Hopp til innhold

Kven får prestisjejobb nummer ein?

Det kan minne om pavevalet: Måndag stemmer musikarane i Berlin-filharmonien over kven dei vil ha som sin nye sjefdirigent – den mest prestisjetunge stillinga innan klassisk musikk.

Andris Nelsons og Christian Thielemann

To av dei mest omtala kandidatane før valet av ny sjefdirigent i Berlin-filharmonien: Andris Nelsons, sjefdirigent i Boston Symfoniorkester (til venstre) og Christian Thielemann, sjefdirigent i Staatskapelle Dresden.

Foto: AP/Boston Symphony Orchestra, Marco Borggreve (Nelsons); AFP/Vincenzo Pinto (Thielemann)

– Spørsmål om 11. mai kan vente til slutten av pressekonferansen.

Orda kjem frå Elisabeth Hilsdorf, den myndige pressesjefen som innleiar Berlin-filharmoniens presentasjon av programmet for 2015–2016-sesongen. På podiet sit fire velkledde herrar, og snart legg sjefdirigent Simon Rattle ivrig og smilande ut om kva publikum kan vente seg det komande året.

Men veldig lydige er ikkje dei 30–40 frammøtte journalistane, snart ploppar «elfter mai» opp i spørsmål både her og der – datoen då Berlin-filharmonien skal velje ny sjefdirigent for første gong sidan 1999 og dermed peike ut Rattles etterfølgar.

Einaste problemet med å spørje om 11. mai i dette forumet er at nesten ingen på podiet har stemmerett i dirigentvalet. Ikkje Simon Rattle, ikkje orkestersjef Martin Hoffmann. Stemninga er ein smule anstrengt, vil vi ikkje høyre om sesongprogrammet, då?

– Vi er samla her for å snakke om neste sesong, eg vil helst at vi brukar minst mogleg tid på 11. mai, repliserer Ulrich Knörzer når det igjen kjem spørsmål om valet. Bratsjisten er orkesterrepresentant i styret og den einaste i rommet med stemmerett. Ok, så får eg vente litt, då.

– Tilhengarane til ulike dirigentar dannar fraksjonar

Når Ulrich Knörzer tek imot NRK (og Wall Street Journal) på kontoret sitt rett etter pressekonferansen, er tonen langt hyggelegare. No kan vi snakke om 11. mai så mykje vi vil.

Ulrich Knörzer

Ulrich Knörzer, bratsjist og orkesterrepresentant i Berlin-filharmoniens styre.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Valet er kjempeviktig for oss, fortel Knörzer.

– Vi er veldig spente, og det er mykje diskusjon. Tilhengarane til ulike dirigentar dannar fraksjonar, vi skuler litt på kvarandre, lurer på kven som støttar kven og prøver å finne ut kven som ligg best an.

For på sjølve valdagen er dette det einaste som tel: Kven som klarer å oppnå eit klart fleirtal mellom dei 124 orkestermedlemane med stemmerett. Fram til det er alle – og ingen – potensielle kandidatar, offisielt sett.

Orkestermusikarane kan nominere kven dei vil i valet. På valdagen vert forslaga snevra inn til ei kortliste over kandidatar. «Vinnaren» må til slutt ha oppnådd eit solid (men uspesifisert) fleirtal i det mange reknar som verdas beste orkester.

Styrte orkesteret med jernhand i 35 år

Herbert von Karajan

Herbert von Karajan i 1955, året etter at han tok over som sjefdirigent for Berlin-filharmonien.

Foto: Heinrich Sanden jr. / AP
Herbert von Karajan

Herbert von Karajan under sitt 25-årsjubileum som sjefdirigent for Berlin-filharmonien i 1980.

Foto: Elke Bruhn-Hoffmann / AP

Murens fall var ikkje det einaste epokeskiftet i Berlin i 1989. Fram til det året hadde Herbert von Karajan styrt Berlin-filharmonien med jernhand i heile 35 år, sidan 1954. Med Karajan i spissen som sjefdirigent og klassisk musikks superstjerne, fekk både orkesteret og dirigentstillinga gradvis ein unik posisjon.

Kombinasjonen av Karajan, Berlin-filharmonien og platemerket Deutsche Grammophon vart ei svært lukrativ merkevare gjennom fleire tiår, som gav gode inntekter også til musikarane. Men på slutten knirka det, og Karajan tok avskjed våren 1989, nokre månader før sin død.

– Dei siste åra med Karajan var vanskelege, med mykje dårleg stemning mellom han og orkesteret, fortel Knörzer, som sjølv spelte si opptaksprøve hausten 1989, seks dagar etter Murens fall.

Stillinga som sjefdirigent vart først tilboden Carlos Kleiber, men då han takka nei, gjekk tilbodet til italienske Claudio Abbado. Medan Karajan hadde herska med diktatorisk autoritet, bad Abbado orkesteret kalle han Claudio og gav musikarane større fridom.

– For orkesteret innebar Abbados overtaking ei tid med forynging av orkesteret. Det samanfall med eit stort generasjonsskifte der mange som byrja som musikarar etter andre verdskrigen, gjekk av med pensjon og andre kom inn.

– Han kunne vise kva han ønska med tuppen av veslefingeren

Oboisten Christoph Hartmann, som sist vinter var kunstnerisk leiar for Vinterfestspela på Røros, kom inn i orkesteret i 1992 og var ein del av det same generasjonsskiftet. Han hugsar Abbado-åra med glede:

Christoph Hartmann

Christoph Hartmann, oboist i Berlin-filharmonien.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Han var ein veldig spesiell person. Når det gjaldt rørsler og kroppsspråk, var Abbado i mine auge den perfekte dirigent; han kunne vise kva han ønska med tuppen av veslefingeren, og du høyrde det igjen i orkesteret, fortel Hartmann.

Les også: Berlinerfilharmonikerne til Røros

Han er rask til å presisere at utsegna ikkje inneber noko nedvurdering av noverande sjefdirigent Simon Rattle:

– Simon er ein heilt annleis type dirigent. Han er genial i sin måte å utforske partituret på, han kjenner kvar detalj i musikken og klarer å få det fram på konsertane. Og han har opna sinna våre med å ta inn nyare musikk, og gjennom utdanningsprogramma han sette i gang.

– Før han snakka ingen om oss som ein familie

Dirigentrolla har vore i enorm utvikling dei siste 40–50 åra, og samanlikninga vert ekstra tydeleg om ein samanliknar Karajan og Rattle: Førstnemnde var ein mytisk skapning høgt heva over orkesteret, med tilnærma diktatorisk makt. Rattle står fram og vert skildra som ein omgjengeleg farsfigur og karismatisk frontfigur for orkesteret.

– Før Simon kom, høyrde eg aldri nokon snakke om oss, orkesteret og dirigenten, som ein familie, fortel Ulrich Knörzer.

– Han brukar ordet veldig ofte, og det er ein fin måte å skildre det på, den veldig tette måten vi jobbar lag på. Så nært kan det berre bli når dirigenten har forplikta seg til orkesteret og er ein tydeleg leiar.

Simon Rattle har fått mykje skryt for å utvide orkesterets repertoar, men han har også ført institusjonen i ei ny kulturpolitisk retning. Det fremste uttrykket for dette er utdanningsprogrammet han initierte, som siktar mot å spreie klassisk musikk til alle aldersgrupper og etniske grupper.

Alt i alt har nok Rattle heva, eller utvida, standarden for kva orkesteret ønsker frå ein i hans rolle, og Knörzer er ikkje i tvil om at orkesteret treng ein sjefdirigent:

– Vi treng nokon som kan gi alt ei retning, setje sitt stempel på det vi driv med, gi kvar sesong ein overordna idé. Samstundes treng vi nokon som kan representere orkesteret og stiftinga overfor politikarar og media. Utan nokon som høyrer til oss, ville det ikkje gå bra, det er vi sikre på, seier Knörzer.

– Ein merkar ein energi som ikkje har vore der før

Jada, det er fint med ein karismatisk frontfigur, men ingen eg snakkar med i orkesteret lèt etter seg nokon tvil: Det musikalske aspektet veg tyngst, og kjem før alle andre vurderingar. Kven kan forme orkesteret, utvikle lyden i ensemblet på best tenkelege måte? Kven kan trenge djupare inn i meisterverka, skape magiske konsertopplevingar?

Alle aktuelle kandidatar har allereie vore på audition fleire gonger: Det er uaktuelt å velje nokon som ikkje allereie har ein sterk relasjon til orkesteret, som har vore gjestedirigent og blitt invitert igjen og igjen. Då sit ein igjen med kanskje 10–15 eigentlege kandidatar. Men kva skil eigentleg desse får den store mengda av gode dirigentar?

Kva er forskjellen på å bli dirigert av ein frå «topp fem» og «topp 100», Ulrich Knörzer?

– Det er vanskeleg å forklare. På konsert kan ein bli begeistra og glad når ein merkar ein energi som ikkje har vore der før, eller forstår noko i eit stykke ein ikkje har tenkt på før. Det er det vi håpar å oppleve i framtida også.

Favoritten

Christian Thielemann.

Christian Thielemann er sjefdirigent for Staatskapelle Dresden.

Foto: Pier Paolo Cito / AP

Vi må kome til det no: Kven er dei heitaste kandidatane? Og det finst ein favoritt til jobben. Han heiter Christian Thielemann, er 56 år og per i dag sjefdirigent i Staatskapelle Dresden. Mykje tyder på at han har den største og mest dedikerte fraksjonen i orkesteret bak seg.

Mykje talar for Thielemann: Han er fødd og oppvaksen i Berlin, og gjekk på orkesterets eige akademi. Han debuterte som musikar i orkesteret i 1980, og vart seinare Herbert von Karajans assistent. Han er svært dyktig innanfor den tyske orkestertradisjonen som har vore orkesterets kjernerepertoar.

Men lista med motargument er også lang: Han vert kritisert for å ha for lite repertoar, og kjem i alle fall ikkje til å utvide det slik Rattle har gjort. Han er ikkje karismatisk på podiet; medan Rattle er svært uttrykksfull, er Thielemann meir som eit steinandlet. Han vart også sett på som kontroversiell både personleg og politisk, ikkje minst etter at eit avisinnlegg om Pegida etter demonstrasjonar i Dresden sist vinter.

Utfordrarane

Det store spørsmålet er kven andre som kan samle eit solid majoritet i orkesteret bak seg. To av dei som har hatt best sjansar til å klare det, er begge frå Latvia: Mariss Jansons (72), tidlegare sjefdirigent for Oslo-Filharmonien, og landsmannen og eleven hans, Andris Nelsons (36).

Då musikkmagasinet Gramophone kåra verdas beste orkester i 2008, kom dei to orkestera Jansons var sjef for på 1. og 6.-plass; Concertgebouw i Amsterdam og Bayersk radiosymfoniorkester i München (Berlin kom på andreplass, Wien-filharmonien på tredje). Jansons såg lenge ut som eit attraktivt val for ein kortare periode.

Fredag 8. mai kom meldinga som truleg utelukkar Jansons frå diskusjonen: Han forlengar kontrakta si med Bayersk radiosymfoniorkester til 2021. Han hamnar dermed i same kategori som dei to av kandidatane som kanskje minner mest om Rattle som typar: Gustavo Dudamel (34), som nyleg forlenga kontrakta si i Los Angeles, og Yannick Nézet-Séguin (40), som gjorde det same i Philadelphia.

Gustavo Dudamel

Venezuelanske Gustavo Dudamel vart rekna som ein av favorittane fram til han forlenga kontrakta si med Los Angeles-filharmonien.

Foto: Lukas Beck / AFP

Forlengingane vert av mange oppfatta som signal om at dei ikkje vil verte rekna som kandidatar i Berlin denne gongen. Kanskje dei yngre dirigentane tenkjer at Berlin-filharmonien passar betre seinare i karrieren? Det er liten tvil om at det er ein tøff jobb som krevjer erfaring og autoritet.

Dermed står Andris Nelsons fram som Thielemanns hovudutfordrar. Fram til i år har han same stilling som Rattle hadde før Berlin: sjefdirigent i Birmingham Symfoniorkester. No er han sjef i Boston Symfoniorkester og er svært aktiv som gjestedirigent, mellom anna i Berlin.

Andris Nelsons

Andris Nelsons under ein konsert med Boston Symfoniorkester.

Foto: Brian Snyder / Reuters

Neste sesong er Nelsons ein av berre to dirigentar som gjestar Berlin to gonger – den andre er Thielemann. Spørsmålet er om han er for ung til ei så «tung» stilling? I eit intervju i 2014 vart han sitert på at han ikkje følte seg gammal nok – før han heftig dementerte utsegna like etterpå.

Etter ein konsert i vår stemte publikum på kven dei ville ha – og Nelsons fekk flest stemmer. Det bør vel nemnast at publikum kom rett frå ein konsert med Nelsons som dirigent. Ingen kan vite kven som eigentleg ligg best an, for ingen i orkesteret veit kva alle andre meiner, og ingen får seie eit ord om kven dei vil ha offentleg.

– Dette er dei aller mest dyrebare tinga eg tek med meg

Tilbake til Berlin-filharmoniens pressekonferanse 28. april, der «elfter mai» er halvtabu og eg framleis lurer på kva eg skal spørje om. Til Sir Simon parerer eit grettent spørsmål om kvifor dei skal spele alle Beethoven-symfoniane igjen, kva nytt skal han gjere med dei, liksom?

– Kennedy sa «ikkje spør kva landet ditt kan gjere for deg» smiler Rattle.

– Med Beethoven er spørsmålet kva han kan gjere med oss. Viss eg visste svaret på kva nytt eg skal gjere med Beethoven, burde eg ikkje gjere det.

Simon Rattle

Sir Simon Rattle under pressekonferansen i Berlin-filharmonien.

Foto: TIM Brakemeier / AFP

Eg nyttar høvet til å følge opp svaret:

Ein forventar jo at ein sjefdirigent skal gjere noko med orkesteret. Men som med Beethoven, kva har Berlin-filharmonien gjort med deg gjennom desse åra?

Lett humring i rommet, eg opplever den som venlegsinna og håpar det beste.

– Umåteleg mykje, på så mange nivå ... byrjar Rattle. Det neste han seier er ikkje så lett å omsetje:

Not only a depth of sound, but a depth of listening, a depth of reaction. Those would be the most precious things. Ikkje berre djupet i lyden, men djupet i lyttinga, djupet i reaksjonen. Dette er dei aller mest dyrebare tinga. Og han held fram:

– Når du kjem til ein storslått institusjon som denne, trur du at du veit mykje. Litt seinare forstår du at du veit praktisk talt ingenting. Så fell bitane på plass etter kvart, men eg føler meg litt som eit bilete av Picasso: dei fleste bitane er der, men ikkje alltid på rett plass.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.