Hopp til innhold

Blei «dumpa» av forlag – forfattarkollega meiner fleire burde støtta han

Fredag kjem den nye boka til Per Marius Weidner-Olsen. Etter kontroversen rundt førre bok, får forfattarmiljøet kritikk.

Per Marius Weidner-Olsen kjem med ny roman "Ny mann" fredag 4.11.

SPENT: Per Marius Weidner-Olsen fortel at han er spent før utgivinga av den andre romanen sin, «Ny mann».

Foto: Philip Hofgaard / NRK

«Ny mann» handlar blant anna om det å sona i fengsel. Men det var ikkje gitt at forfattarskapet til Per Marius Weidner-Olsen skulle fortsetja.

I 2020 gav han ut debutromanen sin, som hans dåverande forlag stoppa etter første opplag i korte trekk fordi at han ikkje opplyste om ein tidlegare straffedom.

Eg er veldig glad for at forfattarskapet fortset, seier han til NRK.

«Ny mann», ny roman

Forfattaren legg ikkje skjul på at det har vore nokre spesielle år sidan dommen frå 2003 blei kjent for offentlegheita for to år sidan.

Det seier seg sjølv at offentleggjeringa av straffedommen, brot med forlaget og at boka blir lese på ein måte ein ikkje er einig i, er utfordrande.

Han fortel at han starta å skriva «Ny mann» seinsommaren 2021. Boka fortel ei historie om ein mann som sonar i fengsel, og tida etter enda soning. Weidner-Olsen reflekterer rundt tema som han opplever som ein raud tråd gjennom livet sitt, nemleg soning, skuld og skam.

Forfattaren har sjølv sete i fengsel, men fortel at det meste i boka er fiktivt. Han skriv utifrå eigne erfaringar, men ser ikkje på boka som sjølvbiografisk.

Per Marius Weidner-Olsen kjem med ny roman "Ny mann" fredag 4.11.

SONING: I boka, reflekterer forfattaren mykje rundt det om ein nokon gong blir ferdigsona etter ei forbryting.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Gyldendal er forlaget som no gir ut «Ny mann», noko forlagssjef for skjønnlitteratur Kari Marstein er svært glad for.

– Me gir ut denne boka fordi ho er veldig god og fordi at forfattaren her trekk vekslar på nokre erfaringar som er veldig sjeldne blant norske forfattarar. Eg håpar ho blir lest som ei bok uavhengig av dei kontroversane som oppstod rundt førre utgiving.

Les meir om bakgrunnen for saka her:

Meiner forfattarmiljøet burde støtta betre

Ein annan som er glad for at Weidner-Olsen får høve til å gi ut bok nummer to, er forfattar Demian Vitanza.

Han kritiserer forfattarmiljøet for ikkje å ha støtta Weidner-Olsen i større grad tilbake i 2020.

– Det var nokre få stemmer som gav litt støtte, men veldig lite. Og det er forståeleg, for ein kan jo tolkast som at ein ikkje synest det er så fælt det han har gjort, eller at ein ikkje bryr seg om den fornærma i saka hans, men det er jo sjølvsagt ikkje tilfelle. Det eg forsvarer er retten hans til å skriva om denne tematikken. Der synest eg me må vera modige og prinsipielle. Og eg synest fleire forfattarar burde vore tydelege på det, seier forfattar Demian Vitanza.

Demian Vitanza

VIKTIG: Demian Vitanza meiner den nye boka til Weidner-Olsen er viktig: – Erfaringa hans gjer at me kan belysa tematikkar frå andre vinklar. Det er det litteratur handlar om.

Foto: Tine Poppe / Aschehoug forlag

Hardast i kritikken er han mot Den norske Forfatterforening.

– Det som er endå meir alvorleg er at forfattarforeniniga ikkje grip inn og vågar å vera prinsipielle. Dei er jo advokatane våre, og skal ta kampane når det er prinsipielle konfliktar mellom forlag og forfattar, seier han og fortset:

– Dette handlar om ei usemje om korleis ein skal forstå ein del av normalkontrakten: burde han informert om kva han hadde gjort for veldig mange år sidan, sidan det var ein tematisk samanheng med det boka handla om? Eg meiner han burde ha sleppt. Og forfattarforeininga burde tatt den kampen og beskytta forfattaren, som er foreininga si oppgåve.

Leiar Heidi Marie Kriznik i Den norske Forfatterforening seier ho kan forstå at Weidner-Olsen kjente seg åleine.

– Me skal jo sjølvsagt stå på forfattarane si side i relasjon til forlag. Men forfattarforeininga er ein organisasjon med ein variert og samansett medlemsmasse, og me har jo ikkje innsikt i alle sider av denne saka, det sa me òg i 2020. Då er det ikkje naturleg at forfattarforeininga meiner noko utover det prinsipielle. Og det er sjølvsagt at ytringsfridommen og den kunstnariske fridommen er viktige prinsipp.

– Sa de dette tydeleg og offentleg nok i 2020?

– Det må nesten vera opp til andre å vurdera, men me hadde eit styrevedtak på korleis me ville uttala oss som foreining den gongen i 2020. Me var heilt tydelege på at ingen meinte at Weidner-Olsen ikkje skulle få gi ut bøker. Sånn sett er det kjempebra at han har funne eit forlag som vil gi ut bøkene hans.

Weidner-Olsen sjølv fortel at han opplevde at det var ganske taust frå forfattarkollegaar og feltet. Forlagssjef Marstein seier seg einig.

– Eg hadde nok håpa, og er kanskje litt overraska over at det ikkje var ein tydlegare diskusjon av dei prinsipielle sidene ved denne saka, seier Marstein.

Kari Marstein, forlagssjef på Gyldendal

IMPONERT: Kari Marstein i Gyldendal seier ho synest «Ny mann» er ei usedvanleg rik litterær bok.

Foto: Gyldendal

– Må ha fornærma i bakhovudet

Då debutromanen til Weidner-Olsen blei stoppa i oktober i 2020, var bakgrunnen at fornærma frå straffedommen frå 2003 reagerte på romanen. Vedkommande opplevde at romanen kunne tolkast i eit anna lys når ein kjenner til dommen.

Forfattar og samfunnsvitar Heidi Helene Sveen meiner det er viktig at kritikarar og dei som skal omtala boka i offentlegheita har dette bakteppet i bakhovudet.

Heidi Helene Sveen, Samfunnsviter og forfatter

FORFATTAR: Sveen har blant anna gitt ut boka «Såpass må du tåle – sex, krenkelser og offentlig debatt».

Foto: Privat

– Tema i boka (frå 2020 journ.anm) overlappar med noko som har skjedd i verkelegheita. Særleg i ei straffesak der det finst ein fornærma i saka som lever og som følger med på det som skjer i offentlegheita, tenker eg det er viktig at boka blir lest kritisk med det som bakteppe, og at meldarane tar det opp i meldinga på ein god måte som varetar at det faktisk har vore ein vanskeleg situasjon for ein person som lever.

Forfattaren fortel at han har spurd seg sjølv om det var noko han burde gjort annleis rundt publisering av debutromanen sin i 2020.

– Men eg opplever oppriktig talt å vera i takt med vala mine då, og vala om å ikkje opplysa om dommen. Eg aksepterer at andre ser det annleis. Men alt i alt står eg støtt i vala.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.