Hopp til innhold

Frognerfitter

Det mest oppsiktsvekkande ved romanen "Frognerfitter” er tittelen. Som oppvekstroman er den altfor overflatisk, og den er ikkje underhaldande nok til å vere ein underhaldningsroman.

Alexia Bohwim. Foto: Kagge forlag

Alexia Bohwim er født på Frogner i Oslo. Dette er hennes første roman.

Foto: Kagge forlag

Det har kome mykje god litteratur ut av rus. Eg veit ikkje kor mykje bra som er skrive i rusa tilstand, men det har svinga av litteraturen om rusbruk, ikkje minst frå beat-generasjonen tok av i USA på 60-talet. Norske forfattarar som Ingvar Ambjørnsen og Vigdis Hjorth har visst å utnytte denne mangetydige tilstanden til å skape bevisstheitsutvidande litteratur.

Alexia Bohwim: Frognerfitter. Kagge forlag 2008

Alexia Bohwim: Frognerfitter. Kagge forlag 2008

Foto: Kagge forlag

Rus og atter rus

Debutanten Alexia Bohwim hiv seg på denne vogna og let tenåringane Billie og Susy med adresse Frogner debutere med rus tidleg i tenåra, for så å køyre ganske konsekvent til Susys bitre død i 30-årsalderen.

"Vi ble alle tre enige om at det viktigste tross alt var å forbli fulle. Med dette i bakhodet gikk kvelden utmerket, og vi ble heldigvis kastet ut av taxien bare et kvartal unna Nobels gate. Hjemme hos meg tok vi noen øl og et par sovetabletter.

Dagen etter våknet vi uten noen særlig anelse om hva vi hadde gjort utover natten. En vellykket kveld hadde det i hvert fall vært. Derfor var det ekstra vanskelig å avslutte den. Jeg fikk barna hjem snart, så jeg måtte takke nei til å fortsette. Misunnelig så jeg på Susy og Lloyd som hadde staket ut kursen mot Clodion.

- Nå skal vi drikke frokost! sa Susy og strakte ut armene." (s 232)

Langdryg gjesp

Og så vidare. Denne boka er eit eksempel på at russkildringar i seg sjølv ikkje er nokon suksessformel. Det er OK å høyre at dei tre hadde ein vellykka kveld, men for meg som ikkje var med, blir det berre ein påstand. Billie, som fortel historia, ramsar opp og lassar på med rusbruk og menn som kjem og går og kjem tilbake med mindre dei er døde av overdose. Det ligg kan hende levd liv bak teksten, men i teksten er det mindre teikn til liv.

Spørsmålet som melder seg er: Kva slags bok er dette? Her er det nokon problem.

For dersom dette er ei avsløring av at det finst rusmisbruk på Frogner, er boka ein generasjon for seint ute. Som oppvekstroman er den altfor overflatisk. Den er ikkje underhaldande nok til å vere ein underhaldningsroman. Det kan glimte til i formuleringar og små episodar, men den oppramsande stilen og mangelen på intrige gjer at ein edru romanlesar fort kan kjede seg.

I beste fall...

Nei, "Frognerfitter" er mest interessant som heimstaddikting. Handlinga er lagt til eit avgrensa område, og dei som bur der, har sine klare normer, - ikkje minst når det gjeld stil. Når det å droppe perleøyredobbar framstår som eit opprør, forstår vi at det er snakk om ein svært homogen heimstad. Det ekstreme fokuset på distinksjonar tek Billie med seg ut i verda, det vil seie utanfor biotopen Frogner. Du skal ikkje lenger enn til Holmenkollen eller Skøyen før Billie studerer dei innføddes klesdrakt og skotøy med djup skepsis, og ho er så skråsikker på at det rasket ho møter på universitetet ser ned på henne at ho til slutt truleg får rett i det.

"Frognerfitter" kjem best ut av det om ein les boka som ein ironisk heimstadroman, der den opprørske Billie viser at ho er grunnleggande frognersk også i sitt opprør. Folk som kjenner denne biotopen betre enn meg, hyggar seg no med å avkode romanen for å finne ut kven som har stått modell til dei ulike figurane. Slikt er sjølvsagt også ein kvalitet, men då snakkar vi ikkje lenger om litterære kvalitetar, gjer vi?

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)