Hopp til innhold

Minnestaden ved Utøya vil koste 400 millionar før ein startar med sjølve minnesmerket

Vegen ned til minnestaden på Utøykaia kostar fleire hundre millionar kroner. Dokument NRK har fått innsyn i viser at det fanst alternativ som truleg ville gjort prosjektet mykje rimelegare.

Perspektiv fra fjorden. Utøya-kaia. Minnested.

Slik skal minnestaden på Utøyakaia sjå ut.

Foto: Statsbygg

– Det som undrar meg mest er at ikkje alle faktorane har kome på bordet, seier kunstnaren Thomas Klevjer.

Han presenterte ei eiga skisse til minnestad i 2016, som han trur kunne hindra konfliktane som dagens minnestad har skapt.

For debatten om det nasjonale minnestaden etter 22. juli har rasa i fleire år. I 2017 bestemte regjeringa at 22. juli-minnestaden skulle ligge på Utøykaia.

Dette falt ikkje i god jord hjå fleire av naboane. Dei har spesielt vore kritiske til utforminga og ikkje minst kostnaden til minnesmerket som skal ligge på rundt 500 millionar kroner.

Nokre av naboane gjekk derfor til søksmål mot staten og AUF, som dei nyleg tapte.

Dokument NRK har fått innsyn i viser at det fanst alternativ som truleg ville gjort prosjektet mykje rimelegare.

Thomas Klevjer

Kunstnar Thomas Klevjer med sin modell til forslag om minnestad på Utsikten.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Fleire støtta opp om Utsikten

Alternativet som var aktuelt er området Utsikten som ligg i åssida over Utøyakaia, ikkje langt frå E16.

Då staten konkluderte at kaia var ei god plassering av minnestaden kom det inn 78 forslag om å også greie ut Utsikten.

Samtidig signerte 62 personar i lokalmiljøet eit brev til støtte for kaia.

I tillegg laga Thomas Klevjer på eige initiativ ei skisse til minnestad på Utsikten, som han seier fekk god respons frå begge leirar i nabolaget.

Forslag til minnested på Utsikten av thomas Klevjer

Forslag til minnestad på Utsikten av kunstnar Thomas Klevjer

Foto: Ann Kristin Støveren / Ann Kristin Støveren/Thomas Klevjer

– Det er ingen andre vinklar du kan sjå den staden frå som gir eit riktigare og meir heilskapleg bilde av øya og avstanden frå øya og inn, seier han,

Men Utsikten vart aldri greidd ut. Kommunaldepartementet bestemde seg for at Utøyakaia var den beste staden.

Dei meinte vidare at Utsikten uansett ville bli dyrare og vanskelegare å få til.

Dette har vist seg å vere feil.

Må bruke 400 millionar

Ny innkøyring, parkering og kai til Utøyakaia vil koste opp mot 400 millionar kroner. Det er før sjølve minnemonumentet kjem på plass.

Dokument NRK har fått tilgang til viser at Utsikten hadde vore rimelegare å leggje til rette for.

Det stadfestar Anders Hagerup, seksjonssjef i Statens vegvesen.

– Det ville ha kome på 80–100 millionar for eit fullverdig to – plankryss på ein firefelts motorveg med 110 km timen, seier han.

Har vurdert pengebruken

Kommunalminister Nikolai Astrup seier til NRK at dei har vurdert pengebruken.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup sier det ikke gir mening å ha like regler for strandssoner over hele Norge.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Foto: Håvard Hagen

– Vi har også fått stortingstilslutning til å gå vidare med dette prosjektet, seier han.

Han fortel at dett ikkje er aktuelt å gå attende til teiknebrettet nå, då fokuset ligg på å få etablert minnesmerket innan 10-årsmarkeringa.

Sidan hans eige departement aldri bad om utgreiingar av alternative stader, vil ikkje Astrup gå god for at ein minnestad kunne vore laga til ein lågare pris.

– Vi veit rett og slett ikkje nok om akkurat kva det ville ha kosta. Det er også tilleggsdimensjonen med planarbeidet for ny E16 som har gjort at dette ikkje har vore eit aktuelt alternativ.

– Ting lar seg omregulere

Vegvesenet ser derimot annleis på det.

– Det er jo ikkje bygga ennå så ting lar seg omregulere, seier Hagerup.

Han fortel at det er praktisk mogleg å kombinere ny motorveg med avkøyrsel for minnestad. Men etter at planar for ny E16 no er lagt, kan det føre til forseinkingar å teikne inn dette no.

Klevjer meiner framleis at Utsikten hadde vore det beste alternativet.

– Hadde vi gått inn for denne plasseringa, så hadde det ikkje vore noko strid og rettssaker eller offer på ulike sider, seier han.

Nikolai Astrup har ikkje same oppfatninga.

– Eg trur vi må akseptere at uansett kvar dette minnesmerket hadde vorte plassert så hadde det ikkje vore konfliktfritt, avsluttar han.

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB