Spill nøtteknekker-spillet her!
Opningsrunden borgar for nervepirrande tirsdagskveldar i P2 utover våren. Harstad og Bergen møttes først og sjølv om Harstad
Nøtteknekker-laget fra Harstad består av Knut Saue, Beate Ingebrigtsen og Asbjørn Eidnes, alle fra Harstad. Foto: NRK.
skilta med svært solide kunnskapar, kunne dei ikkje komme opp mot vinnarlaget. Bergen fekk maks poengsum i denne musikalske duellen.
Prega av stundens alvor
Stundens alvor prega dei to laga. Det var vanskeleg å finn hol i kompetansen, men kulturell kapital og høgtidsstemning fortrengte ikkje anna slags vidd.
Den pensjonerte bankdirektøren Knut Saue på Harstads lag foreslo eit audemarkstillegg for å utlikne poengdifferansen, medan det bergenske laget oppdaga at panikk kan stimulere minnet. I opningsspørsmålet, Bachs sjette Brandenburg-konsert, var Harstads bratsjkyndige Beate Ingebriktsen på heimekjend grunn, medan bergenslaget ganske enkelt rekna dette som ein del av allmendanninga.
Frå Haydns 88. symfoni fekk Bergens Odd Rydland servert sin favorittsats, medan Harstad måtte bla litt fram og tilbake for å finne den rette blant Haydns 104 verk i sjangeren.
Hamar og Haugesund neste
Klaus Egges landeplage i mellom- og etterkrigstida, klaverstykket Valse Dolce, fekk båe laga til å nøle litt.
Det var likevel dei to rundene med kjappe spørsmål som måtte til for å få eit moneleg skilje, slik at Bergen enda opp med 28, medan Harstad fekk 21 poeng.
I neste runde er det Hamar og Haugesund som skal tevle. Følg med!