Rogaland Kunstmuseum
Helge Torvund er oppteken av biletkunst
I eit hjørne i ein av utstillingssalane i Rogaland Kunstmuseum, heng eit skap frå 1866. På kvar av dørene er der tre felt der kunstmålaren Lars Hertervig har brukt penslane på seks trolske naturmotiv. Det er i dette rommet eg møter lyrikaren Helge Torvund, som fortel at her har han stått mange gonger. Heilt ifrå han var ung gut, tok han turen inn i denne magiske billedverda.
"Her fann eg seks kjærleiksdører
til sansane. Seks skyer
til å leggja frå seg sutene på.
Dei blå og dei grå og dei raude.
Eg kom til ei skjeggete furu i myra.
Her er det."
Uhelbredeleg målar
Lars Hertervig var "uhelbredeleg målar"
Lars Hertervig vart fødd på Borgøya i Tysvær, 16. februar 1830. Og bak i boka har kunsthistorikaren Holger Kofoed skrive ein kortfatta biografi om målaren. Og sjølv om Hertervig etter opphald på Gaustad asyl kom ut med diagnosen schizofreni, er det ikkje alle fagfolk som er villige til å godta den. Kofoed spissformulerar det slik: "Hertervig var ikke uhelbredelig sinnsyk, han var uhelbredelig maler".
Frå øybuar til øybuar
Ein av våre fine nolevande kunstmålarar, Ørnulf Opdahl, som har si øy på Mørekysten, gir også "Et bekreftende nikk" til Hertervig i eit etterord. Han føler seg på mange måtar i slekt med denne gåtefulle målaren. Og den som kjenner Opdahls landskap, vil oppleve den samme meditative roa hos begge kunstnarane.
"Å starta med ein blå drope"
Lyrikaren Helge Torvund, som er bror av billedkunstnaren Gunnar Torvund, er oppteken av målarkunsten. Diktsamlinga hans, "Kitty K." som kom ut i 2000, munna ut i ein lang sekvens om målarinna Kitty Kielland. Og det er noko likt mellom det å trekke opp det første penselstrøket på lerretet og det å møte det kvite papiret med eit ord eller ei strofe.
"Eg kjenner blå pigment
prikka mot auga.
Gjennom bringa står vindane
i regnbogens fargar.
Eg vert røska opp
i ein kvervel av gråt og jubel.
Gje meg ei hand
som ikkje peikar".
Harald Overå
Poesi-tid
Måndag 16/12-02 kl 1930