Hopp til innhold

Forfattar med imponerande kontroll

Det er noko på gang i norsk novellekunst for tida, og Jan Grue er med på det.

Jan Grue

Jan Grue debuterer med novellesamlinga 'Alt under kontroll'.

Foto: Ane Sangnes

"Alt under kontroll" av Jan Grue

Den norske novelletradisjonen er solid og full av høgdepunkt, frå Alexander Kielland via Johan Borgen og Torborg Nedreaas til Mertehe Lindstrøm og Bjarte Breiteig. Med få unntak er denne tradisjonen prega av realistiske tilnærmingar.

Les: Intervju med debutant Jan Grue

Fornying på gang

Når no den eine novelledebutanten etter den andre berre sånn utan vidare sprenger alle realismens rammer og søkjer seg innover i det surrealistiske, i språklege eksperiment og i det fantastiske, ja, så er det rett og slett ei fornying på gang, eller i alle fall ein ny tendens som dukkar opp ved sida av den etablerte og gjer bildet av den norske novella større og meir fargerikt.

Her er det naturleg å nemne namn som Mikkel Bugge, som debuterte med ”Yttersider” i 2007, Anders Lunde, som kom med ”Noen iblant oss” i 2009, og om ein tøyer sjangergrensene litt og tek med prosatekster, er Cesilie Holcks ”Norg” frå 2009 ein sjølvsagt del av selskapet. Og om ein skal søkje litt bakover (for dette starta vel ikkje sånn heilt brått i 2009, vel?), ja, så har vi Gunnhild Øyehaugs ”Knutar” i 2004.

Fleire kunne heilt sikkert nemnast, men dette får vere nok til å underbyggje påstanden om at det er noko på gang, som det er all grunn til å følgje med på og prøve å finne meir ut om. Går dette i dialog med tendensar i andre land, med sosiale medier, med Barne-TV på 80-talet, eller kva? Sikkert er det at Jan Grue er med på det. Han debuterer no i 2010 med samlinga ”Alt under kontroll”.

Film/tekst/intertekst-univers

Boka inneheld 12 noveller, som gjerne bevegar seg frå det tilforlatelege via det eksentriske og inn i det utenkjelege, utan å heve stemma. Lat meg ta han som samlar på versjonar av Casablancavariantar som døme. Han gjer greie for dei ulike skulane innanfor samling (dei selektive vs komplettistane), korleis samlarane tek namn frå rollene og dermed får sendt signal om kven dei er til andre i lauget, før Casablancauniverset meir eller mindre krasjar andre filmar som eit anna datavirus. Og mannen bak, som er forteljaren, har meir på lager.

Vi er inne i eit film/tekst/intertekst-univers her, som går inn i nokså forvirrande interaktivitet med den verkelege verda. Star-wars, superheltar, kyborgar og skrudde forfattarar er inne og interagerer.

Stil og eleganse

Dette er altså noveller som svært eksplisitt byggjer på gjenbruk av andres fiktive univers, i tillegg altså til dette spelet mellom ulike nivå av fiksjon. Grunnen til at all interaktiviteten blir (unnskyld uttrykket) interessant, er ikkje fordi den gjev store nye innsikter i sjelsdjupet, men heller fordi novellene driv eit intelligent spel med lesaren.

Du må jobbe litt for å henge med, forstå kva for univers du er i og kva for reglar som gjeld der, og korleis skal du forstå han som losar deg gjennom, altså forteljaren, som ofte kan vere av det lumske slaget, og så kjem det du ikkje kan, det vil seie: referansar til noko du ikkje kjenner til. Det er underhaldande, i alle fall enn så lenge. Forfattaren har imponerande kontroll og turnerer det intrikate nettverket med stil og eleganse. Eg henger meg på den nye bølgja og ventar spent på korleis den vil utvikle seg.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK