Variasjonar over kvardagsmennesket

Sjølv om Sidsel Mørck har skrive både dikt og romanar -for ikkje å gløyme barnebøkene - så er det nok fleire som først og fremst tenkjer på henne som novelleforfattar. I den knappe, nøkterne historia, fortalt i eit nøkternt språk, der er Mørck på heimebane.

Sidsel Mørck
Foto: Aschehoug forlag

Dei nye novellene, 12 i talet, føyer seg inn i dette bildet. Og her, som tidlegare- er det nøkterne både ein styrke og ein veikskap. Dei svakaste historiene er så nøkterne og kvardagsmennesket er så kvardagsleg at verken personen eller hendingane fester seg i lesaren. I novella ”Huset” heiter det:

”Hun er kommet tilbake for å bli, hun er 46 år, ikke ung, ikke gammel. Leilighet har hun skaffet seg, jobb har hun fått, og venner har hun også, iallfall bekjente, gjennom kusine Inger. De har brevvekslet og sendt bilder alle disse årene, og nå er lille, tynne Inger med rødt hår blitt store, tykke Inger med grått hår.” (s 71)

"Det vakre"

Novellesamlingen 'Det vakre', er utgitt på Aschehoug forlag.

Foto: Aschehoug forlag

Fort gløymt

Dette er både nøkternt og effektivt fortalt, men så uspesifisert at det er gløymt i same stund som det er lese. I høgden tek vi det høfleg til etterretning. Slik er det også med ei novelle som ”Stjerneskudd”.

Personane blir for laust teikna, dei får sjølvsagte eigenskapar (”hun liker høsten”), hendingane blir skissert i forbifarten, og det blir eit flyktig møte i natta. For at ei novelle skal vere god, må det liggje ein intensitet ein eller annan stad: i karakterteikninga, i handlinga, eller i språket. Det må vere ein konsentrasjon om noko heilt spesifikt.

Fyldig indre monolog

I dei beste novellene skjer dette. Ttittelnovella ”Det vakre” handlar det om ein kunstmålar som på tjuande året sit og et frukost med Gudrun. Han ser og tenkjer sitt:

”På høyre side av nakken hadde hun en føflekk, stor og mørk. Kanskje han burde være bekymret, men han var ikke det, følte bare vemmelse over den ekle hudklumpen.
Jeg er kald og kynisk, tenkte han. Jeg er syk og gal. Gudrun er det eneste jeg har, min kone, min sønns mor, og Svein forguder henne. Hun fortjener det, tenkte han, og så på den slappe overarmen.” (s 33)

Her har vi ein kar som veit godt kva han bør føle, men reint faktisk føler han noko heilt anna. Slik oppstår ei spenning som gjer at novella får liv. Dette er også ei av novellene der den indre monologen er svært fyldig, medan dei små replikkane som blir uttalt er ganske likegyldige. Slik blir eit viktig tema i samlinga illustrert:

Folk kan leve tett på kvarandre i menneskealdrar, som vener, som ektefeller, som foreldre og barn,- og likevel ikkje vite særleg mykje om kva den andre tenkjer og drøymer.

Denne måten å få fram eit poeng på, er vesentleg meir elegant enn der Mørck fell for freistinga til å forklare kva det er som skjer.

Det vakre er ei ujamn samling. Noveller som ”Det vakre”, ”Gi alt” og ”Señorita” minner oss om at det er ein av veteranane i norsk novellekunst vi har med å gjere her. Medan fleire andre historier flyt ut, blir for utydelege i risset og for tydelege i moralen.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)