Hopp til innhold

Bitar av månen til sals

Om du har ein del pengar til overs, kan du nå sikre deg eksklusive suvenirar frå den aller fyrste månelandinga.

The Apollo 11 Contingency Lunar Sample Return Bag used by astronaut Neil Armstrong is displayed for Sotheby's Space Exploration auction in New York

LUNAR SAMLPE RETURN: Denne kvite posen har reist frå jorda, til månen og attende. Nå kan han bli din.

Foto: Brendan Mcdermid / Reuters

Ein ganske enkel og liten pose med teksten «Lunar Sample Return» er ein av gjenstandane som er til sals ved auksjonshuset Sotheby's i New York.

Posen vart brukt til å oppbevara funn frå måneregionen som blir kalla «Stillhetens hav». Det var her månelandingsfartøyet «The Eagle» landa under romferda til Apollo 11 i 1969.

Saman med posen følgjer det månestøv og små månesteinar innsamla av Neil Armstrong. Auksjonen startar torsdag 20. juli, på same dato som månelandinga for 48 år sidan.

Verdien på posen, steinane og støvet er estimert til å vera mellom 2 og 4 millionar dollar – opp mot 30 millionar kroner.

Månelandinga

MÅNELANDINGA: Dette bildet frå 20. juli 1969 viser korleis Neil Armstrong (til høgre) ruslar rundt på månen og lèt etter seg fotavtrykk.

Foto: AP

Vart nesten kasta

«Vi er begeistra over å kunne halde den fyrste auksjonen med romutforskingstema sidan våre to revolusjonerande sal frå russisk romhistorie på 1990-talet», skriv Sotheby's på nettsida si.

The Apollo 13 Flown Flight Plan is displayed during a preview for Sotheby's Space Exploration auction in New York

I UTSTILLINGA: Flygeplanen frå romferda til Apollo 13 er utstilt i samband med auksjonen.

Foto: Brendan Mcdermid / Reuters

På grunn av ein feil ikkje lenge etter månelandinga, vart posen feilidentifisert og nesten kasta i søpla, skriv auksjonshuset vidare. Den sanne identiteten til posen har vore skjult heilt fram til i forfjor, da han dukka opp på ein auksjon for beslaglagde eigedelar.

Den nye eigaren av posen bestemte seg heilt tilfeldig for å sende han til NASA for testing. Da sanninga kom fram, vart det usemje om kven som faktisk eigde han. Men den nåverande eigaren hadde retten på si side – noko som gjer denne gjenstanden den einaste i sitt slag som er tilgjengeleg for privat eige.

Publikum kan sjå posen for aller fyrste gong når utstillinga opnar torsdag.

An attendee looks at various pieces during a preview for Sotheby's Space Exploration auction in New York

GRANSKAR GJENSTANDANE: Ein deltakar granskar interessert ulike gjenstandar på førehandsvisninga av utstillinga i samband med romfartsauksjonen.

Foto: Brendan Mcdermid / Reuters

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober