Hopp til innhold

Baron von Bulldog: – Det mest elleville eg har vore med på

Designar Kjell Nordstrøm har i all hemmelegheit laga maskene i det nye laurdagsprogrammet Maskorama. Det har ikkje alltid vore enkelt.

Designar Kjell Nordstrøm ordnar dei siste detaljane på den eine maska til programmet Maskorama.

ELLEVILLE KOSTYME: Kjell Nordstrøm gjer siste finpuss på fugleskremselet før premieren på Maskorama i kveld.

Foto: Jan Egil Ådland / NRK

– Det er absolutt det mest galne eg har gjort i mine 40 år som designar.

Det siste halvanna året har Kjell Nordstrøm, tidlegare kjent som «Baron von Bulldog», teikna og laga ferdig maskene i det nye underhaldningsprogrammet Maskorama på NRK.

Her skal åtte norske kjendisar kle seg i dei spektakulære maskene til Nordstrøm og framføre eit musikalsk nummer på scenen.

Vi blir kjente med ein urban elg, ein tøff einhyrning, ei søt gaupe, ein snill viking, eit mjukt troll, ein mystisk ramn, ein sexy rosa puddel og eit snilt fugleskremsel.

Ingen veit kven som skjuler seg bak maskene.

Det blir derfor oppgåva til publikum, saman med detektivpanelet, å gjette kven som er personane bak maskene.

To menn og to kvinner på en kai. I bakgrunn noen ubestemmelige masker.

GJETTELEIK: Programleiar Silje Nordnes saman med Jan Thomas, Marion Ravn og Nicolay Ramm. Dei tre sistnemnde skal sitje i detektivpanelet.

Foto: Fredrik Arff / Fremantle/NRK

– Det spesielle her er at vi må helde alt så hemmeleg. Det er verkeleg «need-to-know basis», som om vi er i CIA, sa programleiar Silje Nordnes til NRK tidlegare i haust.

Har halde på hemmelegheita i over eit år

Også Nordstrøm har måtta halde jobben sin skjult for venar og familie, og det har til tider vore utfordrande.

– Eg har klart å halde på hemmelegheita ved hjelp av to ting.

– Eg har ikkje gått på fylla med vener. Og eg har ikkje snakka jobb, verken med venar eller på sosiale medium.

Det seier ein lattermild Kjell Nordstørm, før han legger til at Instagram-kontoen hans no er stappfull av blomar og hunden hans.

Kjell Nordstrøm på systa der han har sydd alle maskene til programmet Maskorama

LANG FARTSTID: Nordstrøm tar ein pust i bakken på systua der han har laga dei åtte kostymane til det elleville programmet Maskorama.

Foto: Ole-Jacob Steen Hansen

Personlege trekk, hint og avleiingar

I den kreative prosessen har Nordstrøm henta inspirasjon frå Norden i form av nordisk mytologi og eventyr, men også ting som skjer i nåtida.

Han har også lagt vekt på personlegdomen til personen som er inne i kostymet.

– Det er «quirky» detaljar og eit uttrykk som passar personen. Det har vi gjort i samarbeid med deltakarane for at det skal vere eit DNA.

Derfor har han også støypt eigne augo slik at blikket har blitt tilpassa kvar enkelt karakter.

Han kan også fortelje om at kvart kostyme har hint og avleiingar.

– Vi har leika oss med størrelsar og kroppar, fortel han.

Designar Kjell Nordstrøm med ei av maskene til programmet Maskorama

«OLD SCHOOL»: – Eg er «Old School». Eg ville ikkje at det skulle vere «plastic fantastic», men eit handverk.

Foto: Ole-Jacob Steen Hansen / NRK/Fremantle

– Aldri gjort noko liknande

Nordstrøm har lang fartstid innan mote, og har blant anna jobba frilans for dei store motehusa Jean Paul Gaultier og Comme des Garcons.

Likevel fortel han at han aldri gjort har gjort noko så spesielt som Maskoroma.

– Eg har aldri gjort noko liknande før. Det har vore det mest morosame, mest elleville eg nokon gong har vore med på, seier han.

Han legg ikkje skjul på at det har vore ein krevjande prosess å få både det visuelle preget og dei tekniske elementa til å klaffe saman.

– Men det har vore veldig spennande. Og eg vil snakke fram heile teamet som har gjort ein heilt strålande jobb, avsluttar han.

Du kan sjå Maskorama og bli med på gjetteleiken i kveld på NRK 1 kl. 19.50.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.