Hopp til innhold

Beckham: Vi er sterkare i EU

Britiske kjendisar er splitta i EU-spørsmålet. Mens ekteparet Beckham, J.K. Rowling og Stephen Hawking røyster for å bli, vil John Cleese og Joan Collins ut av EU.

Jeremy Clarkson og David Cameron

Dei siste månadane har David Cameron, statsminister i Storbritannia reist landet rundt for å drive valkamp for EU-medlemskap. Med på laget har han mellom anna programleiarane Jeremy Clarkson og James May.

Foto: GARETH FULLER / Afp

Torsdag 23. juni røyster britane om Storbritannia skal bryte ut av EU eller ikkje. Valkampen har vore intens og med tida har kjendisane stadig fått ei større rolle i debatten.

Det er ingen samla kjendistropp som står bak statsminister David Cameron når han oppmodar britane om å stemme for å bli.

På den eine sida blir det sagt at eit Storbritannia utanfor EU mellom anna vil bety at fotballen blir betre, at landet ikkje lenger er styrt av eit korrupt diktatur og at dei endeleg kan få nytta «skikkelege» lyspærer.

På bli-sida blir det derimot hevda at Storbritannia er sterkare saman med EU og at innvandring kan føre til mykje godt – mellom anna skodespelaren Idris Elba.

Bli-kjendisane:

Benedict Cumberbatch

Benedict Cumberbatch

FOR: Skodespelar Benedict Cumberbatch meiner at Storbritannia bør bli i EU.

Foto: Ap

Saman med 250 andre kjendisar har skodespelaren signert eit brev som oppmodar Storbritannia om å bli i EU. I brevet som mellom anna er omtalt i The Guardian står det at «Storbritannia er ikkje berre sterkare i Europa, det er også meir fantasifullt og kreativt, og vår globale kreative suksess ville bli sterkt svekka om vi forlèt EU». Skodespelarane Helena Bonham Carter og Jude Law har også signert brevet.

J.K. Rowling

Harry Potter-forfattaren vil røyste for å bli og har samanlikna meiningsmotstandarane sine med monster. Ho har mellom anna twitra ein tekst om EU-debatten under teksten «Eg er ikkje ekspert på mykje, men eg veit korleis ein skapar eit monster».

Laster Twitter-innhold

Jeremy Clarkson

Ifølgje The Mirror har den tidlegare Top Gear-programleiaren skal ha uttalt at «Storbritannia har lita påverknad på verda. Det trudde eg vi alle var einige om».

Jeremy Clarkson

FOR: Jeremy Clarkson oppfordrar britane til å stemme for å bli i EU.

Foto: STEFAN HEUNIS / Afp

David og Victoria Beckham

Det profilerte ekteparet fekk mykje merksemd då dei støtta bli-kampanjen i sosiale medium. Det heile starta då David Beckham publiserte eit lengre innlegg der han mellom anna skreiv at «som eit folk er vi sterkare når vi står saman».

David Beckham på Facebook

FOR: Tidlegare fotballproff David Beckham har fått mykje omtale i britiske aviser etter at han publiserte dette EU-vennlege innlegget på Facebook.

Foto: skjermdump/Facebook

Idris Elba

Skodespelaren delte ein video på Twitter av den skotske politikaren Alex Salmond som sa at han var lei av korleis innvandring ofte er framstilt som noko negativt med kommentaren «Foreldra mine innvandra til Storbritannia, jobba hardt og har bidrege med … MEG … på det grunnlaget stem for Å BLI».

Laster Twitter-innhold

Stephen Hawking

The Mirror skriv at fysikaren treng meiner at Storbritannia å vere ein del av ei større gruppe med nasjonar, både for tryggleik og handel. Han har også lagt vekt på at EU-medlemskapet gjev fordelar når det kjem til utdanning og forsking.

Alexa Chung

Modellen som har 2.3 millionar følgjarar på Instagram, poserte som berre ein modell kan under teksten «I'm IN».

Alexia Chung med skriften «in» i hånden

FOR: Modellen Alexa Chung er blant dei som meiner at britane bør bli i EU.

Foto: skjermdump/instagram

Andre som støttar bli-sida: Barack Obama, Arsène Wenger, Sir Elton John, Bobby George, Gordon Brown, Jeremy Corbyn, Bill Nighy, Sir John Major, Sir Richard Branson, George Osborne, David Cameron, Lilly Allen, Nick Clegg, Keira Knightley, Sir Ian McKellen, Dominic West, Simon Cowell, Cara Delevingne.

Ut-kjendisane

John Cleese

Komikaren ytra på Twitter at han er for Brexit, mellom anna fordi Europa treng Storbritannia meir enn Storbritannia treng EU.

Laster Twitter-innhold

Katie Hopkins

Aviskommentatoren Katie Hopkins har ifølgje The Huffington Post uttalt at ho «ikkje kjem til å opne gjesterommet for flyktningane. Eg står for det britiske folket og vel sette det britiske folket først».

Katie Hopkins

MOT: EU-motstandar Katie Hopkins (til venstre) meiner at Storbritannia klarar seg best utan EU.

Foto: OLI SCARFF / Afp

Elizabeth Hurley

Ifølgje Huffington Post er Hurleys hovudargument for å støtte ut-kampanjen er at ho meiner at ein «Brexit» betyr at britane kan «gå tilbake til skikkelege lyspærer og velje kraftige hårfønarar eller støvsugarar om dei ønskjer det».

ELIZABETH HURLEY

MOT: Skodespelar Elizabeth Hurley vil bestemme over lyspærene sjølv, og er derfor mot EU.

Foto: JENNIFER GRAYLOCK / Ap

Joan Collins

Dynastiet-skodelspelaren har fleire gonger publisert sitt standpunkt om EU-medlemskapet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Sol Campbell

Britisk fotball kjem til å bli mykje betre utan EU, skal ein tru den tidlegare kapteinen for det engelske fotballaget Sol Campbell. Han argumenterer for at ein utmelding frå EU betyr at Premier League i større grad må dyrke britiske talent. Ifølgje Mail Online skal han ha sagt at dersom Storbritannia vil ha fleire britiske fotballstjerner, må Storbritannia «ta tilbake kontrollen».

Sol Campbell

MOT: Tidlegare England-kaptein Sol Campbell trur fotballen blir betre utanfor EU.

Foto: Phil Noble / Reuters

Andre ut-kjendisar: The Italian Job-skodespelar Sir Michael Caine, Downton Abbey-skaparen Julian Fellowes, Julian Assange, Donald Trump, Elaine Paige, David James.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)