Unni mønstrar på forskingsfartøyet
Ein fredag formiddag går tre landkrabbar frå Newton om bord i skipet G.O. Sars som ligg ved kai i Bergen. G.O. Sars er verdas mest avanserte forskingsskip, og det er Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen som eig det. Dei tre som går om bord er fotograf Roger, producer Frida og så eg då - Unni. I sekkane våre har vi fleire pakkar med sjøsjuketablettar, og vi har stor tru på at dette skal gå som smurt. Riktignok har ingen av oss særleg erfaring til sjøs, men vi blir sikkert ikkje sjøsjuke!
”En sjømann elsker havets våg…”
Skipet skal vere ute på sjøen ein heil månad, og det er masse greier som må ordnast medan skipet framleis ligg ved kai. Forskarane som skal vere med på toktet, har fått om bord kassevis med avanserte instrument og utstyr, og det er ei hektisk stemning på båten. Folk jobbar for fullt med å laste om bord mat for ein månad til sjøs, og med å skru instrumenta fast til benkane. Ute på havet kan jo bølgjene bli ganske store, og då kan dyre instrument fort dette i dørken viss dei står laust. Vi tre frå Newton spring omkring frå dekk til dekk og gjer oss kjent på båten, vi filmar og står på. Ut på ettermiddagen legg båten endeleg frå land og seglar utover mot det store havet. Dette går jo knallbra! Sjøen er riktig nok ganske tam enno, men vi føler oss jo veldig fine, så vi blir sikkert ikkje kvalme, tenker vi. Men det var før vi kom utaskjærs….
Men elsker Unni havets våg…?
Unni intervjuar toktleiar Truls
Medan båten seglar ut frå Bergen med stø kurs mot storhavet, tar vi likeså godt eit intervju med toktleiaren Truls oppe på dekk. Det er kjempefint vêr og fin solnedgang. Alt er berre flott! Etter kvart blir det ganske gøy å vere ute på dekk, for båten skvalpar veldig frå side til side, og vi held nesten på å dette over bord. Skipperen ser litt bekymra ut når han kiker ut på oss frå brua, og han blir veldig glad når vi er ferdige med intervjuet og går inn.
Producer Frida og foto-graf Roger i aksjon på dekk. Det var før sjøsjuka satte inn for alvor.
Men hjelp! Innandørs merker vi brått mykje meir til bølgjene, og det er kjempevanskeleg å gå omkring i gangane. Vi mister balansen og dunkar borti veggane heile tida. Men det er ikkje så ille, det som er verre, er at det kjenst ut som at innhaldet i magen byrjar å skvalpe omkring. Blæh! Eg føler meg ganske kvalm. Det er slett ikkje like gøy med bølgjer lenger! Vi proppar oss med sjøsjuketablettar, og Roger og eg prøver å spele kort i messa for å tenke på noko anna enn bølgjer. Men før vi har fått pakka ut korta bestemmer eg meg veldig fort for at den einaste plassen det går an å vere no, er i senga mi i lugaren.
”Det blir ikkje Newton i dag – programleiaren vart sjøsjuk…”
Hjelp - vi er blitt så sjøsjuke! Vi må kanskje gå og leggje oss...
Eg sender melding til sjefen min og fortel at det kanskje ikkje blir Newton program frå G.O. Sars fordi eg er skikkeleg sjøsjuk. Men så kjem eg på noko lurt: Roger og Frida kan jo filme meg medan eg ligg i senga, så slepp eg å stå opp. Smart! Når eg har tenkt ut det, sovnar eg medan rommet voggar opp og ned, fram og tilbake. Neste dag må eg ha blitt vand til bølgjene, for eg føler meg i alle fall nokon-lunde ok. Så difor vart det heldigvis eit Newtonprogram denne gongen også!
Uttrykk til sjøs:
Bysse = kjøken
Messe = kantine
Dekk = etasje
Dørk = golv
Skott = vegg
Lugar = soverom
Brua = der kapteinen og styrmennene styrer båten
Sette sjøbein = noko Unni ikkje kan, men som sjøfolk er veldig flinke til
Utaskjærs = havet utafor skjærgarden attmed kysten
Innaskjærs = innafor skjærgarden
Knop = fartsmål til sjøs, ein knop = 1,852 km/t
Nautisk mil = lengdemål til sjøs, nautisk mil = 1.852 meter
Her kan du sjå korleis det gjekk då eg tok sikkerheitskurset før eg fekk vere med ut på tokt:
eller Sikkerheitskurs (breiband).
Sendt på Newton søndag 9. november 2003.