I ferd med å bikke over

Øystein Lønn er meir lønnsk enn nokon gong. Spørsmålet er om det er eit pluss eller eit minus for den nye romanen.

Øystein Lønn

'Etter Sofia' er siste roman i Øystein Lønns trilogi.

Foto: Gyldendal
"Etter Sofia" av Øystein Lønn

Øystein Lønn tilhøyrer den eksklusive gruppa av norske forfattarar som har fått Nordisk råds litteraturpris, og han høyrer til den endå meir eksklusive kvartetten som har fått denne prisen for ei novellesamling. Det skjedde i 1996.

Etter to kritikarroste romanar om Simen og Sofia er det all grunn til å vente seg mykje av roman nummer tre: ”Etter Sofia”. Vil Lønn innfri?

Eit frådande dobbeltkaos

"Han ville utvilsomt huske hva som ikke hadde blitt sagt, og han grøsset ved tanken.” Slik oppsummerer Simen Linde ein svært taus middag. Så er også Lønn blitt prislønt for korleis han greier å få fram det som ligg under den språklege overflata.

Personane hans bevegar seg som på ei tynn hinne over eit frådande dobbeltkaos: Både den ytre og den indre verda byr på skakingar som ligg utanfor individets kontroll, og personane listar seg rundt over magmaen. Dei lagar rituale og reglar for å skape ein illusjon av kontroll: Når på døgnet dei skal ta den første drinken, akkurat kva den skal innehalde og så vidare.Dei teier om det meste og utviklar evna til å tolke det usagte til perfeksjon. Likevel sprekk overflata stadig vekk. Ting skjer. Kontrollen blir stadig avslørt som illusorisk, ei redningsline utan feste.

Meir og meir lønnsk

”Han ville utvilsomt huske hva som ikke hadde blitt sagt, og grøsset ved tanken”. Setninga er ein nøkkel til teksten, til personane, til metoden, setninga er vidare ei av fleire av same slag, og det slår meg at Lønn med åra blir meir og meir lønnsk, slik Solstad blir stadig meir solstadsk.

Begge dyrkar no sine særtrekk, tøyer dei mot yttergrensene, siterer seg sjølve. Spørsmålet er når det bikkar over og blir manèr, og i ”Etter Sofia” er Lønn i ferd med å bikke over.

Sofia er død

Dette er tredje romanen om Simen Linde, den vellykka sjefsredaktøren som var gift med den vakre kirurgen Sofia som han var sterkt knytta til og som stadig hadde andre menn utan at det var eit tema mellom ektefellene.

No er Sofia død, Simen er sparka frå avisa, han har mista lappen etter fyllekøyring og har dermed mista nesten alle dei faste punkta i tilveret. Han etablerer straks nye, men det skjer ikkje utan ein viss ambivalens.

Enklare historie

Eg samanlikna ei av dei tidlegare bøkene med ein jazzimprovisasjon, fordi det var fleire stemmer som fletta seg inn og ut av kvarandre og gav ulike meiningar og stemningar til teksten.

I denne romanen er Simen den dominerande personen, historia blir enklare, men også stivare. Den flyt ikkje, og grepa blir meir synlege. Eg blir ikkje i same grad fanga inn av teksten, men av teknikken. Er så ”Etter Sofia” ei dårleg bok? Nei, den er ikkje det, men Lønn har skrive betre bøker før. Nye Lønnlesarar bør starte i ein annan ende.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)