Berserk-gjengen treng di hjelp!

Etter å ha blitt kasta rett ut av Canada treng Berserk-gjengen di hjelp. Skuta ligg fast i Canada, men han og mannskapet blir lagt i jern om dei kjem tilbake.

Jarle Andhøy
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Det er ein travel Jarle Andhøy som kjem travande inn i Nitimen sitt studio, utan båt og rett frå fengsel er det ikkje rart han er litt stressa.

Hans-Petter Jacobsen og Jarle Andhøy

Jarle Andhøy viser programleiar i Nitimen Hans-Petter Jacobsen kvar skuta ligg i Canada.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

- Katein Skutelaus, kallar programleiar i Nitimen Hans-Petter Jacobsen han.

Etter å ha blitt fengsla i Canada for menneskesmugling  er Jarle og resten av mannskapet tilbake i Norge, og det utan båt.

Treng hjelp

- Vi treng å få tak i folk som kan segle, som har nerver av stål, forklarar ein fortvilla Jarle.

Han og resten av mannskapet hadde nettopp segla gjennom Nordvestpassasjen og treng no hjelp til å få skuta vidare til Stillehavet.

- Det bør i alle fall vere eit mannskap på tre personar, forklarar Jarle.

Treng hjelp, fort!

Jarle Andhøy
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Det er ikkje lenge til det er for seint å hjelpe Berserk-gjengen.

- Om to veker begynner frysesesongen. Då er det eit år til neste gong vi kan få ut båten.

Difor treng Jarle og resten av gjengen di hjelp no. Alt ein trenger å gjere er å reise til Cambridge Bay og hente båten, Jarle henter den i Stillehavet ein plass.

Men Jarle lovar ikkje dei store summane for jobben.

- Knut Frosta skal få betalt, men ingen andre, ler Jarle.

Grunnen til det er enkel.

- Dette skal ein ikkje gjere for å tene penger, men av rein lyst. Dette gjer ein for å teste grenser, forklarar Jarle.

Om du av dei som faktisk er gal nok til å gjere dette kan du ta kontakt med Jarle .

HØYR: Jarle på besøk i Nitimen

Kulturstrøm

  • Eikemo til Norsk litteraturfestival

    Marit Eikemo blir ny kunstnerisk rådgiver for Norsk litteraturfestival. Hun er godt kjent som forfatter, journalist og kulturarbeider. Eikemo er ansatt i et fireårig åremål med ansvar for det litterære programmet for Norsk Litteraturfestival 2021–2024 (NTB).

    Marit Eikemo
    Foto: Javier Auris / NRK
  • Swift får fremføre låtene likevel

    Taylor Swift har fått godkjennelse, fra dem som eier rettighetene til hennes tidligere album, til å framføre sangene på American Music Awards likevel. Swift skal kåres til tiårets artist under showet søndag, og før helgen skrev hun på sin twitterkonto at hun hun ikke får lov til å fremføre sine gamle hitlåter fordi det er å regne som nyinnspilling. Nå viser det seg at selskapet ikke har rett til å hindre Swift fra å opptre med sangene live (NTB).

    Laster Twitter-innhold