Blanda mottaking for «Skam»-teater

Den danske teaterversjonen av første sesong «Skam» får både ris og ros av danske teatermeldarar.

Skam Aveny-T

Teatret Aveny-T får alt frå toppkarakter til lunkne tilbakemeldingar for teaterversjonen av NRK-serien «Skam».

Foto: Pernille Kaalund

Danskane elska «Skam» som tv-serie. Norsk ungdomsliv gjorde at danske ungdommar byrja å bruke norske ord og uttrykk, og serien blei både sak i Nordisk ministerråd, og fekk språkpris for å auke språkforståinga på tvers av landegrensene i Norden.

I april blei det kjent at teateret Aveny-T i København hadde skaffa seg retten til å lage teater av serien. Det skal lagast i alt fire teaterframsyningar basert på TV-serien. Fredag var det premiere på det første stykket.

Vellukka overgang

Danske teatermeldarar er delte i kor vellukka overgangen frå TV til teater er. Henrik Lyding i Jyllands Posten gir framsyninga fem stjerner (betalingsteneste), og skriv at transformasjonen er meir enn vellukka.

– Dramatikaren Line Mørkeby har konsentrert første sesong av serien til halvannan times fortetta, underhaldande og rørande ungdomsteater, skriv han.

skam teater 5

Jyllands Posten, Ekstrabladet, Berlingske og BT synest «Skam» har klart overgangen frå skjerm til scene godt.

Foto: Pernille Kaalund/Aveny-T

Henrik Queitsch i Ekstrabladet er like oppglødd, og gir også fem stjerner til framsyninga, som han oppmodar alle til å sjå framsyninga, uansett om folk har sett serien eller ikkje.

– Du treng ikkje ein gong vere ung. Berre det at du har vore det ein gong, gjer at du vil finne noko å kjenne seg igjen i.

Også Berlingske gir tommel opp, og skriv at oppdraget har lukkast (betalingsteneste). Medan danske BT skriv:

– «Skam» som teater er så forbanna godt, at ein skulle tru det var løgn.

Coverband-teater

Men andre teatermeldarar i Danmark kan styre begeistringa si for teaterprosjektet. Avisa Information skriv at teaterversjonen av «Skam» ikkje er ei kunstnarisk bragd, men ei påminning om ein serie mange elska.

– Det var som å vere på ein konsert med eit coverband, som framfører kjente nummer utan den virtuositeten og originaliteten som fekk ein til å elske dei i første omgang, skriv Lone Nikolajsen.

skam teater 2

Information og Politiken meiner det var ein dårleg ide å lage teater av ein vellukka TV- og nettserie.

Foto: Christian Ingebrethsen

Ho får følge av Kizaja Ulrikke Routhe-Mogensen i Politiken (betalingsteneste) som meiner teaterversjonen er ein flat kopi av originalserien.

– Dei ønsker å trekke unge til teateret og treffe dei der dei er. Men dersom ein ender med å gi dei ei oppleving av at teateret er ein flat kopi av TV, kva er då poenget? Og kva om ein slett ikkje har forstått kvar dei unge er?, skriv ho i ei teatermeldings om får tre stjerner.

Teaterversjonen av sesong to kjem i april neste år.

skam eks.

Teatret Aveny-T i København skal lage teaterframsyning av alle dei fire sesongane av «Skam».

Foto: Christian Ingebrethsen

Kulturstrøm

  • Få kvinnelege festivalartistar

    Kvinner utgjer berre ein femdel av artistane på festivalscenar, skriv Dagens Næringsliv. Bergenfest har rundt 55 artistar og band, der 25 % av desse har kvinner med ein framståande rolle i bandet. – Å stimulera til fleire kvinner i leiande posisjonar i bransjen og fleire kvinnelege låtskrivarar, er viktigare verkemiddel enn å telja talet på kvinner og menn på ein festivalscene, seier Frank Nes, dagleg leiar for Bergen live.

    Bergenfest 2018
    Foto: Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal / NRK
  • Deilig drøy og dritmorsom

    «Rutete Ninja» (5) er rett og slett en fornøyelig fest av ballesparkende slapstick, grove vitser og en vond og spennende historie som treffer både hjertestrenger og lattermuskler, mener filmanmelder Sigurd VIk i sin anmeldelse.

    Rutete Ninja
    Foto: Nordisk Film Distribusjon
  • Nominert til pris

    Thea Hjelmeland er nominert til årets Bendiksenpris. Prisen er på 100.000 kroner og blir delt ut av GramArt, den største interesseorganisasjonen for artistar her til lands. Prisen blir delt ut den 29. august.

    Thea Hjelmeland
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix