Hetsing på internett har eksplodert, ei ny undersøking frå Medietilsynet viser at ein av ti ungdommar har vorte mobba på nett. Spesielt er det
.– Eg trur det har med at blogginga har skifta form. Det er fleire unge menneske som eksponerer seg på nett no, gjennom blogging og spesielt videoblogging, seier Kristin Oudmayer, bloggar og forfattar av boka Fordi jeg fortjener det? En bok om mobbing, håp og ansvar.
Pengar å tene
Sjølv om enkelte nok ikkje heilt veit kva dei gjer når dei utleverer seg sjølv i ein blogg, er dette slett ikkje tilfelle for alle, trur ho.
– Blant ein del profilerte bloggarar er dette ein gjennomtenkt strategi.
Bloggar som er godt besøkte, kan vere ei god inntektskjelde. Mange «nett-klikk» gjer nemleg bloggane interessante for annonsørar.
– Det er ikkje tvil om at bloggane, der konfliktar kjem til uttrykk, der ein hengjer ut andre bloggarar, eller utleverer seg sjølv og framstår som naiv og dum – at det er godt besøkte bloggar. Å framstille seg som dum eller vere slem er absolutt ein måte å tene pengar på, seier Oudmayer.
Endra form gjev meir mobbing
Ho trur bruken av videoblogging har påverka måten mottakarane kommenterer bloggane på, og at det har ført til ein auke i nett-mobbinga.
– Når ein framstår som litt naiv, sjølvutleverande, kanskje dum, så trur eg at dei som les, høyrer og ser bloggane, tillèt seg å gå mykje lenger i kommentarane sine.
Oudmayer ser at mobbinga aukar mykje, spesielt i enkelte bloggmiljø, der ein eksponerer og utleverer seg sjølv.
Status å vere slem
Bloggane som hengjer ut andre, får gjerne mykje respons og besøk.
– Det gjev status å vere slem, det skaper ein slags opinion i det miljøet dei tilhøyrer. Det at ein tør å gå lenger enn alle andre, og på den måten pushar dei kvarandre fram, seier Kristin Oudmayer.