Hopp til innhold

Bjørn Tomren om Stjernekamp: – Har vore overveldande

Han har kryssa Noreg på langs. Turnert med A-ha. Og deltatt i VM i strupesong. I Stjernekamp laurdag skal Bjørn Tomren prøve seg på verdas vanskelegaste bassarie i sjangeren Opera.

Bjørn Tomren ifm Stjernekamp 2021 ny

FYRSTE: Bjørn Tomren er den fyrste i Stjernekamp til å jodle, synge strupesong, velje bass i opera og sjonglere på scenen.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Det blir ein veldig spenstig framføring, seier Bjørn Tomren når vi møter han på Operataket.

Han er ein allsidig og respektert musikar, men etter å ha briljert for det norske folk dei siste tre laurdagane, har også den vanlege mannen i gata sett kva Bjørn har å tilby av musikalsk rekkevidd og formidling.

Den siste tida har han blitt rent ned av positive tilbakemeldingar.

– Det har vore overveldande. Men fyrst og fremst veldig hyggeleg, seier han audmjukt.

Bjørn Tomren ifm Stjernekamp 2021 ny

REFLEKTERT: Bjørn Tomren reflekterer over Stjernekamp.

Bjørn Tomren ifm Stjernekamp 2021 ny

OVERVELDA: Folk har ringt og sendt positive meldingar til Bjørn etter hans fyrste tre framføringar i Stjernekamp.

Bjørn Tomren ifm Stjernekamp 2021 ny

OPERA: Denne laurdagen er det Opera-sjangeren han skal bryne seg på.

NRKs kritikar har gjeve han terningkast seks to gongar allereie, og etter hans fyrste framføring uttalte Mona B. Riise:

– Dette er Stjernekamp-historie!

Grensesprengande

Etter si tredje framføring, då han song den norske folketonen «Eg er framand» med innslag av strupesong, brast mentor Maria Mena i tårer.

– Det her er så jævlig bra, sa ho.

Som svar gav den nøkterne og audmjuke tomrefjordingen:

– Ho synest vel ikkje utelukkande at det var heilt forferdeleg.

Fra Stjernekamp 2021, episode 3, Norsk på norsk.

Frå Stjernekamp 2021, episode 3, Norsk på norsk.

Han er kanskje ein typisk romsdøl. Jordnær og ordknapp. Påliteleg.

Men han er også typen til å kasta seg ut i prosjekt dei fleste ikkje kunne ha førestilt seg.

Noreg på langs

Han har nemleg forsert Noreg på langs heile fire gongar på fire ulike måtar.

Han har padla, rodd, gått på føtene og gått på ski frå Lindesnes til Nordkapp – ei strekning på 1702 kilometer i luftlinje.

Heile tida med idéen om at det er «kjekt å gjere noko nytt».

– Det er ein veldig fin og annleis måte å leve på. Eg vil anbefale alle å sitje i ein tradisjonsbåt langs kysten og nyte opplevinga.

Bjørn Tomren då han rodde Noreg på langs.

RO, RO, RO DIN BÅT: Bjørn Tomren rodde frå Lindesnes til Nordkapp.

Bjørn Tomren då han gjekk Noreg på langs på ski.

SKITUR: Bjørn Tomren da han gjekk på ski frå Lindesnes til Nordkapp.

Bjørn Tomren då han gjekk Noreg på langs

2518: Ifølgje skiltet avbilda er det 2518 kilometer frå Lindesnes til Nordkapp.

– Veldig absurd

Også i musikken likar han å utfordre seg sjølv.

Som ein spøk starta han og kompisen Heine Bugge med jodling og trekkspel i Bergen, og danna duoen Polkabjørn og Kleine Heine.

– Vi ville skape ein atmosfære der folk var usikre på om vi var seriøse eller ikkje. Spøken var på publikum.

Men det tok ikkje lange tida før dei vart handplukka som oppvarmingsband for ein av Noregs største popgruppe: A-ha.

Polkabjørn og Kleine Heine oppvarmingsband for A-ha.

A-HA: Polkabjørn og Kleine Heine reiste rundt på stadion og varma opp for A-ha.

Foto: Privat

– Det var veldig absurd. Plutseleg stod vi framfor 30.000 publikummarar og følte at det var vi som hadde vorte spøken igjen, humrar han.

Han har også jodla saman med verdas beste strupesong-band Huun Huur Tu. Dei kjem frå Tuva, ein republikk i Russland nær Mongolia. Og han har deltatt i VM i same songteknikk.

– Action og mykje dramatikk

Nå er det opera som står for tur. Han har valt det som blir omtala som den vanskelegaste bass-arien som finst.

– Mens dei fleste bass-ariane kan vere litt tungsindige og saktegåande, er denne gøyal og spenstig. Håpar eg får til ein grei versjon, seier 40-åringen.

Songen handlar om ei dame som blir tatt til fange, men som klarer å flykte, men som blir tatt igjen. Ho skal hengast, og Tomren speler karakteren Osmin som godtar seg over det.

Det blir eit ellevilt show med pisk og andre overraskande element.

– Her er det action og mykje dramatikk. Det blir artig, men også utfordrande.

Bjørn Tomren og Solveig Kringlebotn

ØVING: Bjørn Tomren er den fyrste i Stjernekamp-historia som har valt bass-arie. Her øver han med mentor Solveig Kringlebotn.

Foto: MONSTER/NRK

Didrik og Emil Solli-Tangen

Denne veka er det operasongar Solveig Kringlebotn som er mentor.

I tillegg blir det gjestenummer med Didrik og Emil Solli-Tangen, Knut Anders Sørum og Rein Alexander. Sistnemnde skal også vere dommar.

Tomren er altså låtskrivar, visesongar, americana-kjennar, salmesongar, komponist og ikkje minst jodle- og strupesongar.

Men korleis vil han gjere det på Opera?

Finn ut i Stjernekamp laurdag kl. 19.50 på NRK 1.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)