Hopp til innhold

Imponerte med svart slør i Monaco

Charlotte Casiraghi tar kaka med sitt svarte slør og sin lyse kjole, medan kronprinsesse Mette-Marit og dronning Silvia har kledd på seg for mykje. Sjå dei beste og verste antrekka her!

Det norske kronprinsparet i Monaco

Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon under vigselen i Monaco.

Foto: Lionel Cironneau / Ap

Prins Albert og nybakt prinsesse Charlene ga kvarandre sine ja i Monaco i dag. Brudekjolen var dekt med 40.000 swarovskikrystallar, 20.000 perler og 30.000 steinar.

Les: Her er brudekjolen til Charlene

Men bruda var ikkje den einaste som imponerte med stilriktig og fantastisk antrekk. Designar Wenche Lyche, som mellom anna stod bak brudekjolen til prinsesse Märtha Louise i 2002, har vurdert antrekka for NRK.no.

Nordiske kongelege får tyn

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit representerte Noreg i bryllaupet. Han var kledd i Sjøforsvarets galla, medan kronprinsesse Mette-Marit hadde valt knelang kjole i beige, med oppsatt hår med blomar i.

Silvia

Dronning Silvia og kong Carl-Gustaf på veg inn i kyrkja.

Foto: Patrice LAPOIRIE / PHOTOPQR/NICE MATIN

Wenche Lyche karakteriserer antrekket til kronprinsesse Mette-Marit som «for vaksent».

– Kjolen er i litt for tjukt stoff. Eg syns godt ho kunne brukt ein kjole i eit tynt, sensuelt stoff, som silke eller chiffon. Dette blir litt for stødig, det er jo sommar og lov å bruke luftige stoff. Men fargen er rålekker, kronprinsessa er flott i bleike tonar, seier Lyche.

Les alt om bryllaupet: Charlene måtte ta til tårene

Ho var derimot svært nøgd med antrekket som kronprinsessa hadde på seg under middagen fredag, etter den borgarlege vigselen.

Charlotte

Charlotte Casiraghi saman med kjærasten Alex Dellal.

Foto: Patrice LAPOIRIE / PHOTOPQR/NICE MATIN

Kronprinsessa er ikkje den einaste som har kledd på seg litt for mykje. Dronning Silvia var kledd i knallilla kjole og hatt, med brosje på. Ho har bomma med antrekket denne gongen, meiner Lyche.

– Ho er som regel alltid pent kledd. Stoffet i denne kjolen er for tjukt til sommaren, det blir for påkledd. Men formen og fargane er lekre, vurderer Lyche.

– Charlotte Casiraghi tar kaka

Fleire av gjestane var kledd i pastellfargar. Wenche Lyche meiner Charlotte Casiraghi, dotter til prinsesse Caroline, treff blink med sitt pastellantrekk.

– Det tar heil kaka! Det svarte sløret foran ansiktet er superkult. Det minner meg faktisk litt om Grace Kelly. Ho er rett og slett den nydelegaste av dei alle. Kjolen er kjempeflott, med svarte band på, og svart veske og sko til, seier ho.

Prinsesse Stephanie av Monaco med familie.

Prinsesse Stephanie og familien var kledd i pastellfargar.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Prinsesse Stephanie, tante til Charlotte, får skryt for kjolen sin:

– Ho er veldig kul i den bleikrosa kjolen. Også borna hennar har gått for pastellfargar, seier Lyche.

På andreplass etter Casiraghi kjem Naomi Campbell, som kom i lang blomstrete kjole med hatt til.

– Naomi Campbell er griselekker. Ho er så flott, nesten som ei gudinne, seier Lyche.

Sjå fleire av gjestane her

Svenske prinsesser får skryt

Begge dei svenske prinsessene, Victoria og Madeleine, får skryt for sine antrekk.

– Kronprinsesse Victoria er kjempesøt og kler seg heilt etter alderen og stilen sin. Ho er veldig flott i korte kjolar og fargen er veldig fin. Det er sommarleg og friskt, seier Lyche.

Det svenske kronprinsparet ankommer vielsen

Kronprinsesse Victoria i lyseblå kjole.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Ho meiner prinsesse Madeleine også er kjempesøt:

– Ho er kul og «casual», med ei lita fjøyr på hovudet. Kjolen er spanande, ung og frisk, seier Lyche.

Mange kjendisar til stade

Kronprinsesse Mary skilte seg ut i sjøgrøn kjole blant alle pastellane.

– Det er ein kjempekul kjole i sjøgrøn sateng, med ein kul hatt til. Du kan sjå at ho elskar å kle seg, ho ser alltid bra ut. Også kronprins Frederik ser bra ut, i raud brokadevest, seier Lyche entusiastisk.

Fleire kjendisar var til stade, mellom anna Chanel-designar Karl Lagerfeld, filmstjerner og modellar. Sexsymbolet Victoria Silverstedt kom i kremfarga kjole og hatt.

Danmarks kronprinsesse Mary og kronprins Frederik på vei inn i kirken.

Danmarks kronprinsesse Mary får skryt for sin sjøgrøne kjole av NRKs kjoleekspert.

Foto: Michel Spingler / Ap

– Ho er ei sexy dame, men dette antrekket var ikkje så veldig kult. Hatten står for langt bak på hovudet, seier Lyche.

Gjestane skiftar antrekk før gallamiddagen i kveld og det er allereie varsla at bruda også her vil kle seg i Armani Privé. Du kan også sjå kveldens antrekk på NRK.no.

Kva antrekk meiner du var best og verst? Diskuter her!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.