NRK Meny
Normal

Miljøkamp ved demokratiets grense

Kan miljøet bergast i eit samfunn der politikarane står på val kvart fjerde år? Kan demokratiet bergast i ei tid då miljøkrisene trugar livsgrunnlaget? Miljøkamp og demokrati spelar med og mot kvarandre i «Havari. En roman om luft» av Bård Isdahl.

Bård Isdahl, Havari

Bård Isdahls nye bok, «Havari».

Foto: Gyldendal

Velkommen til framtida, den som kanskje er her om to-tre tiår. Kloden er varmare, miljøaktivistane meir aggressive og unntakslover er innført for å sikre kontroll med dei mest ekstreme, dei som kan tenkje seg å slå til mot dei nye oljeriggane i Vesterålen. Dessutan har den norske staten nett avgjort at dei ikkje lenger kan ta imot klimaflyktningar.

Frå Sovjet med bagasje

I romanen Havari dannar denne framtidstilstanden bakteppe for handlinga i denne politisk-økologiske sci-fi-thrilleren, for no å prøve å sirkle inn sjangeren. Thriller light, er kanskje rettare å seie, men det ligg nokon gåter her og dei er først og fremst knytt til mannen i framgrunnen, den døyande Andrej, som i vår samtid lever i beste velgåande i Oslo der han tener til livsopphald som søppeltømmar, skraphandlar og eigedomsformidlar. Før det var han navigatørstudent i Sovjetunionen med ei framtid i flyvåpenet, men utvikla etter kvart så kritiske idear at han hoppa over til Vesten.

Sanninga frå dødsleiet

Dette er den offisielle versjonen av historia. Men døden nærmar seg og den gamle mannen føler at han må røpe den sanne versjonen og åtvare dottera Irina før han vandrar. Kva for løyndomar Andrej ber på skal eg la liggje her. Men ting er altså ikkje heilt som ein kunne tru og det skulle også berre mangle.

Samtidskritikk frå framtidsperspektiv

Koplingane mellom Sovjet og framtidas miljøaktivisme er ikkje innlysande verken i verda eller i livet til Andrej. Og historia til denne mannen som skal døy om 20-30 år, kanskje på grunn av ei særs kraftig varmebølgje, er sett saman av svært mange ulike historier og idear, mens Irina og dei fleste andre er heller sparsomt utstyrte brikker som er nødvendige for handlinga.

Så er det heller ikkje i personskildringa poenget ligg. Viktigare er det at spenninga held heile vegen fram, historia om korleis samfunnet vårt er om 20-30 år er såpass realistisk at det er ubehageleg her og no, og sist men ikkje minst: samanstillinga av korleis ulike politiske system taklar systemkritikarar og aktivistar er regelrett tankevekkjande.