er menn eller kvinner som fører ordet, og ofte er det høgst uklart kva som knyter personane saman.

Dei fleste novellene har eit overraskande sluttpoeng som kastar eit uventa lys over det vi har lese. Koritzinski leikar med forventningane våre til teksten og det har vi berre godt av. Slik viser ho korleis vi tolkar det som skjer på høgst sviktande grunnlag, noko vi heilt sikkert gjer også i andre situasjonar enn når vi les denne novellesamlinga.

Større enn seg sjølv

Det eg likar aller best er at desse små og altså ugreie situasjonane er fortalt slik at dei utvidar seg og kastar lys over hendingar som ligg bak det som skjer i novellene, over personar, ja, over skjebnar. Kvar av dei ganske korte novellene er såleis større enn seg sjølv. Det er godt gjort, og det er ingen dårleg ide å overtale kroppen sin til å lese denne novellesamlinga.