NRK Meny
Normal

Dorés Bibel

Torgny Lindgren er ein av Sveriges største nolevande historieforteljarar. I romanen ”Dorés Bibel” søkjer han nok ein gong til utkant-Sverige. Gjennom eit svært spesielt persongalleri får han sagt noko om bokstav og ånd, dikt og liv, for ikkje å gløyme kjærleiken.

Den svenske forfatteren Torgny Lindgren. Foto: Ulla Montan/Norstedts forlag

Torgny Lindgren (f 1938) vokste opp i Västerbotten. Han studerte i Uppsala og blei lærar i Småland. Han debuterte i 1965 med diktsamlinga 'Plåtsaks'.

Foto: Ulla Montan/Norstedts forlag

I Dorés Bibel er heile historia, frå skapingas første dag og til enden på verda, fortalt i bilde. Den franske bildekunstnaren Doré, som var eit barn av 1800-talet, hadde eit spesielt blikk for dei dramatiske episodane, slike som utdrivingar og syndfloder. I romanen med tittelen ”Dorés Bibel”, startar det på ein måte også med skapinga:

”Her begynner jeg å si min fortelling om Gustave Dorés Bibel. Jeg sier den i et innspillingsapparat av merket Sony MZN syvhundreogti. Når fortellingen blir bok, skal den utsmykkes med de vidunderligste kartusjer og miniatyrer.” (s 7)

Torgny Lindgren: Dorés Bibel. Gyldendal 2008

Torgny Lindgren: Dorés Bibel. Omsett til norsk av Per Quale. Gyldendal 2008

Foto: Gyldendal

Ikkje som andre

I tillegg til å fortelje om boka, fortel vår mann også historia om sitt eige, merkverdige liv, som starta i Norra Västerbotten i 1939. Ganske snart forstår mor og far at det einaste barnet deira ikkje er heilt som andre. Guten greier ikkje å lære å lese og skrive, same kor mange tårer han og lærarinna let dryppa ned i ABCen. Sjølv sluttar han ganske snart å uroe seg over dette, han er jo ein kløppar til å lese Dorés Bibel. Der står alt, og det som ikkje står der, får han vite hjå morfar som er gammal litteratur- og morsmålslærar. Men far uroar seg, fortel mor:

”Han har ligget våken mange netter for din skyld, sa hun. Hva skulle det kunne bli av ditt liv? Det tenker man ikke ut i en håndvending.

Det innser jeg, sa jeg. Selv har jeg aldri forsøkt engang.

For andre kan alt virke selvfølgelig, forklarte hun. Men i ditt tilfelle må fremtiden liksom oppfinnes.

Ja, sa jeg. Jeg forstår det svært godt. Det kan ikke være lett å stake ut min livsvei. Og samtidig elske meg så betingelsesløst som far gjør.” (s 67)

Opprivande historie

Ja, elskar verkeleg far sonen sin? I alle fall sender han den oppvakte guten på ein heim for mentalt tilbakeståande. Og han skriv i reine ord kva han meiner om dette illeluktande, debile og stygge vesenet som går rundt og kallar han for far. Det får guten av naturlege grunnar aldri lese, men vi får.

Det er opprivande. Grusomt er også livet til sonen til tider, men han let seg ikkje slå ned av det. Han veit kor grusomt menneskelivet kan vere, i Dorés Bibel finst det meir enn 7000 menneske som har møtt døden brått og ofte brutalt. Her finst også svik og tilgjeving og kjærleik og alt livet kan by på.

Lindgren har nok ein gong dikta fram eit landskap og eit liv med eit nærver og eit særpreg som gjer sterkt inntrykk. Den som ikkje blir rørt av mannen som ikkje kan lese, er ei saltstøtte. Men den verkeleg urovekkande figuren i landskapet er far, den flinke forstmeisteren som foraktar sin eigen son. Lindgren har tidlegare gjort bipersonar i ei bok til hovudpersonar i seinare bøker. Eg skulle gjerne ha lese ei bok der faren fekk føre ordet.