Carl Frode Tiller
"Bipersonar"
Roman
Aschehoug Forlag 2003
Carl Frode Tiller vant Tarjei Vesaas' debutantpris for "Skråninga". Forventningane er store til den andre boka hans. (Foto: Scanpix)
Carl Frode Tiller vant både Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for "Skråninga" i 2001. Nå er han her med bok nummer to, "Bipersonar" heter den og er ikke helt uproblematisk.
"Bipersonar" er nemleg uvanleg velskriven, men med eitt svakt punkt - ein kan samanlikne den med eit perfekt skihopp, eit nydeleg svev som endar på rompa.
Tiller fortel her historia om musikaren Thomas Isaksen, ein mann som må tole mange plager. Ein son døyr, ein annan er valdeleg, kona får ein kronisk sjukdom og han har konfliktar med mor og bror. Det spesielle er at historia hans blir fortalt gjennom andre, gjennom bipersonar i livet hans, sjøl kjem han berre til orde i korte replikkvekslingar med desse personane.
Intens stil
Dette er eit vellukka grep. Kvar av bipersonane har sin særeigne stil, sine eigne ting å stri med og naturlegvis sine eigne tankar om kven Thomas er. Eldstesonen teiknar eit heilt anna bilde enn bror og svigerfar. Så langt er alt greitt. Ja, meir enn det, det er veldig bra. I den same intense, kvernande stilen som Tiller etablerte i debutboka strevar desse folka med å leve utan å få det særleg godt til, det blir dårleg teater og drama kring detaljar som dei ser er latterlege utan at dei greier å få gjort noko med det.
Men så…
Men på side 192 dukkar problemet opp, i form av forfattaren Arnt, som er skrivaren av romanen "Bipersonar". Han gir til beste ei analyse av kvifor han skriv så triste bøker, når han sjøl har det så trygt, og latterleggjer det triste og kallar det sentimentalt. Kva er dette? Skal vi le av dei tragiske hendingane og sjå dei som uttrykk for at forfattar Arnt har eit for kjedeleg liv der han sit og skriv? Eller skal vi le av den dumme forfattaren som ikkje vågar å stå for alvoret i sin eigen tekst, og som dermed underminerer den med banale analyser?
Øydelegg romanen
Ingen av alternativa er gode, forfattar Arnt virkar utanpåklistra og reduserer teksten. "Du øydelegg romanen, dette blir den dårlegaste passasjen i heile romanen, dette er vulgært", seier hovudpersonen Thomas når han oppdagar kva forfattar Arnt driv med. Og Thomas har rett i at dette er det svakaste, men heldigvis øydelegg det ikkje heile romanen, sjølve svevet er intakt sjøl om Arnt rotar med nedslaget.
Av Marta Norheim
Det blir meir om boka i Boktilsynet på P2 onsdag 22. oktober 16.05.
Kulturnytt, NRK P2, 22. oktober 2003