Tida er moden, ved 700-års minnet for Audun Hugleikssons død i 1302, til å føre riddar og baron Audun, riket sin fremste stormann, kong Eirik Magnusson sin frende og høgste sendemann, attende til fødestaden Ålhus i Jølster. I eit nyskapt sogeteater, la oss her kalle det "Audunarspelet", skal dramaet om Audun Hugleiksson falde seg ut nokre steinkast frå restane av Audun si borg. Den 1. august blir teppet drege til side for ei scenisk framstilling av ei av Noregssoga sine mest dramatiske og uløyste gåter. I soga om Audun Hugleiksson har både Jølster og Noreg eit historisk materiale som kallar på stor dramatisering. Ei utandørs framføring på heimstaden Ålhus gjev rom for at dramaet kan få dei dimensjonar stoffet krev. Her vil vi bli tekne attende til andre halvdel av 1200-talet, då kongane som rådde landet var Håkon Håkonsson, Magnus Lagabøte, og sønene hans, Eirik og Håkon, alle av Sverre-ætta.
Minnesmerke til Audun Hugleiksson
Men kven var så denne Audun Hugleiksson, Herre til Hegranes, med det merkelege tilnamnet Hestakorn? Og har Audun rett til ein slik heider, ein fallen stormann og baron, som vart hengd som ein niding og landssvikar på Nordnes i Bergen i året 1302? Naturleg nok har meiningane vore delte, og spekulasjonar, segner, viser og litterære tilnærmingar har vore mange gjennom hundreåra etter Auduns ærelause død. Hans liv og lagnad er myteomspunnen som få andre i Noregssoga. Likevel er soga om Audun Hugleiksson i dag lite kjend blant folk flest. Med sogeteateret på Ålhus vil dette bli endra. Og i nyare tid har historias dom svinga sterkt over til Auduns fordel. Meir og meir blir det forstått at han ikkje berre har rett til å bli frikjend for dei verste skuldingane, men og til å innta ein heidersplass mellom dei gjævaste menn i Noregshistoria.
Her er det på sin plass å peike på at utan den interesse som lokale historikarar har vist, ved sogelag og enkeltpersonar, hadde kanskje det tidlegare negative biletet av Audun fått leve vidare, først og fremst basert på manglande kunnskap. Den første som for alvor tok opp tanken om å rette opp biletet av Audun Hugleiksson, var Johannes D. Sandal som i 1901 gav ut ei lita bok: "Glimt frå Jølsters fortid", der Audun fekk brei plass. Sandal sette på eige initiativ opp ein bauta på Ålhus med den enkle innskrifta: "Her stod Auduns borg". Like etter fremja Ola Sandnes tanken om eit større minnesmerke. I 1934 gjorde Arne Egge utgravingar som til ein viss grad klarla omfanget av borga. I 1952 kom det så eit sterkt innlegg gjennom eit skrift av høgsterettsadvokat Gustav Heber, som på grunnlag av juridisk og historisk analyse i fullt alvor kravde at riksadvokaten skulle frikjenne Audun frå historieskrivarane sin dom. I 1960 vart så eit større minnesmerke med Audun sitt eige, vakre riddarsegl som motiv reist på Ålhus av Sunnfjord Sogelag, etter initiativ av Nils Husetuft. Med dette, og med dr philos Arne Odd Johnsen sin avdukingstale, kan ein seie at mykje av det gamle, negative biletet av Audun som landssvikar vart gravlagt.
Vi kan i dag slå fast at provet for at Audun skulle ha gjort seg skuldig i misgjerningar som kunne rettferdiggjere dødsdommen, er heilt utan historisk dokumentasjon. Sikkert er det derimot at han var ein av riket sine aller fremste menn dei siste 30 åra av 1200-talet. Han er først nemnd under Magnus Lagabøte i 1273, som stallare, det vil seie kongen sin fremste embetsmann i hirden, ein ærefull posisjon han dermed hadde nådd alt som ung mann. Denne stillingen stilte krav til Audun både som leiar og administrator, og førde sjølvsagt med seg høg status. Alt her finn ein grunnlag for å tilskrive Audun gode personlege eigenskapar og kunnskapar som etter kvart skulle føre han heilt til topps.
Og alt same året, altså i 1273, vart han i ei samtidig bispesoge omtala som riket sin fremste verdslege lovkunnige, "hinn vitraste mann til landslaga," som det står. Audun må dermed ha vore ein nøkkelperson i det omfattande lovarbeidet under kong Magnus Håkonsson på 1270-talet, det arbeidet som førde fram til Landsloven. Det var denne loven som kom til å gje kong Magnus det ærefulle tilnamnet Lagabøte, det vil seie den som bøtte eller betra Landsloven. Om Audun si viktige rolle i dette arbeidet rår det full semje mellom historikarane. Kong Magnus Håkonsson Lagabøte var ein uvanleg samvitsfull monark, som kjende riksstyringa som ei tung bør. Lovreformen skulle sikkert gjere det lettare å styre rett.
Jølsters kommunevåpen er inspirert av Auduns våpenskjold
Audun hadde altså ei særs viktig rolle i denne reformen. Det er her spesielt interessant å merke seg ånda i den nye loven. For å sitere rektor Ola Sandnes: Loven "…bar bod om eit mildare og meir menneskeleg syn, om høgare vurdering av menneskeverd, større vyrdnad for kvinna, og betre omsut for dei fatige, veike og sjuke. Ogso forbrytarane vart betre medfarne enn fyrr". Sitat slutt. Som faghistorikaren Arne Odd Johnsen peika på ved avdukinga av minnesmerket over Audun Hugleiksson, lyser det ei human ånd ut av dette lovverket, ei ånd som er i slekt med den sosiale innstilling i vår tid. Eg siterer: "Vi skulle derfor ha særlige forutsetninger for å forstå at Audun ved sin innsats for dette lovgivningsarbeidet har gjort seg fortjent til et ærefullt minne i norsk historie. Og ennå var dette bare en del av hans livsverk." Sitat slutt. Med Landsloven hadde Noreg teke eit langt steg forbi dei fleste nasjonar på den tid når det gjeldt lov og rett. Det var i sanning eit storverk som var gjort.
Der er etter dette ein utvetydig samanheng mellom fullføringa av Landsloven med Audun sin innsiktsfulle hjelp, og det faktum at kong Magnus i 1277, som takk for hjelpa, gav han tittel som lendmann, eller baron som det nå kom til å heite etter utanlandsk skikk. Audun gjorde på si side seinare gjengjeld ved å løyse ut garden Bjerke i Follo frå St Hallvards kyrkje i Oslo, og gje den attende til kongedømet i 1279. Denne garden hadde ei spesiell tilknyting til både kongeætta og til Audun si morsætt, og denne handlinga illustrerer det nære tilhøvet det var mellom Audun og kongsætta.
Hør hele foredraget torsdag 21.mars kl. 13.03 og 21.30, eller lørdag 23. mars kl 7.03!
Kristian Fossheim
f. 1935 i Jølster. Fossheim er professor i fysikk ved Norges Teknisk-
Naturvitenskapelige Universitet sidan 1980. Han er spesielt kjent som forsker innen studier av superledere, materialer som leder strøm utan motstand. Utg. 150 vitenskapelige artikler i internasjonale tidsskrifter og bøker. En rekke forskningsopphold i USA, Europa og Japan. Men her opptrer han som lokalhistoriker og en av initiativtakerne til "Audunarspelet" i august 2002 på Ålhus i Jølster.