Ingar Sletten Kolloen
Berre kjærleik og død
Samlaget 1999
"Berre kjærleik og død", har en tittel som er hentet fra diktet "Fattig ynskje":
Var eg ein Gud
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.
Var eg ein Gud
ville eg skapa
Kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
(Fra Ei dagbok for mitt hjarte, 1951)
Tor Jonsson var ingen Gud, han greidde ikkje å skape kjærleik- men døden skapte han sjøl med hjelp av ein overdose tablettar 35 år gammal i 1951. Då hadde sjølmord og død vore sentrale tema i skriftene til lomværingen frå han fekk den første teksten sin på trykk som 16-åring. Ingen annan norsk forfattar har skildra døden med slik intensitet som Tor Jonsson, det måtte i så fall vere Tor Ulven.
Ingar Sletten Kolloen har skrive ein medrivande og sterk biografi om dette tragiske kunstnarlivet der det er uvanleg sterke tilknytingspunkt mellom dikt og liv. Han skriv i føreordet at han ikkje har tru på illusjonsskapande biografiteknikkar, ettersom slike inneber ein fare for at ein trur ein kjenner og forstår livet til vedkommande langt betre enn det reint faktisk er grunnlag for. Det er i prinsippet uråd å rekonstruere eit liv.
"Berre kjærleik og død" er derfor ein biografi av klassisk type, der Kolloen ikkje diktar seg inn i Jonsson, eller diktar seg sjøl inn i historia. Han dokumenterer flittig, bruker mykje sitat, og følgjer ei kronologisk line frå vogge til grav. Eg deler Kolloens skepsis mot å kunne rekonstruere eit liv, og eg har stor glede av sitata, ikkje minst av dei frå Tor Jonssons artiklar i aviser- han var ein polemikar med ein farleg spiss penn- men det spørst om ikkje Kolloen har vore litt for var for sjangerens fallgruber:
Eg saknar ei meir utfyllande analyse av Tor Jonssons personlegdom, av korleis han varmar seg på hatet mot presteskap, bønder og embetsfolk, om korleis han hentar energi frå sorg og einsemd heller enn å søkje ut av tilstanden. Han dyrkar så og seie det han forbannar, og dette kunne Kolloen gått djupare inn i utan å bryte med si eiga målsetjing. Han vert rett og slett for kjeldeavhengig. Eg saknar også ei grundigare analyse av diktinga, gjerne sett inn i ein større samanheng.
Dette har biografen valt bort, og det valet er eg usamd med han i. Men det som står på dei firehundre sidene er velskrive og veltenkt, frå den bitre start og til den bitre slutt.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 25. august 1999