Hopp til innhold

Greta Molander - norsk rallykøyrar og eventyraret

Biografien om den svensk – norske rallykøyraren og eventyraren Greta Molander fortel om eit spennande liv, men særleg tett på personen kjem vi ikkje.

Greta Molander

Greta Molander

Namnet Greta Molander tronar blant dei fremste i nordisk rallyhistorie. Men dama var meir enn rallykøyrar, eventyrlysta drog henne ut på farefulle ekspedisjonar gjennom Afrika og USA, ho skreiv bøker frå reisene og vart kjendis som fylte livet med bilar, risikosport, konkurranse og også mykje glamour, flørting og skåling i champagne.

The winner takes it all


For Greta Molander forsynte seg godt av livet, og vann på mange frontar. Eit bortskjemt einebarn frå rikmannsfamilie i Sverige som fekk lov til det ho ville frå ho var barn. Da ho brått miste alle pengane sine, gjekk ho dit bilar og pengar var å få. Og fekk det.

Men det fanst også motgang, som ho takla overbevisande Og kvar gong økonomien eller bilen havarerte, fekk ho hjula i gang att ved hjelp av kreativitet og pågangsmot. Forfattaren Elsebeth Danielsen følgjer Molander nokså kronologisk, og delar av biografien ser enkelt og greitt ut til å vera referat av rallykøyrarens eigne bøker frå turane sine. Kanskje ikkje like sant alt som står der, ei god historie er gull verdt, og det visste nok Molander også.

Misser foreldre og pengar


Boka ”Greta Molander – et liv i førersetet” er lettlesen og rikt illustrert og gjev oss ei grei oversikt over det handlingsmetta og fargerike livet. Men så særleg tett på personen Greta kjem vi ikkje. At ho i løpet av ein treårsperiode, frå ho er 21 til 23 år, misser begge foreldra, havarerer eit ekteskap og misser all rikdommen ho arvar, er nemnt, men ikkje stort meir.

Vi møter aldri tapa eller nederlaga i livet gjennom hennar eiga stemme. Korleis var det å miste begge foreldra så tidleg og stå heilt utan familie og økonomisk ruinert som 23-åring? Kva tenkte ho? Korleis prega det livet hennar? Var det med på å gjera henne så fri at ho seinare var redd bindingar som forplikta for mykje, som det å ha fast jobb eller barn?

Kjem ikkje nær


Sannsynlegvis har ikkje kjeldene meir å by på. Molander skreiv dagbøker i femti av sine 94 år, men dei kan ikkje ha vore særleg personlege. Og biograf Danielsen held seg unna alle hypotetiske spørsmål og filosoferingar. Som lesar saknar eg likevel at det blir stukke eit lite hol på heltinna.

Det som rører mest ved det medmenneskelege er kanskje bipersonen, ektemannen Kaare Barth, som prøver og feilar, som er litt for glad i ein tår, som saknar kona som stadig drar ut på nye eventyr saman med rallyvenninner, og som ønskjer seg barna Greta ikkje vil ha.

Likevel - vi har ikkje noko imot å lesa om delvis omvendt kjønnsfordeling, om kvinner som heilt og fullt lever ut draumane sine og som lykkast. Ho var modig og fryktlaus, ei sjeldan kvinne for si tid, som brøytte veg for andre og viste kvinner kva som er mogleg, sjølv om ho ikkje hadde stort til overs for kvinnekamp. Derfor har vi heller ikkje noko imot å lesa om ei kvinne som Greta Molander. Biografien minner oss om at slike finst.