Hopp til innhold

Ber Chris Rock trekke seg som Oscar-vert

Skodespelaren Tyrese Gibson og artisten 50 Cent meiner Chris Rock bør trekke seg som Oscar-vert som protest mot mangelen på svarte nominerte.

50 Cent

50 Cent tryglar Chris Rock om å droppe Oscar-utdelinga.

Foto: Pressefoto

Sean Combs og Tyrese Gibson

Tyrese Gibson (t.h) reagerer på at så få svarte er nominerte til Oscar i år.

Foto: Chris Pizzello / Ap

Skodespelaren Tyrese Gibson kastar seg inn i debatten om mangelen på svarte nominerte til Oscar-utdelinga 28. februar. I eit intervju med People seier han at Chris Rock burde trekke seg som vert.

– Eg meiner at når alt kjem til alt, er det måten å bidra til endring på. Om du føler deg oversett av alle, hjelper det ikkje å sitte med hendene i fanget og klage. Du gjer noko med det.

Boikott

Og han får støtte frå rapparen 50 Cent. På Instagram ber han komikaren om ikkje å gjennomføre Oscar-jobben.

Oscar-juryen har fått mykje kritikk etter at Oscar-nominasjonane blei offentleggjort i førre veke. Både skodespelar Jada Pinkett Smith og filmregissør og vinnar av æres-oscar, Spike Lee, seier dei vil halde seg heime i år. Men Lee vil ikkje oppmode Rock, som er ein ven av han, til å boikotte:

– Han gjer det som han vil. Eg støttar han uansett, sa Lee i eit intervju med amerikansk frokost-tv i går.

Også George Clooney meiner Oscar-nominasjonane går i feil retning.

– Om du tenker ti år tilbake i tid, gjorde dei som nominerte ein betre jobb. Tenk på kor mange afroamerikanske skodespelarar som var nominert den gongen, skriv han i eit innlegg i Variety.

Nektar for rasisme

Spike Lee

Spike Lee vil boikotte årets Oscar-utdeling.

Foto: Chris Young / Ap

Men dei som stemmer fram Oscar-vinnarane, likar dårleg å bli kalla rasistar. Skodespelar Penelope Ann Miller seier til The Hollywood Reporter at det er fornærmande å bli kalla rasist.

– Eg stemte på fleire svarte skodespelarar i år, og er lei meg for at ingen av dei blei nominert. Men å påstå at dette skjedde fordi vi er rasistar, er fornærmande. I år var det ein har konkurranse om nominasjonane.

Mange har også etterlyst filmar som «Creed» og «Straight Outta Compton», som har svarte skodespelarar i sentrale roller, på nominasjonslistene.

– «Straight Outta Compton» var ein god film, men eg trur dei mista ein del av dei eldre jurymedlemmane, seier Miller.

No er mange spente på om Chris Rock kjem til å kommentere alt bråket under utdelinga 28. februar. Ricky Gervais, som sjølv har leia Golden Globe-utdelinga fleire gongar, oppmodar Rock til å utnytte situasjonen:

Laster Twitter-innhold

Chris Rock har ikkje kommentert bråket offentleg enno. Men då han var Oscar-vert for 11 år sidan, gjorde han eit poeng i opningsmonologen av at det var fleire svarte nominerte det året.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.