Hopp til innhold

Bilal Saab (20) vann Stjernekamp: – Vi er best i verda på å heie kvarandre fram

Bilal Saab (20) frå Sørøya vann Stjernekamp. I år som i fjor er vinnaren av Stjernekamp frå Finnmark. – Det er enkelt og greitt den beste delen av verda når det kjem til å vere patriotar og å heie kvarandre fram.

Bilal Saab vann Stjernekamp foran Kim Rysstad.

NRK anmeldte kveldens finale låt for låt: Les anmeldelsane her!

Bilal Saab vann Stjernekamp med låten «Castle on the Hill» med den britiske songaren Ed Sheeran.

– Eg trur ikkje eg det er ei nerve igjen i kroppen, alt er berre øydelagt. Eg er strålandes fornøgd og så sjukt takksam at eg har ikkje ord, sa Bilal Saab til NRK rett etter at finalen var over.

– Kva er det med den nordnorske krafta? Ella Marie i fjor og deg i år.

– Det er enkelt og greitt den beste delen av verda når det kjem til å vere patriotar og å heie kvarandre fram.

LES OGSÅ: Heiagjengen reiser fra Finnmark til Oslo hver helg for å støtte Bilal

Ella Marie og Bilal

NORDNORSK REVANSJE: Fjorårets Stjernekamp-vinnar Ella Marie Hætta Isaksen trur Finnmark-suksessen skyldes ein slags revansje. – Finnmarkingar har følt seg usynleg veldig lenge og det er ein landsdel som har vore ignorert på mange plan. Når éin får det til så bygger vi kvarandre gode, sa Hætta Isaksen etter Bilals siger.

Foto: Knut-Øyvind Hagen / NRK

– Korleis har du tenkt å utnytte denne sigeren?

– Eg skal satse hardt saman med bandet mitt NorthKid. Vi skal gje ut mykje ny musikk utover nyåret og vi skal spele mange konsertar til våren og neste sommar. Men før det er det ein liten pause. Eg skal ha eit par veker heime i senga i kokroleg sjøstjernepositur, som eg kallar det, sa Bilal.

Kim Rysstad blei slått på målstreken, men følte han hadde vunne likevel.

– Eg føler eg har vunne den største kampen, og det er den sjølvtilliten som gjer at eg tørr å stå her, sa Kim Rysstad.

– Fødd til å gjere dette

Etter Bilal si aller siste framføringa i årets Stjernekamp let ikkje tilbakemeldingane frå dommarane vente på seg.

– Du song som ein Gud frå første augneblink. Vi ser korleis du har vakse. Du må diverre synge for folk heile tida, sa Mona B. Rise.

– Du er fødd til å gjere dette, utan tvil. Du har hatt ei så fantastisk reise her i Stjernekamp, det har vore ein fryd å følgje med på deg. Eg er så glad på dine vegne, sa kveldens ekspertdommar og fjorårets Stjernekamp-vinnar, Ella Marie Hætta Isaksen.

VINNAR: Med songen «Castle on the Hill» av Ed Sheeran vann Bilal Saab heile Stjernekamp 2019.

– Stort spenn mellom finalistane

Artistane har vore gjennom 13 ulike sjangrar i Stjernekamp. I dag skulle det avgjerast kven som meistrar flest sjangrar.

I finalen var kvedaren Kim Rysstad (38) frå Setesdal i Aust-Agder og Bilal Saab (20) frå Sørøya i Finnmark.

– Aldri har det vore større spenn mellom to finalistar, sa dommar Thomas Feldberg før finalen.

Finalelåten skulle sette punktum for årets Stjernekamp. Som finalelåt valte Kim ein artist han har beundra i mange år: Whitney Houston og låten «I look to you».

– Det er så voldsomt å sjå den sterke, glade Kim. Du er sterk som juling. Du har gitt alt, sa Mona B. Rise etter opptreden.

– Når du syng songen med den overbevisninga du har, så overbeviser du meg. Dette kler deg Kim. Dette kan du gjere mykje meir av, sa Thomas Feldberg.

Kim: «I look to you» Whitney Houston

Imponerte med eigne songar

Som eigen låt valde Kim «Så vidunderleg». Ei vise skriven av Elin Nygård. Sist Kim Rysstad song den same songen var då han var deltakar under Melodi Grand Prix i 2012.

– Det har skjedd noko med deg som menneske og songar. Du har gått frå kvedar til artist. Det er ingen hindringar for kva du kan gjere vidare Kim, sa dommar Thomas Feldberg.

Kim: «Så vedunderleg» skriven av Elin Nygård

Bilal hadde med bandet sitt NorthKid på framføringa av songen «Done Fighting».

Bilal: «Done Fighting» med sitt eige band NorthKid

– Magisk reprise

Kim Rysstad valte reprise frå program nummer to i sjangeren Melodi Grand Prix. Han song «Rise Like a Phoenix» som opphavleg blei framført av den austerrikske artisten Conchita Wurst, ei kvinne med skjegg.

– Det her var berre helt magisk, sa Ella Marie Hætta Isaksen etter framføringa.

Kim: Melodi Grand Prix frå andre episode: «Rise Like a Phoenix» Conchita Wurst

Fekk overtenning av «Nordaførr»

Bilal hadde valt reprisen «Nordaførr» av RSP & Thomax frå program fem i sjangeren hiphop.

– Eg fekk heilt overtenning her no. Eg er ganske sikker på at det ikkje finst ei nordnorsk sjel der heime som ikkje er umenneskeleg stolt av deg Bilal, sa Ella Marie Hætta Isaksen.

> Bilal: Hiphop frå femte episode: «Nordaførr» RSP & Thomax

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.