Hopp til innhold

Blei booka til Bylarm og Klubbøya utan å ha gitt ut ei einaste låt

Skodespelar Kristine Utne Stiberg (27) vil «penetrere rap-gamet».

Kristine blir rapper, Kristine Utne Stiberg.

SKAL LAGE SHOW: Kristine frå Oslo er frå før av både scenekunstnar og skodespelar – no satsar ho for fullt som rapartist.

Foto: Daniel Almås

– Eg vil bli Noregs Doja Cat, seier ho med eit glimt i auga.

Allereie før Kristine Utne Stiberg, alias Kristine Blir Rapper, i det heile tatt hadde gitt ut noko musikk, blei ho tatt inn i varmen av nokre av Noregs mest toneangivande musikkfestivalar.

Ambisjonane er skyhøge. Og tilfellet er akkurat det artistnamnet tilseier. Kristine skal bli rappar.

No er ho aktuell med si aller første utgiving, «AK (Alle Kom)». Ein låt der ho rappar på flytande norsk, dansk og svensk – gjerne i éi og same setning.

– Eg synest det er kjempeviktig å leike, sjølv om ein er vaksen. Då også med språk. Eg trur absolutt det er plass til meir leikenheit i norsk musikk, seier ho.

Med ei svensk mamma og skulegang frå Odense i Danmark har rapparen stålkontroll på samtlege sprog.

Det har nokre viktige bransjefolk fått høyrt – og likt. I månadane som kjem står nemleg både Bylarm og Klubbdagen under Øyafestivalen for tur for nykommaren.

Kristine blir rapper

DEBUTERER: – Låten min handlar jo, kjempebanalt sagt, om å ligge med alle. Den handlar om å «vaksenleike» og om nærleik til alle typar kroppar, seier Stiberg om debutsingelen.

Foto: Jenni Friis Bjørgli

Gjekk viralt med pute-video

Men sjølv om Stiberg er fersk i musikkverda, er ho på ingen måte ein nybegynnar på scenen. Ho kjem inn i bransjen med ei solid skodespelarutdanning i ryggen og ti års erfaring som scenekunstnar.

– Då eg starta rap-prosjektet mitt, så var mange som trudde det var kødd. Men det er det jo ikkje. Eg vil vise at eg er komen for å bli, seier ho.

NRK skreiv nyleg om dei unge artistane som balanserer musikkarrieren med skodespelarkarrieren. Sjølv definerer Stiberg prosjektet sitt som noko mellom musikk og scenekunst.

– Eg vil lage nye blandingar og bane nye vegar. Det er jo ein viktig del av det eg vil med alt dette.

I tillegg meiner ho at kjønnsbalansen i denne delen av musikkverda er for dårleg og vil vere med på å vippe balansen i riktig retning. Ho vil, med sine eigne ord, «penetrere rap-gamet».

– Det er veldig mange penisar i rap-verda. Eg ønskjer å trenge meg gjennom og å skape betre plass til fleire rapparar som ikkje er gutar, seier ho.

Kristine Blir Rapper

SCENEVANT: Kristine Blir Rapper meiner at teaterbakgrunnen hennar kan gi henne ein fordel når ho speler konsertar. Det er på scenen ho føler seg mest heime.

Foto: Xin Li / NRK

Som dei fleste som vil opp og fram, er Kristine Blir Rapper aktiv på sosiale medium. I haust fekk ho oppleve det som berre kan beskrivast som heftig medvind gjennom algoritmane på Instagram.

Ho vakna nemleg opp til over 16 millionar visningar på ein video ho hadde lagt ut. I videoen står ho på balkongen og bankar støv av, eller kickboksar, sofaputene i baris.

– Folk gjekk amok og følgjarane auka for kvar dag som gjekk. Det var heilt absurd.

Mange vil nok seie at stuntet ikkje har noko med musikken hennar å gjere. Sjølv meiner ho at det absolutt har ein samanheng.

– Det er jo den same urkrafta som eg prøver å få fram på scenen, seier ho.

Ei samansmelting av kunstformer

Dei som har vore på musikkfestivalar og konsertar den siste tida, har kanskje merka seg at det er fleire som jobbar i skjeringspunktet mellom musikk og scenekunst.

Karpe har dei siste åra slått rekordar med sine spektakulære, teatralske konsertar.

Men også svartmetalltrioen Witch Club Satan og kollektivet Tacobitch har fått mykje hype for å slå seg laus på tverrkunstnarisk vis. Pop-kometen Metteson har sjølv teaterbakgrunn og blandar ofte inn element av dette i konsertane og musikkvideoane sine.

Samansmeltinga mellom ulike kunstfelt er berre sunt, meiner Stiberg. Ho fortel at verda blir meir og meir eit «lappeteppe».

– Eg trur det også handlar om at mange har lyst på meir skaparmakt i sine eigne hender. Med eit eige artistprosjekt har ein mykje meir fridom enn for eksempel på eit institusjonsteater, der regissørane sit på makta, fortel rapparen.

Noko av det som er mest morosamt med å spele konsertar synest ho er kontakten med publikum.

– Med eit teaterpublikum er kontrakten at ein eigentleg ikkje skal snakke. På ein konsert er det omvendt. Du ropar ut til folk – og folk ropar deg tilbake i trynet. Det synest eg er skikkeleg digg.

Sjå bileta frå då NRK blei med rapparen på konsert på Økernsenteret i Oslo:

Kristine Blir Rapper under sin konsert på Økernsenteret.

LEIKEN: Kristine Blir Rapper blandar fleire element frå scenekunst inn i konsertane sine. Interaksjon med publikum er ein viktig del av showet.

Foto: Xin Li / NRK
Kristine Blir Rapper under sin konsert på Økernsenteret. Hun sitter oppå panseret på en bil mens publikum går rundt henne.

... blant anna blei publikum oppfordra til å spele låten hennar høgt på mobilane sine medan dei traska rundt artisten.

Foto: Xin Li / NRK
Kristine Blir Rapper under konserten hennes på Økernsenteret.

Det var fleire kostymeskift...

Foto: Xin Li / NRK
Kristine Blir Rapper under konserten hennes på Økernsenteret i Oslo.

og enda fleire småpoetiske monologar.

Foto: Xin Li / NRK
Kristine Blir Rapper under sin konsert på Økernsenteret.
Foto: Xin Li / NRK

Musikkjournalist i Ballade, Siri Narverud Moen, meiner det er svært positivt at fleire tør å utfordre musikkformatet og kva ein konsert kan vere. Sjølv synest ho Kristine Blir Rapper har kule mål om å bryte former og bryte grenser – både tematisk og mellom språk.

– Artistar med teatererfaring kan ha nokre andre typar verktøy i kassa si, som kan vere effektive. Dei veit korleis dei skal lage show og skape noko som gjer ein «wow»–følelse.

Ho fortel derimot at det ikkje er noko nytt med denne blandinga av kunstformer og meiner at alle musikkartistar speler teater i større eller mindre grad. Nokon gjer det berre på ein tydelegare måte enn andre.

Det er langt større konkurranse om merksemda til publikum no enn tidlegare, meiner ho.

– Vi kjem nok til å sjå fleire kreative format på konsertar framover, spår Moen.

Kristine Blir Rapper

Heile konserten måtte sjølvsagt ende med ein klassisk stagedive.

Foto: Xin Li / NRK

Svolten på fleire kultursaker? Sjekk ut desse:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.