Hopp til innhold

Ber regjeringa gripe inn etter skuletrugsmål

Regjeringa må sette ein stoppar for at ungdom sender anonyme trugsmål til kvarandre på sosiale medium, meiner Geir Bekkevold i KrF.

Kippermoen ungdomsskole

EVAKUERT: Elevar ved Kippermoen ungdomsskole og Mosjøen videregående skole blei sendt heim etter trugsmål på nett i går.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

I går blei to nye skular evakuert etter anonyme trugsmål på det sosiale mediumet Jodel. Dette er eit program som gjer at du kan sende anonyme meldingar med mobiltelefonen din til andre brukarar som befinn seg i ein radius på ti kilometer.

– Uforståeleg

I haust blei også to skular i Vestfold og Telemark evakuert etter trugsmål på Jodel. I tillegg har politiet vore kopla inn i fleire saker der programmet har blitt brukt til trakassering. Og i Levanger blei Jodel stengt i dag å grunn av sjikane og nettmobbing, skriv Trønder-Avisa.

Iselin Kvalfors

SKREMMANDE: Iselin Kvalfors reagerer på at folk kjem med trugsmål på nett.

Foto: PRIVAT

Mosjøen vidaregåande skule, avdeling Kippermoen, var ein av skulane som blei evakuert i går. Nestleiar i elevrådet, Iselin Kvalfors, synest det er rart at nokon kan finne på å kome med slike trugsmål.

– Eg skjønar ikkje korleis nokon kan sitje og lage slike trugsmål og skremme andre folk over internett og sosiale medium. Det er ikkje berre ein spøk lenger. Du skremmer mange.

Vil ha tiltak

Geir Bekkevold

NOK ER NOK: Geir Bekkevold i KrF ber regjeringa gripe inn mot netthets.

Foto: Sven Håkon Kulbeck / NRK

Også nestleiaren i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Geir Bekkevold frå KrF, meiner nok er nok, og krev at regjeringa grip inn.

– No bør barneministeren, kunnskapsministeren og justisministeren setje seg ned og sjå kva dei kan gjere. Kva arenaer kan ein setje inn gode tiltak på, slik at barn og unge kan lære litt meir om korleis dei kan bruke nettet.

Men leiar i komiteen, Svein Harberg frå Høgre, meiner ein i staden bør satse på haldningskampanjar.

– Eg synest at vi må ta ansvar alle sammen for å jobbe med haldningane våre. Det er framleis mykje som kan gjerast der.

I ein epost til NRK skriv marknadssjef Sarah Hernandez i Jodel at dei ser alvorleg på at programmet blir brukt til trugsmål og trakassering, og at dette er brot på brukarvilkåra.

Ho meiner det berre er eit lite mindretal som misbruker Jodel, og skriv at dei samarbeider tett med politiet i slike saker.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober