J. M. Coetzee, Omsett til norsk av Aud Greiff
Barndom
Cappelen 2002
Omsett av Aud Greiff
Alle bøker om barndom handlar om fornedring, om å vere prisgitt vaksne folk ein ikkje har valt ut sjøl, og det handlar om å kjenne seg fullstendig aleine der ein lurer på korleis i all verda ein skal kome heilskinna gjennom dette livet som "alle dei andre" ser ut til å ha vesentleg større oversikt over.
I alle fall handlar nesten alle bøker om barndom om dette, og romanen "Barndom"er ikkje noko unntak. Opplegget er altså velkjent og velbrukt. Likevel er Coetzees roman unik, av fleire grunnar.
Sjølvbiografisk
Første grunnen kan verke banal: Hovudpersonen heiter det same som forfattaren, og dermed er nok historia bygd på Coetzees eigen barndom. Mindre banalt blir det når denne barndommen handlar om å vekse opp i spenningsfeltet mellom afrikaans- og engelskspråklege kvite på den eine sida, og farga og svarte på den andre, i sørafrika under apartheid.
Når du i tillegg har eit namn som avslører boerslekt, og av all kraft prøver å framstå som engelsk, og du liker best å leike med svarte, ja, då har du eit identitetsproblem som er alt anna enn banalt.
Frekt og smidig
John Mortimer Coetzee. Foto: Cappelen
Den andre grunnen til at "Barndom" er ein unik roman, er at Coetzee er ein stor, verkeleg stor forfattar som frekt og smidig koplar saman den store historia om apartheid og den vesle historia om ein gut som veks opp og strevar med seg sjøl og med livet.
Men apartheid er ikkje tema for boka og det finst ingen heltar her som kjempar mot systemet, det er på alle måtar gitt. Den unge hovudpersonen John er slett ingen helt, der han jobbar med å finne sin plass i systemet, helst på øvste hylle som velståande og engelsk. Han kan godt leike med svarte, men ikkje med afrikaansgutar, for dei er gruppa rett under han sjøl, og angsten er å falle ned på deira nivå.
Men nettopp fordi systemet er så sjølsagt, og fordi romanfigurane tek det for gitt, så blir det nesten alminneleg. Dette er eit triks Coetzee bruker i fleire av bøkene sine, det er ikkje alltid vi får vite om hovudpersonen er svart eller kvit, eingong.
Denne nyaste romanen, om ein sær liten gut i eit land med eit avskyvekkande regime, blir plutseleg ei historie om ubehageleg velkjente konfliktar, og du kan risikere å møte deg sjøl i ei dør du ikkje ante at du hadde vore innom. Det er skummelt godt gjort.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2
april 2002