Hopp til innhold

Bodils supper

Turbobudeia Bodil Nordjore røper sine beste suppeoppskrifter.

Suppe
Foto: Opplysningskontoret for Kjøtt / Studio Dreyer-Hensley

Tomatsuppe:

2 lauk
1 - 2 kvitlauksfedd
3/4 . 1 kg tomatur
1 ss karve
kraft te passa tykkelse
salt
pepar
evt chili
evt paprikapulver
evt

Køyr lauk og kvitlauk i matmylla, fres dette blankt i ein kjele med litt smør.
Vask tomatene, og køyr desse ogso i matmylla til dei er ei passa jamn masse. Ha tomatmassa oppi kjelen, kok opp på svak varme.
Ha oppi karve og lat dette småputre i nokre min, då fyser vatnet ut av tomatune og det heile fordampar og får ein meir konsentrera smak.
Spe me dlitt kraft, grønsakkraft eller kjøtkraft.
So kan du krydre med den smaken du tykkjer er gild, lite eller mykje, til sterk eller passa stærke suppe

Her er nokre framlegg til smakar du kan styre det heile mot.
Vil du ha ei kraftigare og krema suppe, kan du sjølvsagt ha oppi både fløyte, rjome, smør og creme fraiche...dette gjere du som du har lyst til der og då!

evt
pesto (basilikum)

evt rjomi

evt
kjøt (koka og reinsa frå lam eller stute (storfe))

evt
pasta

evt
grønsaker (sellerirot, jordskokk, gulrot og broccoli)

evt
hardkoka egg (båtar)

evt
fløyte

Bodil Nordjore

Turbobudeia Bodil på hjemmebane.

Foto: Helena Rønning / NRK

Blomkålsuppe:


1 blomkålhovud
1/2 - 3/4 l mjølk

salt
pepar
ein fløyteskvett

evt sprøstreikt bacon
evt sprøsteikt tunne spekejskinke bitar
evt kamskjel (lett sprunge ivi steikjepanna, so dei får ein fin farge)
evt ei urteblanding (persille, dill, fenikkel (d grøne), graslauk)
alt finklypt og friske

Vask og reins blomkålen og del den i bukettar. kok den passa møyr i mjølk.
Tak blomkålbukettane opp og køyr dei til mos i ei matmylle, ha denne mosen attænde i kjelen og spe med mjølka til suppa vert passe tykk.
Ha gjerne ein fløyteskvett oppi.

Lat suppa småkoke 5 - 8 min, pass på at du har kjele som toler mjølk, om ikkje kan det fort svi seg.ha i salt og pepar.
So kan du velje på kva du vil ha oppi suppa eller intil suppa, eit gøtt brød gjere ogso susen her.


Stuterovesuppe:

2 passa mellomstore stuterovur
50 g smør
salt
pepar
2 l kraft
3 gulrøtar
5 stilkar stongselleri
2 fedd kvitlauk
2 laurberblad
2 ss smør
2 ss kveitemjøl (kan sløyfast)
ev 3 ss sherry
sellerigrønt
bladpersille

Bre /smelt smøret i ei gryte, legg oppi kjøtet og strø på salt og pepar, surr kjøtete so lengje at det vert brunt og fint på alle sider. slå på kraft, legg i laurberblada og la dette stå å småputre i fleire timar, til kjøtet vert møyrt.
Når kjøtet har koka vel og lengje,har du oppi skrella og oppdela grønsaker og lauk, lat dette koke til det er passa møyrt
Tak opp kjøt og grønsaker og sila krafte.
Lag ei jamning og lat dette verta ljosebrunt, tilset den varme krafta og rør suppa blank og jamn.
Legg so oppi kjøt og grønsaker og om du vil sherry og bladgrønt
rør varleg, dette er burtimot heilage saker.
Server mæ nyklypt og finklypt bladpersille.


Kjærleikssuppe 1:

100 - 200 g smør
4 - 5 laukar
6 store joreple
kraft
1 - 2 l mjølk
1 putt fløyte
1 putt rjome
løpestikke etter smak
salt
pepar

Smelt smøret i ein kjele, reine lauken og køyr den i ei matmylle, ha den oppi kjelen med smør. reins og del jordepla og køyr desse ogso i matmylla. ha dei oppi kjelen med lauken..lat dette surre i 3 - 4 min p passa varme.
Ha oppi litt god kraft,
spe med litt mjølk til passa tykk suppe, ha oppi fløyte og rjome.
Salt og pepar
Køyr løpestikka og på matmylla til den vert småkutta og fin, ha oppi suppa etter smak.
Her lyte du velje om du vil spe mest med kraft eller mest med mjølk, og kor feit du vil ha suppa
Sprøsteik nokre strimlar med spekjeskinke og vips har du ei festsuppe, om du spanderar gøtt brød og gode drikke til då!


Kraft:

Gode kraft er relativt lett å få til, om du berre har litt tid.
Kaup nokre gode kraftbein, gjerne margbein og brun dei i langpanna i ovnen.
Ha kraftbein gulrot og selleri saman med lauk oppi kjelen og slå på vatn til det dekkjer det heile.
Lat dette småkoke eit par timar.
Sila vekke bein og grønsaker.
Lat den reine krafta småkoke og reduserast til den er kraftig på smak og ser brun ut på fargen.
Bruk isbitposar og fyll oppi krafta. frys dette ned, so kan du lett få plass og lett finne att den kraftsmaken du treng.
Dette er lurt å ha tilgang på, rett som det er treng du ein ekstra smak på både suppe og saus!

Kjærleikssuppe 2:

150 g meierismør
5 laukar
6 store poteter
god kjøtkraft til passa suppetykkelse
1 l mjølk
1 putt fløyte
1 putt rjome
løpestikke etter smak
1 ss salt
1 ss grovmalen pepar

Som garnityr, kan ein sprøsteike strimlar av spekeskinke, eller sprøsteikt baconskiver, dette er litt å knaske på, og so smakar det gørrgøtt!
Smelt smøret i ein kjele, ha i fin knusa lauk frå matmylle. Skrell og del opp potetene og køyr dei og i matmylla til ei jamn masse. Ha dette i ein og kjele og spe med kraft og mjølk til det vert ein fin suppekonsistens.
Ha i fløyte og rjome, salt og pepar. Løpestikka er nokso gjennomgripande på smak, so ver litt varsom med mengde om du er var på sterk smak. Knus denne og på matmylla, då får du fin
fine løpestikke bitar.

Fiskesuppe:

av ypparst kvalitet !

2 - 3 lauk
2 fennikkel
4 - 5 kvitlauksfedd

4 - 5 dl turr kvitvin
4 - 5 dl fiskekraft

1 putt fløyte
evt litt rjome (for å få ein syrna smøk)

kvit fiske
raud fiske

persille
dill
evt graslauk
det grøne på fennikkelen


Reins og køyr dette på matmylla di!
Fræs litt gøtt smør i kjelen, og ha uppi lauk og fennikkel.
Lat dette små kose seg litt i kjelen til det vert blankt.
Slå på kvitvin og lat dette surre seg om lag 15 - 20 min, slå på fiskekrafta, lat so dette få godgjera seg i ein times tid på svak varme.
Sila frå krafta, og slå krafta attende til kjelen. reduser denne. om du har god kraft so er du bergja, har du ei len og mild kraft kan dette stå nokre timar å småkoke til det vert meir smøk på krafta, ha oppi fløyten og lat den småkoke med..
Smak til med salt og pepar.
omlag nokre minuttar føre du skal servere denne suppa, so har du oppi små delikate trinne fiskebitar, som passa rpå ei suppeskei. både kvit og raud fisk er flott her.

Sår du servera denne suppa kan du finklyppe perislle og dill ibotn av tallerken
når du slår på suppa, kjem det friske grøne uppå suppoverflata!

Laksesuppe/vikinganes laksesodd:

Om lag 400 gram fersk laks
1 lauk
3 runde kvitlaukar
grovmalen pepar
salt
vatn/lettøl
laurberblad

raud lauk
sure epler
evt. litt rjome

Dette er ei suppe som eg ofte kan koke når eg har gjort gravlaks.Då tek eg framdelen, rova og buken vekk frå gravlaksstykket, dette er ypparleg til fiskesuppe. Dette er Astrid Riddervoll si favorittfiskesuppe, det er funne dokumentera spor etter denne suppa i Osebergskipet (800 – 850). Suppa er veldig enkel, og sidan dei hadde dårleg med ferskvatn, det dei hadde av ferskvatn var av dårleg kvalitet, nytta dei spissøl/lettøl eller pils. Den er litt morosam pga konsistensen, i dag kan dei med glutenallergi fint eta denne suppa, då den er rein for kveitemjøl, det er fiskekjøtet som er tykningsmiddelet til suppa
Ha vatn, salt, pepar og fisk i ein kjele, varm opp og la det trekkje til fisken er koka.
Tak opp fiskekjøtet og reins stykka for skinn, bein og andre ulumskheitar. Sil krafta, tak fiskestykka og litt kraft i matmylla, slik at det vert ei sams masse i bollen. Køyr fisken på matmylla til den er fin struktur på. Ha resten av krafta og fisken attende til kjelen, kok forsiktig opp. Spe om nødvendig med meir kraft.
Ha i knusa kvitlauk og finhakka gul lauk, smak til med krydder. Når du serverar denne suppa, har du finsnitta surepler i ei skål og finsnitta raud lauk i ei lita skål, slik at det vert liggjande oppå kvar einskild suppebolle.

God fiskekraft:

2 kg fiskebein, hovud og hale
ca. 4 l vatn
1 lauk
litt selleri
1 sitron
1 laurberblad
litt smør
litt persille

Bræ / smelte smør i ein og kjele, ha uppi lauk, selleri, persille og fisken. Ha oppi sitronsafta godt fordela over resten. Lat dette verta blankt, ikkje brunt. Ha i vatn og laurberblad, lat dette smokoke 1 time, skum gøtt. Sila gjennom eit klede.


Den gode viltkrafta:

3 kg viltkjøt og bein
4 gulrøtar
1 – 2 purre
1 sellerirot
2 lauk
1 ss heil pepar
2 laurberblad
1 bunt persille
litt smør
5 – 6 liter vatn
Brun kjøtet i smør, ha oppi vatnet. Koko upp og skum av. Når krafta har skumma frå seg, har du oppi rensa og kutta grønnsaker, samt krydder. Lat dette koke i om lag 3 – 4 timar. Sila krafta og la stå til den er kald.


Jordskokksuppe:

½ - ¾ kg jordskokk
½ - ¾ liter vatn
1 sellerirot¨
80 gram smør
70 gram kveitemjøl
1. 5 liter kjøtktaft
2 dl fløyte
2 eggeplommer
grovmalen pepar
salt
rikeleg med persille

Reins og del opp jordskokkane, lat dei liggje i eddikvatn ein time, (2 liter vatn og 2 ss eddik).
Ha det kalde vatnet og jordskokken i ein god kjele, kok opp med selleri og salt. Når alt er koka kan du køyre dette på ei matmylle til ei pure.
Ha smør og mjøl i ein kjele, ha i pureen og spe med krafta. Rør saman eggeplommer og fløyte, bland med litt av supperåstoffet føre du har det attende i kjelen. Smak til med krydder og salt. Ha suppa i ein fin bolle og pynt med masse reven persille.


Elgsuppe:

2 – 3kg elgkjøt
2 lauk
2 gulrøtar
litt småflesk
1 ss heil svart pepar
1 laurberblad
1oo gram smør
evt litt feit kvitvin
evt nokre bollar av elgkjøt

100 gram smør
100 gram kveitemjøl

Skjer kjøtet i små delikate bitar, brun det i smøret. Ha i lauk og gulrøtar i små fine stykker. Dette tek du opp og køyrer det på matmylle til det vert ein grovstrukturert kjøtmasse. Ha 100 gram smør og 100 gram kveitemjøl til bruning i ein kjele. Spe med kraft, ha uppi elgpureen tilset kvitvin og salt etter smak. Her kan det vera gøtt me sprøsteikt småfles og/eller kjøtbollar


Blåskjellsuppe av Bodil, den beste på jord:

1 kg blåskjell, vaska og rensa
2 lauk, rensa og hakka
1 heil kvitlauk
1 fenikkel, småhakka
kvitvin 3-4 dl, tjurr
smør

fiskekraft 5-6 dl
fløyte 3 dl

”Bræ” /smelt smøret i ei gryte, tilsett selleri og lauk, lat det surre seg mjukt. Tilset knusa kvitlauk, kvitvin og kok upp. Ha i blåskjell og damp til skjella opner seg 5-10min, tak burt dei som ikkje vil opne seg.
Rens blåskjella, sil krafta og tilset fiskekraft. Kok opp og la det koke litt inn, ha i fløyten.
Smak til med salt og pepper. Det er fenikkelen her som er ein del av hemmelegheita!
Den rundar av og forsterkar smaken på ein forførande måte, utan at du eigentleg kjenner at det er det det er.
Ha i blåskjella, ha på gøtt med småsnitta purrestrimler. Eit knakande gøtt ljost brød til detta er det beste festmåltid du kan drøyme om. Tenk at noko so enkelt og noko so godt kan skapa slik unik smak og stemning.
Når eg er svolten på noko heilt i særklasse og som er apetittvekkjande og vælsmakande ynskjer eg meg denne suppa, framfor veldig mykje anna, den har alt du kan drøyme om i eit augnebel!
Dette er den beste suppa eg veit om.


Eg seier dette berre ein gong NYT DET!

Mvh
Bodil Nordjore

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.