NRK Meny
Normal

Ikkje heilt vellykka

Incest er eit viktig tema, dessverre. Boka Den rettferdige , som handlar om incest, er ikkje ein heilt vellykka roman, dessverre.

Helene Uri

Helene Uri er aktuell med ny bok om vanskelig tema.

Foto: NRK

Den rettferdige

Boka Den rettferdige er utgitt på Gyldendal forlag.

Foto: Gyldendal

Høyr: Uttrag frå boka og studiesamtale om boka Den rettferdige (Bok i P2 - 02,06,2009)

Historia er som klipt ut av det verkelege livet: Karsten og Marianne gifter seg og får Elise og Henriette. Karsten er utru og ekteskapet ryk.

Marianne tenkjer bitre tankar, ein av tankane går i retning seksuelt misbruk: Det er eit tema i tida, Karsten er ein mann som gjerne viser seg naken og som gjerne fotograferer barna sine i nettoen,- er det noko her?

Mistanken avlar handling og handlingane skaper nokon realitetar som endrar livet til alle i familien, og det heilt uavhengig av om Karsten faktisk har misbrukt døtrene eller ei.

Alvorleg emne

Karsten blir dømt og hamnar i fengsel. Når fagfolka etter ein del år er mindre skråsikre på si eiga evne til å avdekkje incest, har Karsten eit realistisk håp om å bli frikjent. Likevel innser han at han aldri kan nå tilbake til barna sine og spesielt ikkje til den eldste dottera som nektar å gje slepp på sin identitet som incestoffer.

Alt dette står til truande: forløpet og reaksjonane. Forfattaren tek emnet alvorleg og personane får lov til å seie og meine sitt utan å bli hengt ut på nokon måte. Dei er djupt menneskelege og rotar det til for seg og andre og vi forstår dei.

Svakt litterært

Likevel er det noko som ikkje fungerer her, og det vert stadig tydelegare gjennom romanen. Problemet ligg i språket og i måten denne historia er fortalt på. Same kva som skjer av drastiske handlingar, sterke kjensleutbrot og djup fortviling, så er vi trygt inne i den norske normalprosaen, metaforane er ryddige, adjektiva er velbrukte, syntaksen er på plass.

Historia blir fortalt, ikkje vist fram. Og ho blir fortalt så grundig og ned i detaljen at lesaren -i alle fall denne lesaren- lengtar etter eit hol i teksten som ikkje er dekt av denne forklarande prosaen, ein stad der det går an å fylle ut noko sjølv, eller der det kan liggje noko usagt som kan gje klangbotn til det som står på linene.

Viktig tema

Dette er ei skikkeleg historie om korleis det kan gå når ei handling blir sett i gang og det medisinske og juridiske apparatet tek til å agere. Slik sett er Den rettferdige kanskje ei viktig bok, som problematiserer slike prosessar og set dei under debatt.

Dette er heilt klart ein kvalitet ved ein roman. Denne kvaliteten kan likevel ikkje dekkje over den svake litterære kvaliteten.