Hopp til innhold

– Onkel laga maten til si eiga gravferd

Forfattar Anne B. Ragde fortel om onkelen som miste livet i ei trafikkulykke, like før han skulle feire sin eigen sekstiårsdag.

Anne B. Ragde fortel Hans Olav Brenner om onkelen, som døydde like før han skulle feire sekstiårsdagen sin.

– Onkel Palle var broren til mamma. Han heiter «Ib» både i Arsenikktårnet og i den nye boka, seier forfattaren, som er aktuell med romanen Jeg har et teppe i tusen farger.

Sjå Anne B. Ragde i samtale med Hans Olav Brenner i videoen over. Heile første sending i det litterære prateprogrammet «Brenner og bøkene» ser du kl. 20.55 på NRK2 i kveld.

– Me åt onkels mat i gravferda hans

Den verkelege «Ib» var gourmetkokk og hadde maten klar til si eiga sekstiårsfeiring, då han gjekk for å ta imot systera som kom med bussen frå Oslo til Danmark.

– Han blei køyrd i hel av ein taxi i det han skulle krysse gata for å møte mamma, fortel Ragde. Ho hadde ikkje hatt råd til å reise til Danmark for å feire onkelen, men drog ned til gravferda tre dagar etter ulykka. Då var det onkelens mat som stod på menyen.

– Det var rart. Men eg frydar meg og flirer berre når eg ser bilde av han. Han hadde ikkje villa at eg skulle sitje og vere lei meg. Han var jo ein latterklump frå morgon til kveld sjølv, seier forfattaren.

Ville kaste familiealbuma i svart søppelsekk

Ragde har skrive den nye romanen for å minnast mora. Boka dreier seg om forholdet mor og dotter imellom. Eit dramatisk augeblikk i Jeg har et teppe i tusen farger oppstår då Ragde oppdagar at mora er i ferd med å kaste fleire familiealbum i ein svart søppelsekk.

– Eg tenkte at dette var nok eit mammastunt, fortel ho. Men Ragde forstod etter kvart at fotoalbuma gjorde mora melankolsk.

– Ho såg kor glad ho hadde vore, og blei deppa som om ho var tilbake etter ei fantastisk reise, seier Ragde, som eig mange forseggjorte fotoalbum. Sjølv ser ho på livet og familiebilde på ein annan måte, meiner ho.

– Eg har mange bilde av folk som er døde. Men eg blir ikkje lei meg av å sjå dei, for då er eg tilbake i augeblikket. Dei lever for meg når eg ser dei igjen. Eg er heilt motsett av mamma slik sett, seier Ragde.

Sjå heile første sending i «Brenner og bøkene».

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober