Når Bedrock Bluesband skal synge og spele på Kjempesjansen er det med songen ”Bedrock Blues” av S. Borgen. Men allereie no kan du sjekke ut
, der spelar dei ”Tattle hill” av S. Borgen.1 år
For berre eit år sidan starta gutane å spele saman, men dei kjente kvarandre lenge før dei starta som band.
- Vi har gått i klasse saman i tre år på musikklinja på Jessheim vidaregåande skole, og det var siste året der at vi starta som band.
Og sidan dei berre var seks gutar i klassen blei alle med i bandet. I dag har alle flytta på tre forskjellege folkehøgskular rundt om i landet, men dei samlast så ofte som mogeleg.
- Vi reiser alle heim til Jessheim nokre dagar før vi skal halde konsert slik at vi får øvd litt, fortel Stian Borgen som går på folkehøgskole i Trondheim.
Cowboy
Dette bluesbandet som omtalar seg sjølv berre som ”cowboyar”, har oppnådd mykje på den korte tida dei har spelt saman. I januar legg desse cowboyane ut på Norgesturnè med musikken sin.
Ein av grunnane til at bluesbandet skal på denne turneen er at dei vant Notodden Blues Festival (som er arrangert av Union Blues Cup) i år. På grunn av denne kåringa kan bandet kalle seg ”Union Blues Band 2007.”
- Vi trudde aldri at vi ville vinne, at vi i det heile tatt kom til finalen blei vi overraska av, fortel Stian Borgen.
Kva vil de bruke pengane de vinn til?
- Spele inn plate med bandet.
På gøy med Bedrock Bluesband:
Er det noko de er spesielt dyktige til?
- Vetle kan røyke ein heil tipakning på eit drag..
Kva er det mest idiotiske kjøpet de har føretatt?
- Kjøpte ein gong ein vêrmann, ein slik der snabelen fortel om det blir godt eller dårleg vêr. Vår meldte alltid godt.