– Eg hadde lært å laga websider, og ville laga ei ny kvar dag. Eg måtte ha noko å fylle sidene med, og da vart det ei dagbok. Eg veit ikkje om andre som begynte samtidig som meg, men etter kvart kom det fleire.
Marianne Evang fortel at ho alltid har skrive dagbok for å dokumentere ting rundt seg.
SKRIV FRAMLEIS: Marianne Evang skriv framleis dagbok på nett, men nå med innlogging for dei aller næraste.
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK– Eg likar å ha alt nedskrive og å ta vare på alt. Når ein skriv ned ting så får ein det vekk frå hjernen, og ein slepp å gå og gnaga på det.
– Fekk du mykje merksemd med Huldras dagbok?
– Det var ein del som sendte mail. På denne tida var det ikkje så mange sider på internett. Eg likte å kalle kvar dag ein bestemt ting, for eksempel røyrleggjardagen. Så når folk søkte etter røyrleggjar, kom sida mi opp. Ein gong fekk eg mail frå ein røyrleggjar som hadde prøvd hardt å koma øvst på søkelista, utan å få det til.
Ville kaste regjeringar
GJEKK TIL TOPPS: Heidi Nordby Lunde vann hovudprisen i den aller fyrste norske bloggkåringa i 2005. Det var Dagbladet som stod bak kåringa av «Gullbloggen».
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRKStortingspolitikaren Heidi Nordby Lunde, som òg er kjend som bloggaren VamPus, ser attende på det tidlege bloggmiljøet i Noreg.
– I starten var vi ei radikal rørsle som ville konkurrere med dei store avisene. Vi skulle kommentere hendingar og til og med ha breaking news, slik som i utlandet.
Men i Noreg var det ikkje dei mediekritiske bloggane som vann terreng.
– Etter kvart kom rosabloggane, noko vi ikkje føresåg i det heile! I starten var vi eit oversiktleg miljø, nå er det mange stemmer og mange sfærar. Bloggverda har gjeve oss noko vi ikkje visste om på førehand.
BLOGGAR OG POLITIKAR: I dag er Heidi Nordby Lunde stortingsrepresentant for Høgre. Tidlegare var ho mest kjent som bloggaren VamPus.
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRKHar endra tradisjonelle media
Jill Walker Rettberg er professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen, og grunnleggjaren av den fyrste forskingsbloggen i Noreg. Ho fortel at blogging har hatt mykje å seia for mediemangfaldet.
PROFESSOR OG BLOGGAR: Jill Walker Rettberg er skeptisk til at det blir samla mykje mediemakt i kommersielle plattformer som Facebook og Twitter.
Foto: Tina Pavlin– Da Blogger.com vart lansert i 1999, hadde dei slagordet Publishing to the people. Da vi fekk bloggar der alle kunne publisere, vart maktforholdet i media endra.
– Kva er status for bloggen i dag?
– Det at kven som helst kan skrive korte postar på nett, finn vi att i Twitter, Facebook og Instagram. Slik sett lever bloggen godt. Det finst òg tradisjonelle bloggar, men dei tek ikkje så stor plass som dei gjorde i 2004 – da blogg var årets ord.
NETTDEMONSTRANTAR: Heidi Nordby Lunde leiker seg litt med legodemonstrantane framfor Stortinget. Legofigurane er tilhengarar av sosiale medium.
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK