Hopp til innhold

Billettane er delte ut

8750 fans frå heile verda har fått billett til minnestunda for Michael Jackson tysdag.

Staples Center

Fans skriv sine siste helsingar til Michael Jackson utanfor Staples Center.

Foto: ROBYN BECK / AFP

For berre nokre få timar sidan fekk 8750 fans frå heile verda den e-posten dei har drøymt om. Dei er blant dei heldige som har fått to gratis billettar til minnestunda for popkongen.

Alle som har vunne billettar må møte opp på Dodger stadium i dag for å få eit armband som skal fungere som billett. Slik unngår arrangøren at billettene vert selde vidare.

1,6 millioner menneske har vore med i trekninga om billettar til minnestunda, og dei som ikkje har vunne blir nå bedne om å halde seg borte frå minnestunda, melder BBC.

ALT OM: Michael Jackson

Håper på presseakkreditering

Stein Johan Grieg Halvorsen i Hollywood

Stein Johan Grieg Halvorsen er på plass i Los Angeles.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

NRK-komikar og Jackson-fan Stein Johan Grieg Halvorsen er mellom dei som hadde håpt å få billett til minneseremonien for Michael Jackson på Staples Center i Los Angeles på tysdag.

- Eg har diverre ikkje fått billett, seier ein skuffa Stein Johan Grieg Halvorsen til NRK.

SJÅ: Steinjo dansar utanfor Neverland

Hans siste håp er no at han skal få presseakkreditering gjennom NRK. Men sjølv då reknar han ikkje med at han får kome inn i sjølve hallen. Men kanskje får han i det minste stå utanfor arenaen på ein pressestand.

Fryktar kaos

- Vi har vore ved Staples Center. Der stod mange folk, i ei lange køer for å skrive ei siste helsing på ein stor Michael Jackson-plakat, fortel Grieg Halvorsen.

Politiet byrjar snart å stengje av heile området, for å bu seg på dei store folkemengdene som er venta til minnestunda i morgon.

Ein fryktar at det skal verte kaos under minnestunda, at også dei 750 000 som ikkje har fått billettar skal møte opp utanfor arenaen. Fans som ikkje har fått billettar er venta til vert difor oppfordra om å halde seg heime, og heller sjå fjernsynsoverføringa.

- Eg trur det kjem til å verte fullstendig kaos. Det er så mange som er på veg hit, og mange som allereie er her, seier Grieg Halvorsen.

- Fint å vere her

Sjølv om han ikkje har fått billett, synest Stein Johan Grieg Halvorsen at det har vore bra å vere i Los Angeles, og han reknar med å vere i der ut veka.

- Eg er gammal fan, og det kjendest veldig naturleg å reise hit no når Michael har gått bort. Vi har vore ute ved Neverland, og ved huset der han budde den siste tida. Det kjennest fint. Det har teke litt tid før det gjekk opp for meg at han faktisk er borte. Det var viktig for meg å berre kome hit ein tur, seier Stein Johan Grieg Halvorsen til NRK.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP