Laget imponerte med brei kompetanse og detaljkunnskap om det meste frå Lullys ballett ”Le bourgeois gentilhomme” til Bartoks ”Musikk for strykarar, slagverk og celesta”. Dei var på tynnast is i Wolfs lied ”Ich hab in Penna…”, men der var Skien også lenge på feil veg, med forslag om Schubert og Schumann.

Nøtteknekker-laget fra Skien: (fra venstre) Ellen Marie Prag, Ole Jensen og Kari Bugge. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen, NRK.
Då løysinga kom, kunne Bergens Odd Rydland ergerleg konstatere både fargen på cd’en og plassen i cd-hylla heime. På spontanitet var likevel Skien betre, i runden med 10 kjappe spørsmål, og ”Stopp musikken” var det dei som stakk av med poenga.
Mot semifinale i mai
Begge lag har vore i elden ein gang før, men ein av deltakarane frå Skien var ny i denne runden, Ellen Marie Prag, fiolinist i Hydro-orkesteret i Porsgrunn. Det er sigersprosenten som avgjer om ein går vidare til finale, men alle lag er med inntil semifinalerundane i byrjinga av mai.
Det enda opp med 20 poeng til Bergen og 13 til Skien i denne runden.
I neste runde av Nøtteknekkeren tevlar Haugesund og Trondheim!