Av Kjersti Wøien Håland
I si nyaste bok A Visit from the Goon Squad brukar Egan teknologi for å teikne opp eit bilete av tid som passerer.
Frå 1970-talet og inn på 2020-talet følgjer vi musikkbransjen i møte med eit meir og meir digitalisert samfunn.
– Det er ei bra linse å sjå tidsutvikling gjennom, seier ho til Bokprogrammet, som denna veka handlar om korleis bøker endrar seg i ein digital tidsalder.
– Ei ny verd annakvart år
– Det seier mykje om vår tid. Då eg voks opp var det veldig lite som skjedde, og det einaste som hadde endra seg då eg var tjue var at vi hadde fått telefonsvarar, men no er det ei ny verd annakvart år, seier Egan.
I boka er hovudkarakteren ein tidligare punkrockar som er sjef for eit suksessfullt plateselskap. Han er fortvila over kva endringane gjer med musikkbransjen. Han meiner det ikkje finst ekte musikarar lenger.
Egan sjølv er ikkje like bekymra, i alle fall ikkje for litteraturen.
– Eg er veldig interessert i å sjå korleis teknologien kan gjere romanen meir interessant, seier ho.
- Les også:
Powerpoint-litteratur
Dette ser ein tydelig i at det eine kapittelet i A Visit from The Goon Squad er skrive i Powerpoint-format. Ei søt historie om forholdet mellom far og son blir sett inn i eit grafisk bedriftsspråk.
– Det kalde utrykket gjer at eg kan fortelje denne historia som elles hadde vore for søt. Eg kunne ikkje skrive den i noko anna form enn Powerpoint, seier Egan i programmet.
Kapittelet tar seg bra ut på lesebrett, men er også eit velfungerande grep i den fysiske boka. Romanen fungerer slik på fleire leseplattformar.
A Visit from the Goon Squad har blitt anerkjent av kritikarar og lesarar i USA. Originaliteten og eksperimenteringa med form har skaffa romanen fleire prisar inkludert The Critics Choice Circle Award og Pulitzer-prisen for beste fiksjonsroman.
Lei av e-bokdebatten
Tidligare i år gjekk forfattar Jonathan Franzen så langt som å seie at
, og at magien frå papirsida forsvinn på ein Kindle eller iPad.Denne diskusjonen vil ikkje Egan ta del i.
– Det er ikkje nokon vits i å diskutere om e-bøker er bra eller dårlig. Dei eksisterer. Det er bare eit faktum, seier ho.
- Les også:
- Les også:
I Norge har bokbransjen
for å ligge langt bak amerikanarane når det gjeld e-bøker.Egan fortel at amerikanske forleggarar for bare nokre få år sidan avfeia e-bøker fordi dei kun utgjorde ein liten andel av boksalet.
– Eg tenkte at dei måtte vere galne. Det var litt skremmande at bokbransjen ikkje hadde ei meir framtidsretta holdning. E-bøker er komne for å bli, seier forfattaren.
- Les også:
– Romanen er ikkje trua
Å leike med form er naturleg for forfattarar, meinar Egan og trekk fram klassikaren The Life and Opinions of Tristram Shandy, skrive av Laurence Sterne på 1700-tallet.
– Ei side består kun i eit abstrakt maleri, den andre er heilt svart, seier ho medan ho blar igjennom boka som har vore ein stor inspirasjon for Egan.
Sterne var tidleg ute med å utnytte romanens potensial til det fulle. Både den originale forteljarstilen og dei visuelle grepa har gjort boka til ein klassikar.
– Hadde Laurence Sterne hatt Powerpoint så hadde han brukt det, fleiper ho.
Romanen er ikkje trua, meiner forfattaren, men vil ha den same funksjonen som den alltid har hatt.
– Sidan trykkekunsten vart oppfunnen har romanen hatt som oppgåve å trekke inntil seg alt som var tilgjengelig av verda utafor, seier Egan.
Den norske omsetjinga av A visit from the Goon Squad kjem ut i mai under tittelen Bølle på døra. Da vil også Egan komme på besøk til Litteraturhuset i Oslo.